Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til fiskeri- og sjømatministeren

Dokument nr. 15:746 (2020-2021)
Innlevert: 12.12.2020
Sendt: 14.12.2020
Besvart: 18.12.2020 av fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Kor mykje meir i kroner ville kvar av kommunane som har lakseoppdrett ha fått meir i 2020 og 2021 (samla) om ein la til grunn fordeling mellom stat og fylke etter den modellen for havbruksfondet som tidlegare var gjeldande (70-10-20) og dei siste anslaga for auksjonen i 2020?

Begrunnelse

For 2020 og 2021 har ein forlatt den fordelinga som låg til grunn for fordeling mellom kommune (80 %), fylkeskommune (10 %) og staten (20 %). I staden har ein gitt ei fast løyving for kvart av åra.
No viser det seg at inntektene frå auksjonen i 2020 vert om lag 2 milliardar kroner høgare enn det som låg til grunn då fordelinga for 2020 og 2021 vart fastsett.
Det er ynskjeleg å få ein oversikt over kva kvar av kommunane med oppdrett vil få i 2020 og 2021 med det vedtekne opplegget og kva dei ville fått om ein la til grunn den gamle ordninga.
Når det gjeld fordeling mellom kommunar innanfor havbruksfondet så kan den interne fordelinga i 2020 også leggast til grunn for tala i 2021. Det er ikkje naudsynt å splitte opp tala på kvar enkelt kommune i 2020 og 2021. Det er dei sala tala for 2020 og 2021 som er av interesse.

Odd Emil Ingebrigtsen (H)

Svar

Odd Emil Ingebrigtsen: Frå 2016 til 2019 har 80 pst. av inntekter frå sal av ny produksjonskapasitet til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure blitt fordelt til kommunar og fylkeskommunar med havbruksverksemd (heretter havbrukskommunane) gjennom Havbruksfondet. I handsaminga av Meld. St. 2 (2019-2020) vedtok Stortinget at inntektene til havbrukskommunane frå sal av ny produksjonskapasitet skal bli redusert til 40 pst., men at dei i tillegg skal få inntekter på om lag 500 mill. kroner årleg frå ei ny avgift på produksjon av laks, aure og regnbogeaure. For åra 2020 og 2021 vedtok Stortinget at havbrukskommunane skal få respektive 2,25 mrd. kroner og 1 mrd. kroner.
Samla utbetalingar til havbrukskommunane i 2020-2021 vil bli 3,25 mrd. kroner. I 2018-2019 vart det utbetalt om lag 3,21 mrd. kroner gjennom Havbruksfondet. Til samanlikning er summen av alle utbetalingar til havbrukskommunane frå sal av ny produksjonskapasitet i åra før 2018 om lag 600 mill. kroner.
I 2020 er det tildelt ein auke i produksjonskapasiteten til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure på 6 pst. i produksjonsområda der statusen på miljøet har vore vurdert god nok (grøne produksjonsområder). Det har i alt gitt inntekter til fellesskapet på om lag 6,9 mrd. kroner. Med gamal fordelingsnøkkel ville det ha gitt inntekter til havbrukskommunane på 5,5 mrd. kroner. På den andre sida vil havbrukskommunane frå og med 2022 i tillegg få om lag 500 mill. kr årleg frå den nye produksjonsavgifta.
Vedlagt svaret mitt er ei oversikt over inntektene til dei enskilde kommunane og fylkeskommunane under dei føresetnadane representanten har gjort. Eg rettar merksemd mot at inntektene i praksis vil fordele seg annleis enn dei gjer med føresetnadane til representanten Pollestad. Det er lokalitetsstrukturen per 1. september i utbetalingsåret som dannar grunnlaget for fordelinga dette året. Dermed vil lokalitetsstrukturen per 1. september 2021 òg påverke korleis fordelinga blir. Det er òg slik at ein vesentleg del av kommunane sine inntekter, tilsvarande 1/8 av alle midlane som blir fordelte via Havbruksfondet, i utgangspunktet blir fordelte basert på lokalitetsbiomasse klarert i kommunane dei siste to åra. Utbetalingsprofilen på denne potten vil truleg avvike vesentleg frå fordelingsnøkkelen som baserer seg på all klarert lokalitetsbiomasse. Det er ikkje mogleg å no slå fast korleis denne potten faktisk vil fordele seg, ettersom det avheng av lokalitetsstrukturen per 1. september 2021.

Vedlegg i excel-format