Skriftlig spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til finansministeren

Dokument nr. 15:753 (2018-2019)
Innlevert: 17.01.2019
Sendt: 17.01.2019
Besvart: 24.01.2019 av finansminister Siv Jensen

Ingrid Heggø (A)

Spørsmål

Ingrid Heggø (A): Eg har ikkje lykkast i å finne kva regelrådet har sagt om endringane i skattereglane som vart varsla i RNB og innført i budsjettet. Endringane eg viser til er der arbeidsgjevar nå er pålagt å innrapportere tips, flybonuser, årskort etc. NHO har påpeika auka byrokrati og at det endå ikkje er på plass klare retningslinjer. Regelrådet sitt formål er å unngå at ein vert påført unødvendige byrder og påsjå at sakene er tilstrekkelig utreda.
Kva har vore regelrådet sin rolle i denne saka?

Begrunnelse

Regjeringa liker å smykke seg med at dei prioriterer forenkling og innførde regelrådet som skulle vere eit verktøy i den samanhengen. Følgande står om regelrådet sin rolle:

«Regelrådet skal bidra til at næringslivet ikke påføres unødvendige byrder gjennom nytt eller endret regelverk. Regelrådet er et faglig og politisk uavhengig forvaltningsorgan underlagt Nærings- og fiskeridepartementet.
Regelrådets viktigste oppgave er å gi rådgivende skriftlige uttalelser til forslag til nye forskrifter og lover som har konsekvenser for næringslivet.»

Endringer som kjem i seine nattetimer pga. kompromiss, er ikkje konsekvensutgreidd, men når endringer blir varsla i revidert for at man skal vere forberedt i god tid, så er det grunn til å tru at konsekvensane er utgreidd. Noko det verkar som det ikkje er i dette høvet. Det høyrer også med til bildet at 40 % av sakene frå finansdepartementet var utilstrekkelig utreda ifølge årsraporten til regelrådet. Finansdepartementet kom dårligast ut her av alle departementa.
D et har ikkje lykkast underteikna å finne om regelrådet har vurdert desse endringane og kva regelrådet har meint om desse endringane.

Siv Jensen (FrP)

Svar

Siv Jensen: Regjeringa har arbeida hardt for forenklingar, og har gjennomført mange tiltak som har god effekt for næringslivet. Det er òg stor merksemd kring forenklingar på skatteområdet, jf. til dømes nye reglar om skattlegging av overtidsmat og fri avis. Finansdepartementet og Skattedirektoratet jobbar òg med eit prosjekt for å finna forenklingar i reglane som kan redusere dei administrative byrdane for dei skattepliktige. Sjå omtale av dette arbeidet i Prop. 1 LS (2018-2019) kapittel 24.
Klargjeringa av reglane om plikt til å rapportere ytingar som bonuspoeng og andre ytingar gjennom tredjepartar inneber ingen nye plikter for næringslivet. Denne endringa, som vart fastsett i revidert nasjonalbudsjett for 2018, har likevel ikkje frå regjeringa si side vore framstilt som eit forenklingstiltak. Motivasjonen bak denne endringa var snarare å avklare kven som har ansvaret for å rapportere ytingar dei tilsette tek i mot. Dette er viktig for å sikre betre etterleving av skatteplikta for slike ytingar. Ettersom etterlevinga tidlegare var svak, er det grunn til å tru at avklaringa gjer at det framover vert brukt noko meir ressursar til slik rapportering. Det er difor sagt uttrykkeleg i framlegget til Stortinget at ressursbruken til handteringa av slike ytingar, kan auke. Sjå Prop. 86 LS (2017-2018) kapittel 2 og Prop. 1 LS (2018-2019) punkt 5.5.
Mykje av det same gjeld for endringane som gjeld tips. Her var det i stor grad dei tilsette som åleine hadde ansvaret for å melde frå om tips til skattestyresmaktane, og etterlevinga var ikkje god. Endringa i reglane som inneber at arbeidsgjevar no skal gi opplysningar om tips, var naudsynte for å få betre etterleving, og er heller ikkje meint som ei forenkling for næringslivet.
Men eit viktig poeng her er at rapportering frå arbeidsgjevar vil gjere det mykje enklare for dei tilsette å følgje reglane: Når ytinga er tatt med i arbeidsgjevar si rapportering til skattestyresmaktene, slepp dei tilsette å leggje inn slike opplysningar i skattemeldinga. Ein anna verknad for dei tilsette av at desse ytingane i større grad vert skattlagde, er at dei vil få betre opptening av trygdeytingar mv.
Både framlegget om betre reglar for skattlegging av naturalytingar og framlegget om å innføre arbeidsgjevarplikter for tips har vore på høyring, og det har vore møte med mellom anna partar i arbeidslivet.
Regelrådet hadde ingen realitetsmerknadar til framlegget til endringar av reglane om naturalytingar. Til framlegget om å innføre arbeidsgjevarplikter for tips var Regelrådet si samla vurdering og konklusjon at framlegget var tilstrekkeleg greid ut. Regelrådet viste likevel til nokre områder som kunne vore greid ut betre i høyringsnotatet om tips, og desse merknadene vart følgde opp i framlegget til Stortinget.
Naturalytingar til tilsette og tips kan utgjere store verdiar, og bør verte skattlagt som anna løn. Det kan ikkje vera slik at ein lagar fritak for ytingar som kan utgjere store verdiar, berre fordi ordninga er komplisert. Det ville mellom anna gje insentiv til meir bruk av naturalytingar som vederlag for arbeid. Høyringa gav heller ikkje haldepunkt for at det finst mindre byrdefulle måtar å sikre likebehandling og ei effektiv skattlegging av slike ytingar.
Eg finn òg grunn til å minne om at det enklaste for arbeidsgjevar er å betale ut løn i pengar. Arbeidsgjevarane har med andre ord sjølv stor påverknad på kor ressurskrevjande dette vert, og er nærast til å ta ei kost-/nyttevurdering av ordningar for å gje løn i form av naturalytingar.