Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til kommunal- og moderniseringsministeren

Dokument nr. 15:100 (2018-2019)
Innlevert: 10.10.2018
Sendt: 11.10.2018
Besvart: 18.10.2018 av kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Meiner statsråden at det å ha ei mor som deltidsansatt ved ein skule er tilstrekkelig lovforståelse til at reglane om habilitet kan la eit folkevald organ gjera vedtak om at ein folkevald er ugild?

Begrunnelse

Fitjar formannskap behandla i dag 10. oktober ei sak om skulebruksplan. I den saka valgte fleirtalet å erklære FrP sin representant Sigurd Andre Maraas ugild fordi hans mor har ein deltidstilling på ein skule i kommunen som er berørt i ein diskusjon om nedlegging. Saka skal til kommunestyret seinare denne måneden.
Det framstår som svært spesielt å bruke habilitetsreglane for å gjera ein folkevald ugild til å ta stilling og delta i debatten om eit så viktig tema.

Monica Mæland (H)

Svar

Monica Mæland: Det følgjer av kommunelova § 40 nr. 3 at reglane om ugildskap i forvaltningslova kapittel II gjeld for dei folkevalde. Etter forvaltningslova § 6 første ledd er ein person ugild dersom mellom anna mor eller far, barn eller ektefelle er part i saka. Vidare er ein folkevald "ugild når andre særegne forhold foreligger som er egnet til å svekke tilliten til hans upartiskhet", sjå § 6 andre ledd. Lova opnar såleis for ei brei skjønnsmessig vurdering av når ein folkevald er ugild, og i vurderinga skal ein leggje vekt på om og i kva grad avgjerda vil påverke nokon som er nær personleg knytt til den folkevalde.
Ved handsaminga av spørsmålet om ein folkevald er ugild, følgjer det av forvaltningslova § 8 at det kollegiale organet sjølv skal avgjere om ein medlem er ugild. I saka representanten tek opp, har formannskapet sjølv vurdert ugildskapen til medlemmane.
Gjennom oppslag i pressa er eg kjent med at tre av fem medlemmar i formannskapet blei ugilde ved handsaminga av saka om skulebruksplan. Alle dei tre har nær familie som er tilsett på ein av skulane i kommunen.
Eg vil òg minne om at dersom ein medlem blir kjent ugild, skal det kallast inn ein varamedlem frå same parti eller same gruppe som den inhabile folkevalde høyrer til. Det betyr at den politiske balansen i organet vil vere den same sjølv om ein medlem er inhabil.
Eg har ikkje protokollen frå formannskapet, og kjenner ikkje til dei konkrete vurderingane formannskapet har gjort, og kan som statsråd vanskeleg uttale meg om den konkrete saka.
Dersom tre eller fleire kommunestyremedlemmar er usamde i ei avgjerd om ugildskap, kan dei krevje lovlegkontroll etter føresegnene i kommunelova § 59. Dersom kommunen held avgjerda ved lag, skal saka sendast vidare til fylkesmannen for endeleg handsaming.
Forvaltningslova og dei konkrete føresegnene om ugildskap er Justis- og beredskapsministeren sitt ansvar, og eg vil difor ikkje uttale meg om sjølve regelverket.