Skriftlig spørsmål fra Solfrid Lerbrekk (SV) til statsministeren

Dokument nr. 15:1427 (2018-2019)
Innlevert: 09.04.2019
Sendt: 10.04.2019
Rette vedkommende: Digitaliseringsministeren
Besvart: 24.04.2019 av digitaliseringsminister Nikolai Astrup

Solfrid Lerbrekk (SV)

Spørsmål

Solfrid Lerbrekk (SV): Kva som blir gjort i Noreg for å vurdera dei mogelege effektar 5G-stråling har på menneske og natur?

Begrunnelse

«Føre-var»- prinsippet har tradisjonar i Noreg. Dette inneber å vera i forkant og vurdera konsekvensar av planlagde tiltak. Ikkje minst er dette viktig når det gjeld tiltak som kan ha helsemessige konsekvensar for store grupper av innbyggarane og der dei som vert råka ikkje kan verna seg mot tiltaket.
Utbygging og utrulling av 5G-nettet er eit slikt planlagd tiltak. Dette nettet blir nå testa ut og planlagd utbygd rundt omkring i landet. Det medfører oppsetjing av antenner med kort avstand i tettbygde strok og stor auke i elektromagnetisk stråling. Denne kan me ikkje verna oss i mot.
I 2017 kom 190 forskarar og legar frå 37 land med ein appell til EU om stans i auken av master til den planlagde 5g utbygginga. Dei er uroa over kva skadeverknader sterkare stråling har. Strålemengda vil auka med 5g-nett. Forskarane peikar på studiar som viser helsefare ved den mengda stråling me har i dag og fryktar uante konsekvensar mellom anna nevrologiske verknader, ufruktbarhet, kreft og andre skader for både plante- og dyreliv. Dei som har underteikna appellen anbefaler stans i utrullinga av 5g-nettet inntil moglege farar for helse og miljø har blitt fullt ut undersøkt av forskarar, uavhengige av næringa.

Nikolai Astrup (H)

