Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:263 (2020-2021)
Innlevert: 27.10.2020
Sendt: 28.10.2020
Besvart: 05.11.2020 av justis- og beredskapsminister Monica Mæland

Fredric Holen Bjørdal (A)

Spørsmål

Fredric Holen Bjørdal (A): Korleis skal regjeringa sikre at dei nye SAR Queen-helikoptera kan lande ved akuttmottaket i Volda?

Begrunnelse

Dei nye redningshelikoptera AW101 («SAR Queen») har gjennomført testar som syner at tyngd og lufttrykk ved landing gjer at landingsplassane ved fleire norske sjukehus må utbetrast. I eit notat om helikopterlandingsplassar ved landets sjukehus frå 2013 hamna sjukehuset i Volda i gruppe 1, sjukehus der prosjektet meinte det var høgast prioritet for å setje i verk tiltak.

Monica Mæland (H)

Svar

Monica Mæland: Dei nye redningshelikoptera er eit vesentleg løft for redningstenesta og kapasiteten for luftambulanse, og dei vil bidra til raskare og betre transport av pasientane under nærast vêrforhold av alle slag. Når arbeide med innfasing er gjennomførte, vil beredskapen bli vesentleg betra.
Dagens Sea King redningshelikopter landar ved dei fleste av akuttsjukehusa i landet, men det er berre eit mindre tal som har landingsplassar tilpassa redningshelikopter. I mange tilfelle blir nytta parkeringsplassar, idrettsbanar eller flyplassar i nærleiken. Dei få gongene dagens redningshelikopter landar i Volda, blir i all hovudsak Ørsta-Volda lufthamn, Hovden nytta. SAR Queen-helikoptra vil òg gjera det.
Dei nye redningshelikoptera har høgare vekt og gir meir rotorvind enn dagens Sea King-helikopter. Stortinget vedtok i sin behandling av Prop. 146 S (2010-2011) Anskaffelse av nye redningshelikoptre mv. i perioden 2013-2020, jf. Innst. 82 S (2011-2012), at Justis- og beredskapsdepartementet kan gjennomføra infrastrukturtiltak, inkludert tilpassing av landingsmoglegheitene ved sjukehus som blir nytta av dagens redningshelikopter. Det var altså den førre regjeringa som informerte Stortinget om behovet og som bad om støtte til å gjennomføra tiltaka. Saka er seinare følgd opp i andre dokument frå denne regjeringa.
Vurdering av behov og løysingar for landingsplassane er i gang. Målet er at dei nye helikoptera skal kunna landa ved dei sjukehusa som Sea King gjer i dag, eventuelt andre stader etter avtale med helseføretaka, i tråd med innfasingsplanen.