Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:1630 (2019-2020)
Innlevert: 14.05.2020
Sendt: 15.05.2020
Besvart: 25.05.2020 av utenriksminister Ine Eriksen Søreide

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Blir midlane omdisponert til andre postar på budsjettet under Utanriksdepartementet for 2020 eller blir dei overført til neste år?

Begrunnelse

Regjeringa kuttar 1,1 mrd. i EØS midlar for 2020 i RNB. Det blir vist til eit redusert utbetalingsbehov under EØS-finansieringsordninga. Regjeringa hevdar at reduksjonen i hovudsak skyldas forseinking i oppstart av program og godkjenning av styrings- og kontrollsystema i enkelte land.

Ine Eriksen Søreide (H)

Svar

Ine Eriksen Søreide: Utbetalingar av EØS-midlar som ikkje vert gjort i 2020, vert flytta til seinare år. Midlane vert ikkje omdisponerte til andre postar på budsjettet under Utanriksdepartementet for 2020. Siste løyvingsår under programma vil vera 2025.
Figur 7.2 Bruttofordeling 2009-2014 og 2014-2021 på side 54 i Prop.1 S (2019-2020) Utanriksdepartementet syner den samla potten på 2,8 milliardar euro fordelt på 15 av dei mindre velståande medlemslanda i EU for perioden 2014 - 2021. Beløpa er baserte på ein framforhandla avtale.
Landa med størst reduksjon i anslåtte utbetalingar samanlikna med Prop. 1 S (2019-2020), er Romania (-29,4 mill. €), Polen (-28,9 mill. €), Bulgaria (- 17,3 mill. €) og Tsjekkia (-17,7 mill. €).
Reduksjonen av anslåtte utbetalingar samanlikna med Statsbudsjettet 2020 har samanheng med fleire faktorar, mellom anna forseinking i underteikning av kontraktar og forseinkingar i samband med utlysingar og godkjenning av prosjekt.
Svært høge ambisjonar i landa når dei utarbeider prognosane er ei utfordring. Kvart prosjekt og program ynskjer snarleg framdrift, og alle vil vera sikre på at dei har nok pengar til å kunne ferdigstille prosjektet. Det samla resultatet for alle land gjer at prognosane tidvis vert vel optimistiske. Dette har vorte drøfta i styringskomiteen for midlane (Financial Mechanism Committee) mellom gjevarane, og krav om betre prognosar vert framheva av gjevarane i årsmøta med kvart av landa.