Skriftlig spørsmål fra Magne Rommetveit (A) til justis- og innvandringsministeren

Dokument nr. 15:2182 (2018-2019)
Innlevert: 26.08.2019
Sendt: 27.08.2019
Besvart: 03.09.2019 av justis- og innvandringsminister Jøran Kallmyr

Magne Rommetveit (A)

Spørsmål

Magne Rommetveit (A): Vil statsråden syta for at det ikkje vert teke stilling til felles leiing av Sunnhordland og Haugaland tingrett før etter at Domstolkommisjonen sitt forslag til ny domstolstruktur er ferdig handsama?

Begrunnelse

Sunnhordland tingrett er ein velfungerande domstol med lange tradisjonar og gode resultat på relevante måleparameter som sakshandsamingstid, kompetanse og digitalisering. Den er også ein viktig institusjon og arbeidsplass i og for Stord kommune og Sunnhordland, ein region med om lag 60 000 innbygjarar. Tingretten er grunnlaget for at regionen har eit stort juristmiljø med fleire adokatkontor.
Det er ei kjent sak at Domstolsadministrasjonen (DA) i lengre tid har arbeidd for å redusera talet på domstolar, anten gjennom felles leiing og/ eller samanslåingar. Sunnhordland tingrett er ein mellomstor domstol og vurderer sjølv at ein ikkje har behov for å bli del av ei større eining.
For å koma DA i møte, har ein likevel inngått ein intensjonsavtale om samanslåing med Hardanger Tingrett, med hovudkontor på Stord og avdelingskontor i Lofthus i den nye Ullensvang kommune. Ei samsnslåing mellom Sunnhordland og Hardanger vil gje ein robust domstol med eit befolkningsgrunnlag på om lag 100 000, og er noko advokatstanden, regionråda og politiet i dei to regionane samla stiler seg bak. Ei slik samanslåing vil også skje innafor Vestland fylke.
Intensjonsavtalen mellom Sunnhordland og Hardanger har fleire gonger vorte presentert for DA og domstolskommisjonen. Likevel vedtok styret i DA i vår felles leiing mellom Sunnhordland og Haugaland tingrett i samband med at sorenskrivaren i Sunnhordland skulle gå av med pensjon. Det er vanskeleg å tolka dette som noko anna enn eit forsøk frå DA si side på å forskottera instillinga til Domstolskomisjonen, og slik avskjera moglegheita for samanslåing mellom Sunnhordland og Hardanger tingrettar, som ein ynskjer lokalt.
Ein var difor svært nøgd i Sunnhordland og Hardanger då statsråden i vår sytte for at det vart konstituert sorenskrivar i Sunnhordland tingrett i påvente av resultatet av handsaminga av domstolskommisjonen si innstilling. No erfarer ein likevel at DA berre har utsett avgjerda si og førebur felles leiing mellom Sunnhordland og Haugaland tingrett så snart konstitusjonstida til Frank Smith går ut 1. november i år, altså lenge før kommisjonen si innstilling er fersig handsama i Stortinget.
På denne bakgrunnen fryktar ein lokalt at ein berre har utsett ei upopulær avgjerd til etter kommune- og fylkestingsvalet no i haust, og at den føretrekte samanslåinga mellom Sunnhordland og hardanger ikkje får ein reell sjanse i den komande politiske handsaminga av den framtidige domstolsstrukturen.
Og så må det understrekast at no når regionreforma skal setjast ut i livet, så er altså ein samanslegen domstol av Sunnhordland og Hardanger innafor det nye Vestland fylke, medan Haugaland ligg i Rogaland. Det vil vera uheldig for samhandling mellom forvaltningsnivåa viss ein opererer med mange ulike grenseinndelingar på tvers av dei nye regionane sine grenser.

Jøran Kallmyr (FrP)

Svar

Jøran Kallmyr: Fremtiden til Sunnhordland tingrett blir ikke avgjort nå. Det vil ikke bli vedtatt endringer i domstolstrukturen som berører Sunnhordland før Domstolkommisjonens forslag til ny struktur er ferdig behandlet. Etter at Domstolkommisjonen har overlevert sin utredning, tar departementet sikte på å sende utredningen på bred høring, slik at alle som er berørt har anledning til å uttale seg.
Jeg presiserer at etablering av felles ledelse ikke medfører endringer i domstolstrukturen, og at domstolene som er omfattet av ordningen består som selvstendige enheter. Det er styret i Domstoladministrasjonen som beslutter felles ledelse.
Før sommeren konstituerte Domstoladministrasjonen sorenskriver ved Sunnhordland tingrett frem til 1. november. Domstoladministrasjonen har opplyst at konstitusjonen vil måtte bli forlenget i påvente av at saken er ferdig behandlet.