Svar

Nikolai Astrup: Grenseverdiar for elektromagnetisk stråling er fastsett av Den internasjonale organisasjonen ICNIRP (the International Commission on Non-Ionizing Radiation Protection). Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) har bestemt at desse grenseverdiane òg skal gjelde i Noreg. DSA er ansvarleg fagmyndigheit og kompetanseorgan for eventuelle verknader elektromagnetisk stråling har på menneske. Ekommyndigheitene samarbeider med DSA og held seg til råda og retningslinene DSA gir. I dette samarbeidet gjennomfører Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) tekniske målingar, og DSA vurderer helseeffektar og strålingskrav.
Eksponeringsgrensene som ICNIRP har utarbeidt, skal verne befolkninga generelt, og yrkes-grupper som kan bli eksponerte, mot kjente effektar som kan oppstå ved eksponering frå elektromagnetisk stråling. Grenseverdiane for yrkeseksponerte er sett høgare enn for van-lege folk. Dei som blir eksponert gjennom sitt yrke er særleg kjende med desse tilhøva og har nødvendig kompetanse til gjere tiltak for å avgrense eksponeringa.
Grenseverdiane er gitt med relativt store marginar til det som gir kjende medisinske effektar. For befolkninga generelt ligg dei anbefalte grenseverdiane på ein tidel av nivået som vil kunne gi helseskader. ICNIRP fastsette grenseverdiar i 1999 og stadfesta i 2009 at dei framleis står ved lag. Verdens helseorganisasjon (WHO) og ICNIRP arbeider kontinuerleg med å gjennomgå forsking på dette området. Om det kjem forskingsresultat som viser at elektromagnetisk stråling gir negative helseeffektar ved lågare nivå enn det som er gitt av dagens grenseverdiar, vil desse kunne bli justert.
Ut frå eit "føre var prinsipp" er det òg eit krav i strålevernforskriften om at all eksponering skal haldast så låg som praktisk mogeleg. Dette inneber at sjølv om ein allereie ligg under grenseverdiane, skal ein søkje å redusere eksponeringa, om dette kan gjerast med enkle middel. Eg viser til DSA for detaljar om dette regelverket.
Under leiing av DSA og Nkom vil myndigheitene følgje nøye med på strålinga frå femte generasjons mobilteknologi (5G), som blir testa ut i Noreg og som truleg vil bli lansert kommersielt i 2020.
Det er etablert eit samarbeid mellom myndigheiter og bransjen for å vurdere strålingsproblemstillingar. Nkom leier ei arbeidsgruppe med deltaking frå Telenor, Telia, ICE, DSA, Nødnett (Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap), Arbeidstilsynet og Eltel. Denne kjem saman to gonger i året, og tek føre seg stråling generelt og 5G spesielt.
Det er gjort mange målingar som viser at den totale strålinga frå mobil- og radiosendarar som vi blir utsette for i dag, er svak og ligg langt under grenseverdiane for det som reknast som helsefarleg. Det er lite som tyder på at innføring av 5G vil endre dette. Førebels er det gjort relativt få målingar rundt omkring i verda av stråling frå 5G-nett fordi 5G-teknologien framleis er under utvikling. Det er i hovudsak pilotinstallasjonar som er i drift. Dei 5G-målingane som myndigheitene har sett resultat frå, viser at nivåa ligg langt under grenseverdiane som ICNIRP har lagt til grunn. Sjølv om 5G legg til rette for at mange fleire ting og gjenstandar kan koplast til internett, vil det sannsynlegvis ha lite å seie for strålenivåa i samfunnet.
Den samla forskinga viser at strålinga frå trådlaus teknologi ikkje er helsefarleg, så lenge nivåa er under dei anbefalte grenseverdiane. Dette er det rådande synet blant forskarar i mange land i dag, og det støttast av EU sin vitskaplege komité. Menneske har brukt mobiltelefonar og radiosendarar i fleire tiår, og det er forska mykje på korleis dette påverkar helsa. Det er ikkje funne vesentlege risikofaktorar for folkehelsa. Kunnskapen vi sit på i dag, gir ikkje grunn til å bekymre seg for at 5G er helsefarleg.
Etter kvart som 5G blir testa ut i Noreg, vil DSA og Nkom halde fram med å undersøkje strålinga vi blir utsett for. Dei vil sjå på om den totale strålinga vil auke, og det vil fortløpande bli vurdert om det til dømes er naudsynt å innføre retningsliner for plassering av sende-antenner eller andre tiltak for korleis installasjonar utførast. Nkom vil gjere nye målingar av strålinga vi opplever. Desse målingane vil gi kunnskap om eksponeringsnivå før den nye teknologien blir tilgjengeleg for folk flest.
Til no har Nkom gjort ein del målingar på 5G-testinstallasjonar som Telenor har på Kongsberg, og på utstyr som Telia har i Nydalen i Oslo. Desse målingane er gjort i frekvensbandet omkring 3,5 GHz, eit av dei nye banda for mobilbruk og 5G. Testinstallasjonane reflekterer per i dag ikkje korleis situasjonen vil bli med normal trafikkbelastning, og Nkom planlegg difor å gjere fleire målingar i tida som kjem, etter kvart som 5G-netta blir sette i drift. Av denne grunn er måleresultat så langt ikkje nøye samanlikna med dei fastsette grenseverdiane. Det skal òg gjerast målingar av 5G-nett som tek i bruk nye, avanserte antennesystem. Fleire målingar vil gi myndigheitene eit betre grunnlag for vurderingar.
Om nokre år det er aktuelt å ta i bruk høgare frekvensband for 5G, til dømes frekvensar omkring 26 GHz. Difor har Nkom òg investert i nye måleinstrument for å kunne gjere gode målingar i desse frekvensområda. Det er aktuelt å gjere langtidsmålingar i slike høge band.
Regjeringa arbeider med digitaliseringsprosjekt for å utvikle eit framtidsretta norsk samfunn og auke innovasjon og produktivitet i privat og offentleg sektor. 5G-nett og -teknologi kjem til å stå sentralt i den framtidige digitale infrastrukturen i Noreg og resten av verda. Vi vil arbeide for at 5G blir brukt i den digitale framtida på ein trygg og sikker måte til det beste for folk og næringsliv.