Skriftlig spørsmål fra Lars Haltbrekken (SV) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:900 (2020-2021)
Innlevert: 08.01.2021
Sendt: 11.01.2021
Besvart: 18.01.2021 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Lars Haltbrekken (SV)

Spørsmål

Lars Haltbrekken (SV): Hva vil Norges totale utslipp av klimagasser anslagsvis være i 2030 dersom man følger de foreslåtte tiltakene i den nylig framlagte Klimaplanen for 2021-2030?

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Regjeringas klimaplan viser korleis vi skal nå det norske klimamålet under Parisavtalen. Vi har lagt vekt på dei ikkje-kvotepliktige utsleppa, der vi har ei EU-forplikting om å redusere med 40 prosent samanlikna med 2005 og eit politisk mål om 45 prosent. Med dei konkrete verkemidla i planen som er mogeleg å effektberekne og med 2005-talet budsjettet tar utgangspunkt i, vurderer vi at vi vil nå desse måla, både som utsleppsbudsjett over tiårsperioden og som punktmål i 2030.
Gjennom vår forplikting under EU-avtalen har vi fått eit utsleppsbudsjett for dei ikkje-kvotepliktige utsleppa for perioden. Det seier kor mykje vi kan sleppe ut kvart år dei neste ti åra, og det seier kor mykje vi kan sleppe ut totalt i perioden. Det foreløpige utsleppsbudsjettet tilseier at vi kan sleppe ut 210 millionar tonn CO2-ekvivalentar samla i perioden for å innfri forpliktinga for dei ikkje-kvotepliktige utsleppa. Vi reknar òg det nasjonale målet om til utsleppsbudsjett. Da er det samla karbonbudsjettet på 202 millionar tonn CO2-ekvivalentar.
Viss utsleppa held seg på 2019-nivå dei neste ti åra, ville utsleppa vore 246 millionar tonn CO2-ekvivalentar. Med dagens politikk tilseier framskrivinga at utsleppa gjennom perioden vil vere på 218 millionar tonn CO2-ekvivalentar. Ved å gjennomføre regjeringas klimaplan, vil dei vere på 198 millionar tonn CO2-ekvivalentar.
Med andre ord vil planen overoppfylle både EU-forpliktinga og det nasjonale målet.
I 2030 vil dei ikkje-kvotepliktige utsleppa med verkemidla som ligg i planen til regjeringa vere på 15,4 millionar tonn CO2-ekvivalentar. Samanlikna med referanseåret 2005 slik det er gitt frå EU, tilseier det ein reduksjon på 45,8 prosent.
Eg vil understreke at det ikkje er all politikk som er mogeleg å effektberekne. Vi har eit tal på kor mykje auken i CO2-avgifta vil redusere utsleppa, kor mykje vi vil kutte ved nye klimakrav i offentlege innkjøp, kor mykje endra omsettingskrav for biodrivstoff vil kutte og kor mykje vi kan kutte saman med jordbruket gjennom perioden. Men til dømes effekten av ny avtale med Enova, ny NTP og andre verkemiddel kjem i tillegg.
Kva dei samla utsleppa på norsk territorium vil bli når ein tek med kvotepliktige utslepp, veit vi ikkje i dag. Det vil avhenge av utviklinga i kvotemarknaden, der vi reknar med ei innstramming i talet på kvoter og ein auke i kvoteprisen etter at EU forsterka klimamålet til 55 prosent, i tråd med det regjeringa har arbeidd for. Regjeringa har forsterka politikken for dei kvotepliktige utsleppa, som spissing av Enova og ein varsla karbonpris på 2000 kroner per tonn CO2-ekvivalent for petroleum og luftfart. Det vil redusere utsleppa utover framskrivingane. Regjeringa arbeider mot målet om å halvere utsleppa frå norsk petroleumsproduksjon og å ta i bruk ny nullutsleppsteknologi i fastlandsindustrien.
Eg registrerer at SV i sitt alternative statsbudsjett verken skil mellom kvotepliktig sektor og ikkje-kvotepliktig sektor eller nyttar utsleppsbudsjett som reknemetode. Det meiner eg er uklokt. Regjeringas nye utsleppsbudsjett for ikkje-kvotepliktig sektor gjer at klimamål ikkje berre er eit tal vi skal nå langt fram i tid, men noko vi skal innfri år for år og som tel samla utslepp. Det gjer det tydelegare at vi må kutte tidleg, ikkje skyve på problemstillinga fram til 2030.
Klimaplanen til regjeringa er eit historisk taktskifte i norsk klimapolitikk. Kombinasjonen av tiltak i ikkje-kvotepliktig sektor og deltakinga i det europeiske kvotesystemet vil gjere at Noreg når målet under Parisavtalen om å redusere utsleppa med 50-55 prosent innan 2030.