Skriftlig spørsmål fra Ruth Grung (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1705 (2018-2019)
Innlevert: 24.05.2019
Sendt: 24.05.2019
Besvart: 29.05.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Ruth Grung (A)

Spørsmål

Ruth Grung (A): Bømlo er blant de største fiskerikommunene og 28 pst. av landets pelagiske trålkvoter er hjemmehørende i kommunen. De er også blant landets viktigste oppdrettskommuner og er et dynamisk og livskraftig industrisamfunn. Det investeres i havfiskeflåten, nytt fiskemottak og ungdom ønsker å satse på fiskeri, sjømat og industri. Det er utarbeidet en oppdatert analyse for Fiskerihavn i Langevåg som gir netto samfunnsøkonomisk nytte på 97 millioner.
Når kan Bømlo samfunnet forvente svar på søknad om forskuttering?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Regjeringa har satsa på fiskerihamnene, og det er etablert fleire ordningar som skal styrke investeringar i hamner lang kysten. Forskoteringsordninga aleine har ei samla ramme på 550 millionar kroner. Den har blitt svært godt motteke langs heile kysten, og det har komme inn mange gode søknader på ordninga til ein samla verdi på over 1,3 mrd. kroner.

Det er allereie inngått avtalar om forskotering med Berg og Gamvik kommunar, og Kystverket er i samtalar om avtaleinngåing med Giske kommune.

Regjeringa kjem snart tilbake med tildelingsrunde nummer to på forskoteringsordninga. Bømlo kommune vil få svar på søknaden sin på lik linje med dei andre søkarane på ordninga.

Det er og løyvd midlar til ferdigstilling av prosjektplanar i kommunal eller fylkeskommunal regi. Løyvinga er retta mot fiskerihamneprosjekt som ligg inne i Nasjonal transportplan, men som staten ikkje vil få fullført som følgje av regionreforma og overføringa av fiskerihamneforvaltninga til dei nye fylkesregionane. Denne løyvinga vil saman med forskoteringsordninga bidra til vidareføring av både planlegging og utbygging av fiskerihamner medan fylkeskommunane kan førebu seg på overtakinga av ansvaret for fiskerihamneforvaltninga i tråd med intensjonen i regionreforma og Stortinget sitt vedtak.