Skriftlig spørsmål fra Marit Knutsdatter Strand (Sp) til kunnskaps- og integreringsministeren

Dokument nr. 15:1816 (2020-2021)
Innlevert: 28.03.2021
Sendt: 06.04.2021
Besvart: 13.04.2021 av kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby

Marit Knutsdatter Strand (Sp)

Spørsmål

Marit Knutsdatter Strand (Sp): Senterpartiet er uroa for at det vert vanskelegare å vere nynorskelev når ikkje sentrale programvare, som til dømes tekstbehandlingsprogram, er tilgjengelege på nynorsk.
Kva vurderingar gjer statsråden rundt å gjere endringar i opplæringslova, og forskriftene til denne, for å sikre at nynorskelevane får like godt digitalt undervisingstilbod som bokmålselevane?

Begrunnelse

Viser til oppslag hjå NRK den 2. februar der 108 ordførarar krev at Google tek ansvar og tilbyd betre nynorsk rettskrivingsprogram og nynorskutgåver av dei viktigaste læringsverktøya. Google svarer at dei skal sjå på språkpakkar, men at det ikkje er aktuelt med omsetjing av tilbodet i G Suite for utdanning, dette inkluderer tekstbehandlingsprogram og regneark. Det svekkjer høve til å vere trygg på – og god i – eige språk. Det er i dag ikkje heimel i opplæringslova til å krevje at skuleeigar har digital programvare tilgjengeleg på hovudmålet til elevane.
Opplæringslova er under revidering. Stortinget vedtok nyleg ny språklov. Språktilhøve til elevane må henge i hop, og ser fram til å høyre kva statsråden tenkjer om nynorskbrukarane sine rettar i samband med ny opplæringslov

Guri Melby (V)

Svar

Guri Melby: Dagens opplæringslov med forskrifter stiller krav til at ein berre kan nytte lærebøker og andre læremiddel som er tilgjengeleg på bokmål og nynorsk til same tid og same pris. Dette er ei viktig språkpolitisk føresegn. I Granavolden-plattforma har regjeringa derfor sagt at vi vil «sikre retten til læremiddel på begge målformer». Samstundes veit vi at det er utfordringar i dag for elevar som nyttar nynorsk som hovudmål, særleg når det gjeld tilgang til digitale ressursar og programvare på nynorsk.

I NOU 2019: 23 Ny opplæringslov har opplæringslovutvalet gjort framlegg om å vidareføre kravet til parallelle utgåver av læremiddel på bokmål og nynorsk. Fleire av dei som har svart på høyringa av forslaget frå utvalet, er opptekne av at elevar med nynorsk som hovudmål møter for lite nynorsk i opplæringa og at digitaliseringa har påverka dette negativt. Det heng mellom anna saman med at lærarar bruker fleire ulike ressursar no enn tidlegare, og at fleire av desse er utvikla i utlandet. Nokon peiker på at programvare eller andre verktøy, som til dømes kontorstøtteverktøy og retteprogram, ikkje støtter nynorsk eller har for dårleg kvalitet på nynorsken.

Det er ikkje vanskeleg å vere samd i intensjonen bak eit forslag om at kravet om parallelle utgåver på bokmål og nynorsk også må gjelde digitale verktøy som kontorstøtteprogram, operativsystem og liknande som vert nytta i skolen. Samtidig kan eit slikt absolutt krav til kontorstøtteprogram i skolen være utfordrande i praksis. Utvalet peiker mellom anna på at eit slikt krav kunne føre med seg en del praktiske utfordringar der kommunen eller fylkeskommunen ønskjer å bruke mest mogleg like kontorstøtteprogram i hele verksemda.

Framlegget frå utvalet og alle innspela som har kome inn i høyringa, blir nå vurdert i departementet. Eit forslag til ny opplæringslov skal så på ny høyring, før regjeringa legg fram forslag til den nye lova for Stortinget.