Skriftlig spørsmål fra Siv Mossleth (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1647 (2018-2019)
Innlevert: 16.05.2019
Sendt: 20.05.2019
Besvart: 27.05.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Siv Mossleth (Sp)

Spørsmål

Siv Mossleth (Sp): Regjeringen foreslår i revidert nasjonalbudsjett en betydelig mindre satsing på gods på bane enn det fagmiljøene anbefaler og det Senterpartiet har foreslått i sitt alternative budsjett.
Hva vil midlene helt konkret bety for godstrafikken på Nordlandsbanen i 2019, og kan regjeringa legge fram en konkret plan for å få framføringstiden ned til minst 18,5 time, det som framføringstiden var tidligere for gods på bane på strekninga Bodø-Alnabru?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Eg forstår det slik at spørsmålet ditt er knytta til støtteordninga for godstransport som blir foreslått i revidert statsbudsjett.
Formålet med den foreslegne ordninga er å stimulere til meir gods på bane ved at ein gir stønad til togselskap som driv med kombinerte transportar og vognlasttransportar. Det er desse som er i størst konkurranse mot lastebilen og som slit mest økonomisk. Departementet har tett og god kontakt med aktørane innan godstransport på bane, og dette har gitt viktige bidrag i departementets arbeid med støtteordninga. Då støtta berre vert gitt til togselskap som driv kombinerte transportar og vognlasttransportar vil den totale summen vere lågare enn om alle togselskap hadde fått støtte, også dei som ikkje sliter økonomisk, som t.d. tømmertransport og malmtransport.
Det er strenge regler om statsstøtte i EØS-avtala. Dette gir mellom anna avgrensing på summen som kan gis i stønad og varigheita av ordninga.
Kva midlane vil bety for godstrafikken på Nordlandsbanen konkret i 2019 er vanskeleg å føreseie, men aktørane på Nordlandsbanen vil ha lik mogligheit til å få støtte slik som alle dei andre som driv med kombinerte transportar og vognlasttransportar på jernbanen i Norge.
Regjeringa jobbar kontinuerleg for betre forhold for godstransporten. Samferdselsdepartementet vil nå saman med Jernbanedirektoratet, Statens jernbanetilsyn og Bane NOR sjå nærmare på mogligheitene for å prioritere framføring av godstog på ein annen måte enn i dag på strekningar kor ein ser det er særlige utfordringar (først og fremst mot Bodø og Bergen). Dette kan t.d. gjeres gjennom forskriftsendringar, ved at enkelte persontogavgangar må nedprioriterast eller endring av rutinane for trafikkavvikling og tildeling av ruteleier. Dette vil kunne gi betre avgangstider for godstog, og kan gi kundane både betre og meir pålitelege ankomsttider.