Skriftlig spørsmål fra Magne Rommetveit (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2138 (2018-2019)
Innlevert: 22.08.2019
Sendt: 22.08.2019
Besvart: 27.08.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Magne Rommetveit (A)

Spørsmål

Magne Rommetveit (A): Vil statsråden no setja i bestilling ei konseptvalsutgreiing KVU for ein arm frå E134 til Bergen?

Begrunnelse

På samferdselsdebatten i Odda måndag 19. august blei det hevda frå sentrale- og lokale politikarar frå alle dei fire regjeringspartia at dei no ville ha ein KVU for ein arm frå E134 til Bergen.
Dette er i tråd med tilrådingane frå Aust-Vest utgreiinga og fleire utgreiingar og rapportar som klart har vist til framtidig samfunnsnytte ved ein slik arm. Dette blei tilrådd også i NTP som blei vedteken 2013.
Trongen for å setja i gang KVU- arbeidet på denne strekninga blir også aktualisert ved at det no skjer store utbetringar på E134 i Telemark og Buskerud, og rv 23 blei nyleg omklassifisert til E134, slik at denne no går frå Haugesund og koplar seg på E6 ved Vassumkrysset i Akersus. Då er ein ein god time frå Svinesund og EU. Det har skjedd og skjer mykje på E134 aust for Haukeli, men heller lite på Vestsida. Arbeidet med Haukelitunnelane dreg ut og det er synd at den nærast ferdig planlagde parsellen Solheim- Bakka, som ville vore viktig for trafikksikring og trafikkflyt ikkje har kome med i gjeldande NTP.
Sjølvsagt vil realisering av ein arm frå E134 til Bergen ligga eit stykke fram i tid, men utarbeiding av ein KVU for tiltaket no vil vera viktig for framtidsplanlegging av denne og ikkje minst planlegginga og dimensjoneringa av tunnelar over Haukeli og andre tiltak på E134.
For Veslandet er det to hovudvegar som går nord-sør.
Det er rv13 i indre strok og E39 i ytre strok. For å få ei god utvikling for heile landsdelen er det derfor viktig at ikkje bare desse to hovudferdselsårene er sikre og gode transportårer, men at også koplingane mellom indre og ytre strok er utforma slik at dei styrkar utviklinga i heile landsdelen.
Derfor vil det vera viktig at ein KVU for arm frå E134 til Bergen vurderer både Hordalandsdiagonalen og Sunnhordlandsdiagonalen, og for den del også andre tenkelege løysingar, også inn mot Bergen.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: I NTP 2018-2029 (Meld. St. 33 (2016- 2017)) er E134 prioritert som eit av hovudvegsambanda mellom Austlandet og Vestlandet. Ei rekke tiltak er både under planlegging og utbygging, med sikte på kortare reisetid, betre forutsigbarheit og trafikktryggleik for person- og næringstransport.
Samferdselsdepartementet er i gang med arbeidet med ny Nasjonal Transportplan og tek sikte på å leggje fram meldinga i 2021. Eg vil i dette arbeidet vurdere behovet for ei KVU-utgreiing av E134 med arm til Bergen.