Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:1439 (2020-2021)
Innlevert: 26.02.2021
Sendt: 26.02.2021
Besvart: 05.03.2021 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kor mykje klimagassutslepp har Noreg frå fritidsbåtar, fyller desse båtane framleis avgiftsfritt fossilt drivstoff og kva tiltak og pålegg har regjeringa lagt på eigarar av fritidsbåtar for å kutte klimagassutslepp frå denne gruppa båtar?

Begrunnelse

Det er stort fokus på å få utsleppsfrie ferjer, hurtigbåtar og andre nyttefarty langs kysten for å redusere klimagassutslepp. Seinast ved vedtaket om å forby cruisebåtar med fossilt drivstoff i verdsarvfjordane frå 2026, sjølv om Sjøfartsdirektoratet meiner det er uråd å innfri.
I dette biletet er det interessant å vite kor mykje klimagassutslepp flåten av fritidsbåtar gir og kva fristar desse har til å kutte ut fossilt drivstoff.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Grøn skipsfart er eit prioritert område for regjeringa. I handlingsplanen for grøn skipsfart frå juni 2019, blei det gjort ei enkeltvis vurdering av dei ulike kategoriane av fartøy. Handlingsplanen syner eit utslepp på 530 000 tonn CO2 frå fritidsbåtar i 2017. For fritidsbåtar er dei eksisterande verkemidlane CO2-avgift og vegbruksavgift ved kjøp av bensin, og CO2-avgift og grunnavgift ved kjøp av avgiftsfri diesel. Her vil auka i CO2-avgifta som regjeringa har varsla i Klimaplanen også gjera seg gjeldande. Basert på tall frå Båtlivsundersøkelsen 2018 kan ein grovt anslå at om lag 66 % av båtane hadde bensinmotor, om lag 18 % gjekk med segl eller elektrisitet og om lag 16 % gjekk på diesel.
I Klimakur 2030 blei det gjort ei vurdering av utsleppsreduksjonspotensialet og tiltakskostnaden av elektrifisering av fritidsbåtar. Dei anslår eit utsleppsreduksjonspotensial på 31 000 tonn CO2-ekvivalentar i perioden 2021-2030 og ei tiltakskost på meir enn 1 500 kr/tonn CO2-ekvivalent, men synar at anslaget er usikkert grunna manglande data og antar også at utvikling i teknologi vil føre til lågare kostnader når vi nærmar oss 2030.
Av handlingsplanen for grøn skipsfart følgjer det at regjeringa vil kartlegge utslepp og reduksjonspotensial for fritidsbåtar og vurdere verkemidlar for å stimulere til null- og lågutsleppsløysingar. Per i dag inkluderast utsleppa frå fritidsbåtar i SSBs statistikk over utslepp frå "maskinar og ikkje-veggåande transport". Miljødirektoratet har i 2021 fått i oppdrag å vurdere korleis kunnskap om utslepp frå fritidsbåtar kan styrkast, samt å vurdere nye verkemiddel for å stimulere til null- og lågutsleppsløysingar i denne fartøyskategorien i samarbeid med andre relevante etatar.
Regjeringa vil vurdere vidare steg for eventuelle verkemiddel for fritidsfartøy med utgangspunkt i dette.