Lene Vågslid (A): Korleis meiner statsråden at dette eksempelet frå Årdal samsvarar med Stortingets klare vedtak om at alle gjeverande tenestader skal styrkast og kva vil statsråden foreta seg for å følje opp Stortingets vilje?
Begrunnelse
I samband med nærpolitireformen 2016 vart det bestemt at politikontoret i Årdal i Sogn og fjordane skulle leggast ned og oppgåver og personell skulle flyttast til Lærdal. Dette vedtaket vart klaga på og direktoratet gav kommunen medhald og endra vedtaket om nedlegging.
Grunngjevinga frå direktoratet for å vidareføre Årdal lensmannskontor var etter ei heilskapsvurdering der det i vurderinga vart vektlagt at «saksmengde, oppdragsmengde, kriminalitetsutfordringar og busetjingsmønster i Årdal og avstander i Indre Sogn» gav grunnlag for å behalde kontoret. Det vart da bestemt at det ikkje skulle vere eit felles kontor for dei tre kommunane Aurland, Lærdal og Årdal.
Politidirektoratet har seinare slått fast at dei står inne for denne avgjersla i brev kommunen datert 16.5.2019.
Som statsråden er godt kjent med har stortinget vedtatt at alle dei attverande tenestestadene skal styrkast. Til tross for dette skjer det motsette mange stader i landet.
Tenestestaden i Årdal har over tid mista funksjonar og oppgåver sjølv om direktoratet to gonger har stadfesta at Årdal skal ha tenestekontor med gode funksjonar.
No er lensmannskontor er foreslått nedlagt, og eit kontaktkontor skal etablerast.