Skriftlig spørsmål fra Sandra Borch (Sp) til finansministeren

Dokument nr. 15:2001 (2018-2019)
Innlevert: 28.06.2019
Sendt: 01.07.2019
Besvart: 08.07.2019 av finansminister Siv Jensen

Sandra Borch (Sp)

Spørsmål

Sandra Borch (Sp): Kan statsråden leggje fram ei oversikt over totalt beløp for høvesvis reise- og pendlarfradrag per kommune per år, og dessutan talet på personar per kommune per år som dette går til i perioden 2013-2018?

Siv Jensen (FrP)

Svar

Siv Jensen: Skattytar kan krevje frådrag for reiser mellom heimen og arbeidsstad (arbeidsreiser), og for besøksreiser til heimen (besøksreiser). Frådrag for slike reiser vert overført til same post i skattemeldinga, og det er ikkje mogleg å skilje mellom dei to reisetypane i skattestatistikken. Skattytar som av omsyn til arbeidet må bu utanfor heimen, har på visse vilkår rett til frådrag for meirutgifter til kost og losji.
Tabellane som er lagt ved dette svaret viser samla frådrag og tal på personar med frådrag for arbeids- og besøksreiser og frådrag for meirutgifter til kost og losji, for dei ulike kommunane i perioda 2013-2017. Det ligg ikkje føre oppdaterte tal for 2018.

Vedlegg i xl-format