Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til finansministeren

Dokument nr. 15:761 (2020-2021)
Innlevert: 14.12.2020
Sendt: 15.12.2020
Rette vedkommende: Kommunal- og moderniseringsministeren
Besvart: 18.12.2020 av kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup

Fredric Holen Bjørdal (A)

Spørsmål

Fredric Holen Bjørdal (A): Kva er grunnen til at Bø kommune i Vesterålen har fått spesialbehandling, og kvifor vil ikkje andre kommunar som set ned formuesskattesatsen få den same behandlinga?

Begrunnelse

Bø i Vesterålen har redusert den kommunale satsen i formuesskatten, og tek på den måten risiko med kommunen sin økonomi. Kommunalt sjølvstyre tilseier at kommunane må bere risikoen sjølv.

Nikolai Astrup (H)

Svar

Nikolai Astrup: Ein betydeleg del av inntektene til kommunane er skatteinntekter. Sidan det er store forskjellar i skatteinntektene mellom kommunane, har vi eit system som jamnar ut desse forskjellane gjennom ei omfordeling (skatteutjamning). Ein lågare skattesats får både konsekvensar for skatteinntektene til Bø kommune, og dermed òg for skatteutjamninga og korleis fordelinga av skatteinntekter blir fordelt mellom alle andre kommunar.
I Kommuneproposisjonen 2021 varsla regjeringa at Bø kommune og andre kommunar som frivillig set ned skattesatsane, vil bli behandla i skatteutjamninga som om dei hadde maksimal sats, slik at kommunen sjølv må dekka tap som kjem av lågare sats.
Systemet for skatteutjamning har lege fast i lang tid, og det er ingen kommunar som har gjort noko liknande på fleire tiår. Ikkje alle effektar har vore enkle å gjennomskoda. For å gi kommunen føreseielege rammer i samband med behandlinga av budsjettet for neste år, har Kommunal- og moderniseringsdepartementet sendt ein e-post til ordføraren i Bø, der vi informerte om kva prinsipp som vil ligga til grunn for utrekninga av inntekter i 2021 og 2022. Vi meiner Bø kommune sjølv må dekka tapet som følgjer av redusert formuesskatt for innbyggarane som allereie var busette i Bø då kommunen vedtok å setja ned skattesatsen.
Når det gjeld beløpet kommunen taper ved flytting av formue til kommunen, har det vore vanskelegare for kommunen å berekna og sjå konsekvensane av dette. Vi vil derfor kompensere dette tapet gjennom tildeling av skjønnsmidlar frå departementet.
Sidan Bø kommune var først ute med å vedta redusert formuesskatt, og vanskeleg kunne sjå konsekvensane det ville få for kommunen, gjeld unntaket berre Bø kommune. For andre kommunar er moglege konsekvensar av å setja ned formuesskatten no kjent.
Regjeringa har òg sett ned eit utval som skal gå gjennom heile inntektssystemet. Utvalet skal mellom anna vurdera konsekvensane av at kommunar set ned skattesatsen på formuesskatt, og korleis dette skal handterast i inntektssystemet. Dei leverer utgreiinga si i 2022.
Ordninga for Bø kommune gjeld dermed berre for dei, og berre for 2021 og 2022. Når inntektssystemutvalet har levert utgreiinga si i 2022, må det gjerast ei ny vurdering for 2023.