Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1623 (2018-2019)
Innlevert: 14.05.2019
Sendt: 14.05.2019
Besvart: 24.05.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Regjeringa skuldar på lokale folkevalde når regjeringa gjer framlegg om bompengar. No har Bjerkreim kommune i Rogaland sagt nei til bompengeforslaget frå Nye Veier AS for ny E39.
Kan statsråden love at Bjerkreim kommune sitt nei til bompengar ikkje vil innverke på framdrifta for bygging av E39 mellom Ålgård og Lyngdal?

Begrunnelse

Nye Veier og Statens Vegvesen planlegg ny E39 mellom Ålgård og Lyngdal. Det er frå Nye Veier AS lagt opp til mykje bompengar på strekningen.
Eg forstår at det som ligg til grunn for Bjerkreim kommune sitt nei er eit ynskje om at staten sjølv må ta ansvar for finansieringa av vegen. Bjerkreim kommune har sagt at staten sjølv får vurdera korleis dei ynskjer å finansiere vegen. Bjerkreim kommunen seier at dei ikkje vil motsetje seg det om regjeringa finn det naudsynt å nytte bompengar.
Det har kome signal om at eit vedtak som ikkje er i tråd med Nye Veier AS sitt ynskje kan føre til at bygging av vegen vert utsett.
Det er mitt klare inntrykk at fleire lokale folkevalde byrjar å få nok av å få diktat, anten frå Statens Vegvesen eller Nye Veier AS, om kva bompengeopplegg dei må vedta for å få ny veg. For så å høyre regjeringa/statsråden skulde på lokale folkevalde at dei berre gjer det som ein har vedteke lokalt.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: For det første er det ikkje rett at eg skuldar på lokale folkevalde når dei gjer framlegg om bompengar. Eg har imidlertid avklart at det ikkje er aktuelt for meg å fremme bompengeproposisjonar dersom det ikkje er lokalt fleirtal for bompengar. Finansieringa av ein del vegprosjekt er gjennom Stortingets handsaming av NTP føresett at skal skje med bompengefinansiering. Til tross for dette meiner eg det ikkje er naturleg å fremme ein bompengeproposisjon som ikkje har lokal tilslutning.
Eg har pr. i dag ikkje grunnlag til å gjere endeleg vurdering rundt korleis ein skal handtere dette i det vidare. Dette er i stor grad opp til Nye Veier AS å gjere sine vurderingar av. Eg legg likevel til grunn at dei i dette som i mange andre tilfeller er ute etter å finne gode løysingar på utbygging av vegprosjekt.
I lys av spørsmålet har eg bedt Nye Veier om ei vurdering av korleis dei ser for seg vidare handtering.
Dei melder at for den aktuelle strekninga har tre av seks kommunar fatta vedtak om delvis bompengefinansiering. Eigersund kommune har valt å utsette saka til etter at trase for ny E39 er fastlagd. Bjerkreim har avvist forslaget til bompengefinansiering. Kvinesdal kommune er ikkje ferdige med si handsaming av saka.
Nye Veier melder at dei vil vurdere dei kommunale vedtaka når endeleg vedtak er fatta i alle kommunane. Dei melder vidare at dei vurderer fleire handlingsalternativ. Eit av alternativa dei peikar på er å vente på resultatet av den statlege planprosessen og å legge fram eit bompengeopplegg på nytt når korridorvalet er klart. Eit anna alternativ er å vurdere i kva grad dei vedtaka som ligg føre gir grunnlag for å legge fram eit alternativt bompengeopplegg med utbygging av delstrekningar.
Alt dette må sjåast på som førebelse vurderingar gjort av selskapet.
Eg vil følgje tett med på selskapets vidare vurderingar.