Skriftlig spørsmål fra Lars Haltbrekken (SV) til statsministeren

Dokument nr. 15:921 (2020-2021)
Innlevert: 12.01.2021
Sendt: 13.01.2021
Rette vedkommende: Klima- og miljøministeren
Besvart: 20.01.2021 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Lars Haltbrekken (SV)

Spørsmål

Lars Haltbrekken (SV): 11. januar deltok statsministeren på naturtoppmøtet hvor behovet for 30 % vern av planeten ble diskutert. Frankrikes president Emmanuel Macron opplyste da at mer enn 50 land hadde støttet dette, for å hindre utryddelsen av arter og demme opp for klimaendringene.. Norge var ikke blant disse landene. 12. januar opplyser statsministerens kontor til NTB at regjeringen skal vurdere om vi skal støtte et globalt mål om 30 prosent vern og beskyttelse av hav og land.
Hva er grunnen til at Norge ikke har støttet et så sentralt krav alt?

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Eg vil peike på at Noreg gjennom Høgnivåpanelet for ein berekraftig havøkonomi(Havpanelet), leia av statsminister Erna Solberg, støttar eit globalt mål om å verne og beskytte 30 % av verdas hav innan 2030.
Regjeringa oppretta i 2020 ni nye marine verneområde med unike naturverdiar som det er viktig å ta vare på for framtida. Med dette auka talet på marine verneområde i Noreg frå seks til 15.
Denne regjeringa har verna tre nye nasjonalparkar (Lofotodden (2018), Raet (2016) og Jomfruland (2016)) og utvida Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark (2018). Vi har verna 610 skogområde sidan hausten 2013, fleire våtmarksområde i Tyrifjorden (2018). Det er framleis behov for nytt vern for å ta vare på trua natur. Vi skal verne meir av den aller viktigaste naturen vi har, og 10 prosent av skogen. Regjeringa prioriterer skogvern og har løyvd 3,3 milliardar kroner til skogvern over 8 år. Til samanlikning løyvde førre regjering om lag 1,3 milliardar kroner til skogvern på 8 år.
Noreg er ein svært stor bidragsytar til biologisk mangfald internasjonalt. Gjennom klima- og skogsatsinga er vi leiande i å bevare og restaurere tropisk skog – særskilt regnskog – som inneheld hovuddelen av det biologiske mangfaldet på landjorda. Land som Colombia, Gabon, Indonesia og Peru samarbeider tett med Noreg om å verne sine skogar og det biologiske mangfaldet dei inneheld. Vi støttar urfolks rettar og evne til å bevare eigne landområde, som har gjennomgåande høgt biologisk mangfald. Vi brukar store ressursar på å kjempe mot internasjonal skogkriminalitet, og vi samarbeider tett med internasjonalt næringsliv og finans for å sikre ein råvareproduksjon fri for avskoging.
Eg er for høge ambisjonar og eit sterkt resultat i forhandlingane om eit nytt globalt rammeverk for naturmangfald. Samstundes er vi opptekne av at måla blir nådd. Vi har for tiden spørsmålet om 30 pst. vern og bevaring innan 2030 til vurdering, og vil utarbeide norske posisjonar i god tid før toppmøtet til hausten.