Skriftlig spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til kunnskaps- og integreringsministeren

Dokument nr. 15:990 (2018-2019)
Innlevert: 14.02.2019
Sendt: 15.02.2019
Rette vedkommende: Forsknings- og høyere utdanningsministeren
Besvart: 21.02.2019 av forsknings- og høyere utdanningsminister Iselin Nybø

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Kan statsråden informere Stortinget om konsekvensane som Helse Sør Øst sine planar for OUS og nedlegging av Ullevål sjukehus vil ha for det medisinske fakultet ved UiO, kva dette vil koste universitetet og om statsråden står bak ei slik prioritering framfor andre prosjekt i utdanningssektoren?

Begrunnelse

Viser til Helse Sør Øst sitt styrevedtak 31.1.19 i sak nr. 006-2019 , Oslo Universitetssykehus HF - Konseptrapport vidareutvikling av Aker og Gaustad.

Iselin Nybø (V)

Svar

Iselin Nybø: Spørsmålet besvares av forsknings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø som rette statsråd.
Det er eit nært samarbeid og gjensidige nytteverknader mellom dei medisinske fakulteta ved universiteta og universitetssjukehus gjennom forsking, undervisning, praksis og pasienthandsaming. Universitetssjukehusa får mellom anna tilgang til forskingsmidlar og vitskapleg utstyr, medan universiteta mellom anna dreg nytte av klinisk undervisning og relevant forsking.
Fleire byggeprosjekt med integrerte sjukehus- og universitetsareal er under planlegging, der utbygginga av Oslo universitetssjukehus er den største. Stortinget vedtok i handsaminga av statsbudsjettet for 2018 ein hovudmodell for finansiering av nye universitetsareal i sjukehus. Den legg til grunn at utbygging av sjukehus med universitetsareal bør gjennomførast som felles prosjekt mellom helseføretaket og universitetet. Når helseføretaket er den største brukaren, skal planlegging av bygget skje i tråd med det etablerte planleggings- og kvalitetssikringsregimet for helseføretaka. Modellen inneber at helseføretaka eig bygga når dei er ferdige, og universiteta leiger areala dei treng. Det skal tidleg i prosessen bli etablert langsiktige leigeavtalar som regulerer ansvar og plikter for begge partar, og det skal fastsettast ei kostnadsdekkande husleige som dekker forvaltnings-, drifts-, vedlikehalds- og kapitalkostnader. I samband med dei ordinære budsjettprosessane kan Helse- og omsorgsdepartementet innanfor denne hovudmodellen fremme forslag om 100 pst. investeringslån til helseføretak for å bygge universitetsareal, og Kunnskapsdepartementet kan fremme forslag om inntil 75 pst. kompensasjon for auka husleige for universiteta. I statsbudsjettet for 2019 vart det til dømes fatta vedtak om at UiT - Norges arktiske universitet og Universitetet i Bergen vert kompensert med hhv. 50 % og 40 % for leige av universitetsareal i Hammerfest sykehus og Stavanger Universitetssjukehus.
Helse Sør-Øst har arbeidd med planane for Oslo universitetssjukehus sidan 2013, og har no vedteke konseptet for å utvikle Aker og Gaustad vidare. Planane inneber at Helse Sør-Øst legg ned aktiviteten ved Ullevål og flytter den til Aker og Gaustad, og dermed at den aktiviteten Universitetet i Oslo har på Ullevål må flyttast til nye lokale i Oslo Universitetssjukehus. Universitetet i Oslo har i denne prosessen kartlagt arealbehovet i framtidige nye lokale, basert på dagens verksemd, og førebelse anslag tilseier universitetsfunksjonar på 8 000 kvm. på Gaustad og 12 000 kvm. på Aker.
I konseptrapporten for vidare utvikling av Gaustad og Aker er det på bakgrunn av desse førebelse arealbehova berekna husleigekostnader for universitetet på til saman om lag 200 millionar kroner årleg. Universitetet i Oslo betaler ikkje i dag husleige for lokale dei bruker til klinisk undervisning og forsking ved Institutt for klinisk medisin lokalisert i Oslo universitetssjukehus. Eit forslag om 75 pst. husleigekompensasjon, vil i tilfelle gi ei årleg auka husleige på om lag 50 millionar kroner for Universitetet i Oslo.
Eg er kjent med at Universitetet i Oslo praktiserer eit prinsipp om at kvart fakultet beheld inntekter som dei får frå eksterne oppdrag. I tråd med dette prinsippet skal kvart fakultet eller kvar eining dekke ekstra kostnadar som blir genererte av deira verksemd. Det medisinske fakultet har om lag 2 160 studentar og 1 200 tilsette. 785 årsverk er finansierte over basistildelinga og 415 årsverk er eksternt finansierte. Inntekter frå eksterne kjelder som Noregs forskingsråd, EU og anna bidragsforsking utgjer om lag 40 pst. av dei totale inntektene til fakultetet. Auka utgifter til husleige frå 50 - 200 mill. kroner årleg utgjer ein reduksjon av budsjettrammene til fakultet på mellom 6,5 pst. og 26 pst.
Regjeringa sine prioriteringar for forsking og høgre utdanning ligg fast slik dei er framsett i Meld. St. 4 (2018-2019) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2019-2028. Nedlegging av lokala ved Oslo universitetssjukehus på Ullevål er vedteke av Helse Sør-Øst som del av ei større omorganisering av føretaket si verksemd. Helse Sør-Øst vil søke om lån slik at prosjektet får finansiering frå 2020. Spørsmålet om husleigekompensasjon skal handsamast saman med forslaget til investeringslån. Husleigekompensasjon vil i tilfelle bli gitt frå det tidspunktet husleiga startar. Dette følgjer av den nye hovudmodellen for finansiering av nye sjukehus.