Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til næringsministeren

Dokument nr. 15:841 (2020-2021)
Innlevert: 04.01.2021
Sendt: 05.01.2021
Besvart: 12.01.2021 av næringsminister Iselin Nybø

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Korleis vil statsråden forsikre seg om at daglegvarekjedene syter for at bortfallet av sjokoladeavgifta og reduksjonen i avgifta på alkoholfrie drikkevarer faktisk kjem forbrukarane til gode?

Iselin Nybø (V)

Svar

Iselin Nybø: Bortfallet av sjokoladeavgifta og reduksjonen i avgifta på alkoholfrie drikkevarer inneberer ein kostnadsreduksjon for marknadsaktørane. Korleis ein kostnadsreduksjon kjem til uttrykk i forbrukarprisar er avhengig av fleire forhold, til dømes korleis prisfastsettelsen på dei ulike ledda i verdikjeda skjer og graden av konkurranse mellom aktørane. Konkurranse mellom marknadsaktørar om kundane gjer at dei blir meir effektive og innovative. Dette kjem forbrukarane til gode gjennom lågare priser og betre vareutval.
Representanten ønskje svar på korleis ein kan forsikre at bortfallet av sjokoladeavgifta og reduksjonen i avgifta på alkoholfrie drikkevarer faktisk kjem forbrukarane til gode. Det er marknadsaktørane sjølv som setter prisane på produkta sine. Det er produsentane og importørane som blir pålagt avgifta, og får avgiftskuttet direkte. Konkurransen mellom produsentane om ein plass i daglegvarehylla har betyding for i kva grad reduksjonen i avgiftene kjem til uttrykk i daglegvarekjedene sine innkjøpsprisar. Deretter spel konkurransen mellom daglegvarekjedene ein rolle for korleis dette blir vidareført til forbrukarane. Det er difor viktig å ha effektiv konkurranse i heile verdikjeda for daglegvarer.
Myndigheitene kan bidra til at avgiftskutt kjem forbrukarane til gode gjennom tiltak som fremjar sunn konkurranse i verdikjeda for daglegvarer. Konkurransen i daglegvaremarknaden har lenge vore eit prioritert område for regjeringa, og Konkurransetilsynet har dei siste åra fått tildelt midlar til ein særleg satsing i denne marknaden. Dagelgvaresatsinga i Konkurransetilsynet innebere mellom anna at tilsynet kan drive auka marknadsovervaking og vurdere fleire tiltak som kan bidra til meir konkurranse i verdikjeda for daglegvarer. Regjeringa la 19. juni 2020 frem Meld. St. 27 (2019-2020) Daglegvare og konkurranse – kampen om kundane, og meldinga er no til behandling i Stortinget. Eit av tiltaka i meldinga er at Konkurransetilsynet sitt auka fokus på daglegvaremarknaden blir permanent. I tillegg foreslår regjeringa ein rekkje andre tiltak som skal bidra til å styrkje konkurransen og påverke dynamikken i bransjen på ein positiv måte. Blant anna blir det foreslått tiltak som skal gjere det lettare for aktørar å etablere seg i marknaden, ved å lette tilgangen på butikklokale og grossisttenester.
Utfordringane i verdikjeda for daglegvarer er samansett, og det er ikkje eit enkelt tiltak som vil løyse alle utfordringane. Regjeringa har difor også iverksett andre tiltak. 1. januar 2021 blei lova om god handelskikk sett i kraft, og Daglegvaretilsynet blei oppretta. Lova om god handelsskikk skal bidra til meir ryddige forhandlingar og meir føreseielege avtalar mellom aktørane.