Skriftlig spørsmål fra Marit Knutsdatter Strand (Sp) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:1902 (2020-2021)
Innlevert: 12.04.2021
Sendt: 13.04.2021
Besvart: 20.04.2021 av landbruks- og matminister Olaug Vervik Bollestad

Marit Knutsdatter Strand (Sp)

Spørsmål

Marit Knutsdatter Strand (Sp): Kjøt er ein viktig det av kosthaldet vårt, og produksjon i Noreg har låg bruk av antibiotika kombinert med høgt fokus på dyrevelferd. Importert kjøt har nyleg hatt med seg salmonella, blant andre omtalt av FHI og NRK 11. mars.
Kor stor er råvaremangelen innanfor kjøttproduksjon i Norge no, kva gjer regjeringa for å auke den norske sjølvforsyninga på kort og lang sikt, samt for å sikre auka omsetning for norske råvarer som kjøt, blant anna ved meir synleg merking av maten?

Begrunnelse

Den siste tida har det vore avdekt fleire tilfelle av salmonella i importert kjøtt, som i seg sjølv er alvorleg. Merking av importert kjøt i butikkane slik at forbrukarane er klar over at dei vel å kjøpe importert kjøt, er viktig. Antibiotikaresistente bakteriar kan og stamme frå importert kjøt og medføre auka risiko. Når vi veit at den norske kjøtproduksjonen er på verdstoppen i lite bruk av antibiotika, bør ein ha større fokus på å sikre norsk kjøtproduksjon.
Koronapandemien har vist kor viktig det er at Noreg som land arbeider for å få ei høgare sjølvforsyning enn det som er tilfelle i dag. I kjøledisken finn ein no kjøtvarer som er merka med fylgjande tekst:

«Importerte råvarer benyttes ved råvaremangel i Norge».

Noreg har alle forutsetningar for å kunne produsere meir kjøt på eigne ressursar med våre kvalitetskrav og driftsformar. Vi har store beiteressursar i tillegg til grasareal som i utgangspunktet gjer det mogleg å gjera oss sjølvforsynte på kjøt. Dei stengde grensene på grunn av pandemien har gjort det meir synleg at Noreg er sårbare med tanke på produksjon av eigen mat og at det har vore ein større del importert kjøt enn det den enkelte forbrukar har vore klar over.

Olaug Vervik Bollestad (KrF)

Svar

Olaug Vervik Bollestad:

Svaret i pdf-format