Skriftlig spørsmål fra Arne Nævra (SV) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1002 (2018-2019)
Innlevert: 15.02.2019
Sendt: 18.02.2019
Besvart: 22.02.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Arne Nævra (SV)

Spørsmål

Arne Nævra (SV): I mange distrikter vil de foreslåtte nedleggelsene av Statens Vegvesens trafikkstasjoner slå ekstra hardt ut pga. de lange avstandene. Lakselv i Finnmark er en av stedene som kan bli rammet, og de som skal ta førerprøven må reise langt for å få gjort dette om lokal trafikkstasjon nedlegges. Trolig må de reise til Kirkenes eller Alta.
Hvilke distriktspolitiske hensyn vil statsråden ta i vurderingen av nedleggelsene som er foreslått, og vil statsråden spesielt vurdere Lakselv trafikkstasjon sin rolle?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Samferdselssektoren har dei siste åra gått gjennom ei rekke reformer. Omfattande prosessar som vil ha mykje å seie for Statens vegvesen framover er sett i gong. Særleg avvikling av sams vegadministrasjon med overføring av oppgåver til fylka, og områdegjennomgangen av Statens vegvesen gjev grunn til å gjere ein gjennomgang av heile organiseringa av Statens vegvesen.
Samferdselsdepartementet har derfor gitt Statens vegvesen i oppdrag å greie ut ny organisering av etaten og komme opp med forslag til ny tenestemodell og –struktur på trafikant og køyretøyområdet. Statens vegvesen leverte 15. januar ein rapport om framtidig organisering. Her foreslår dei å gå frå dagens regionbaserte modell til ein funksjonsbasert divisjonsmodell. Arbeidet på trafikant- og køyretøyområdet har frist 10. mai i år.
Rapporten som kom i januar, inneheld ikkje framlegg til lokalisering av divisjonar eller tenestestader. Men det er på det reine at Statens vegvesen er og framleis vil vere ein etat med sterkt lokal nærver, uavhengig av modellval. Det skal framleis vere slik at folk får tilgang til dei tenestene dei treng og at desse i størst mogleg grad skal vere nær folk. For å oppretthalde eit godt tenestetilbod i heile landet skal Statens vegvesen derfor foreslå kompenserande tilbod for tenester som krev fysisk oppmøte, dersom ny tenestestruktur vil gje vesentleg lengre reiseveg enn tidlegare. Vidare er det slik at regjeringa sitt utgangspunkt er at statlege arbeidsplassar skal fordelast i heile landet. Retningslinjer for lokalisering av statlege arbeidsplassar og tenesteproduksjon ligg derfor til grunn for dei vidare vurderingane. Det er ikkje tatt nokon avgjerd om lokalisering. Dette vil bli vurdert når Statens vegvesen har levert sitt forslag i mai.