Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:418 (2019-2020)
Innlevert: 28.11.2019
Sendt: 29.11.2019
Besvart: 06.12.2019 av landbruks- og matminister Olaug Vervik Bollestad

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Er statsråden trygg på at Naturskadefondet har handsama grunneigarar i Fortunsdalen likt ved utmåling av erstatning gjennom like satsar i verdifastsetjinga og like satsar i utmåling av erstatning, og kvifor har Naturskadefondet ved erstatningsutbetalinga etter flommen i Fortunsdalen avgjort at den mellombelse taksten skal leggjast til grunn og ikkje den endelege taksten?

Begrunnelse

Etter flommen i Fortunsdalen i oktober 2018 har grunneigarar hatt eit stort arbeid i å rette opp alle skadane på hus og innmark. Dei har fått erstatning, men etter mine opplysningar er det misnøye med måten Naturskadefondet har utført sitt arbeid.

Olaug Vervik Bollestad (KrF)

Svar

Olaug Vervik Bollestad: Eg er kjend med saka som representanten Navarsete syner til, både gjennom media og spørsmål frå stortingsrepresentantar.
Lov om erstatning for naturskader (naturskadeerstatningsloven) inneheld reglar om den statlege naturskadeordninga. Landbruksdirektoratet er ansvarleg styresmakt, og gjer vedtak om erstatning. Klagenemnda for naturskadesaker (klagenemnda) avgjer eventuelle klager etter ordninga.
Eg er kjend med at det i denne saka har vore ein diskusjon om dei ulike rapportane om skadetakst. Når det gjeld bruken av takstrapportar følgjer det av reglane at taksten berre er rettleiande for Landbruksdirektoratet si avgjerd om erstatning.
Direktoratet har etter ei samla vurdering utmålt erstatninga med utgangspunkt i bruksverdien av skadeobjektet, slik det følgjer av lova. Saka har òg vore handsama i klagenemnda med same resultat som det opphavlege vedtaket.
Eg er nyleg gjort merksam på at klagenemnda har vedteke å sjå på denne saka på nytt på nyåret.
Eg vil understreke at klagenemnda er eit uavhengig forvaltningsorgan og departementet har ikkje høve til instruere nemnda.