Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2323 (2018-2019)
Innlevert: 23.09.2019
Sendt: 23.09.2019
Besvart: 01.10.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Var saka om å avlysa Rogfast-kontrakt lagt fram for statsråden før avgjera vart teken og kor tid kan ein no vente at Rogfast-prosjektet opnar?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Avgjerda om å avlyse konkurransen om den første store tunnelkontrakten på E39 Rogfast-prosjektet vart teken av Statens vegvesen som byggherre. Samferdselsdepartementet vart orientert før avgjerda vart gjort offentleg kjent. Avgjerda vart teken på grunnlag av at tilbodet innebar at det ikkje ville vere mogeleg å gjennomføre prosjektet innafor dei økonomiske rammene som er fastsette av Stortinget.
Statens vegvesen går no gjennom prosjektet og vil komme tilbake til departementet med forslag til plan for gjennomføring. Gjennomgangen omfattar særleg økonomisk prognose, strategi for gjennomføring og framdrift. Samferdselsdepartementet vil komme tilbake til Stortinget så snart det ligg føre tilstrekkelege avklaringar. Eg legg framleis til grunn at prosjektet skal realiserast.