Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til statsministeren

Dokument nr. 15:1237 (2018-2019)
Innlevert: 15.03.2019
Sendt: 15.03.2019
Rette vedkommende: Forsvarsministeren
Besvart: 27.03.2019 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kva meiner statsråden dei operative konsekvensane ved nedlegging av Forsvaret sitt landsdekkande radiolinjenett er, og kva meiner FOH i same sak, og vil statsråden sikre fortsatt drift av Forsvaret sitt landsdekkande radiolinjenett, slik at me har eit tryggleiksnett i tilfelle krise og krig for å nå det norske folk i heile landet?

Frank Bakke-Jensen (H)

Svar

Frank Bakke-Jensen: Eg syner til brev frå Stortingets president av 15. mars 2019, vedlagt spørsmål frå stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete om dei operative konsekvensane ved nedlegging av Forsvarets landsdekkande radiolinjenett.
Dagens radiolinjenett er basert på gammal teknologi, og overgang til fiber er ei nødvendig oppgradering av Forsvarets kommunikasjonsinfrastruktur for å få tilgang til nødvendig bandbreidd. Kommunikasjonsinfrastrukturen vil i framtida vere ei blanding av fiberkablar og radiolinje. Radiolinje vil hovudsakleg nyttast for tilknyting av basar og leirar til kjernenettet. Radiolinjenettet har som formål å dekke Forsvarets behov, og innføring av fiber endrar ikkje på dette. Forsvaret rapporterer at overgangen til fibernett ikkje vil ha negative operative konsekvensar.