Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til distrikts- og digitaliseringsministeren

Dokument nr. 15:2411 (2019-2020)
Innlevert: 26.08.2020
Sendt: 26.08.2020
Besvart: 02.09.2020 av distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kva meiner distrikts og digitaliseringsministeren er hovudårsakene til at folketalsutviklinga igjen går i negativ lei i mange distriktskommunar i høve tala frå 2013, og kva vil statsråden gjere for å snu folketalsutviklinga i distrikta i ei positiv lei?

Begrunnelse

Statistisk Sentralbyrå la nyleg fram nye tal for folketalsutviklinga i Noreg, samt framskriving av utviklinga til 2050. Det er dyster lesnad for mange distriktskommuar. Tala for 2019 er nær dei same som då den raudgrøne regjeringa overtok etter Høgre i 2005.
I 2005 hadde 116 kommunar folketalsvekst, 249 hadde nedgang. Og det vart av mange slått fast som ei sanning at denne utviklinga ville halde fram dei komande åra. Men i 2013, etter åtte år med Senterpartiet i regjering og i leiinga av dåverande Kommunal og regionaldepartementet var tala snudd på hovudet: 255 kommunar hadde folketalsvekst, 112 hadde nedgang. Ei god utvikling for mange distriktskommunar som kunne ha halde fram med ein offensiv distriktspolitikk. Etter at Høgre har hatt statsministeren og styrt landet att i sju år viser tala at Noreg i 2019 er attende om lag på same nivå som i 2005: berre 128 kommunar hadde folketalsvekst, 291 hadde nedgang. Høgre har med andre ord greidd å snu den positive utviklinga mange distriktskommunar hadde opparbeidd gjennom åtte år med Senterpartiet og raudgrøn regjering. Endra inntektsystem for kommunane i distrikta sin disfavør, kommune- og regionreformer, sentralisering av samferdslemidlar, sentraliseringsreformer innan politi og andre statlege sektorar, kutt i regionale utviklingsmidlar og kommunale næringsfond er berre nokre av sentraliseringsgrepa frå Høgre, først i regjeringssamarbeid med FrP, deretter Venstre og KrF. Det er interessant å få statsråden sitt syn på dei tydelege utviklingstrekka som tala frå SSB syner, og kva ho vil gjere for å snu den negative folketalsutviklinga distrikts-Noreg har under dagens regjering.

Linda Hofstad Helleland (H)

Svar

Linda Hofstad Helleland: Utvidingane i EU i 2004 ga Noreg tilgang til ny arbeidskraft, og arbeidsinnvandrarane bidrog sterkt til folketalsvekst i mange distriktskommunar. Då den raudgrøne regjeringa gjekk av i 2013, viser folketal frå SSB at høg nettoinnvandring i stor grad kompenserte for utflyttinga frå distrikta til meir sentrale delar av landet. Årleg nettoinnvandring til distrikta var på det meste på nær 16 000 personar, men har dei to siste åra vore redusert til rundt 5 500. Lågare innvandring gir redusert folketalsvekst i heile landet og færre kommunar med vekst i folketalet.
I tillegg blir det fødd færre born i Noreg, og låge fødselstal er særleg merkbare på små stader. Utflytting frå distrikta mot sentrum gjer òg at fødselsoverskota i byane blir større, og går ned i distrikta. Dette har vore ein pågåande trend gjennom mange år og under mange regjeringar. Vi kan ikkje vedta kvar folk skal bu, men regjeringa vil halde fram arbeidet for å styrke utviklinga i distrikta.
Regjeringa vil framleis satse på samferdsel, på skatte- og avgiftslette, på utdanning, forsking og innovasjon, aktiv statleg lokaliseringspolitikk, betre kommuneøkonomi og utbygging av breiband i heile landet. Regjeringa sitt svar på utfordringane er ikkje sentralisering, men tvert i mot desentralisering, ved å flytte ansvar og oppgåver frå staten til sterke kommunar og fylkeskommunar, og ein aktiv politikk for lokalisering av statlege arbeidsplassar og statleg tenesteyting.
Vi held fram satsinga vår på god infrastruktur og eit godt samferdselstilbod som bind saman ulike delar av landet. Vi har i regjeringsperioden vår auka samferdselsbudsjettet med 80 prosent. Gode samferdselsløysingar er avgjerande for å sikre livskraftige distrikt. Regjeringa har fått fart på utbygginga av breiband i heile landet. God breibanddekning er ein heilt grunnleggande føresetnad for den digitaliserte samfunnsutviklinga, og mellom anna avgjerande for vidare satsing på velferdsteknologi, verdiskaping i næringslivet og digitalisering i kommunane. Dette gir store moglegheiter for å redusere avstandsulemper, og gjer mange arbeidsoppgåver stadsuavhengige. I år vil vi bruke rekordhøge 406 millionar kroner til breibandutbygging, noko som bidreg til å halde oppe busetjing og næringsliv i heile landet.
Grunnlaget for at folk skal bu i heile landet, er at dei har ein jobb å gå til. Derfor prioriterer vi gode vilkår for næringslivet. Regjeringa har redusert selskapsskatten frå 28 til 22 prosent og redusert formuesskatten. Samstundes har vi prioritert å investere i kunnskap og kompetanse i heile landet, noko som er avgjerande for å utnytte moglegheitene som ligg i distrikta. Regjeringa vidarefører den systematiske satsinga på nærings- og innovasjonspolitikk, som legg til rette for at bedrifter i heile landet kan vekse og skape jobbane for framtida.