Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2328 (2017-2018)
Innlevert: 21.09.2018
Sendt: 21.09.2018
Besvart: 01.10.2018 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): I samband med statsbudsjettet 2017 og den såkalla bilpakken vart det lova at bomsatsane utanfor dei store byane skulle reduserast med 10 %.
Er det nokon vegprosjekt der dette framleis ikkje har skjedd?

Begrunnelse

Det er ynskjeleg med ei liste over kva bomstasjonar på riksveg og fylkesveg, som er innafor ordninga, der ein ikkje har sett ned bomsatsen med 10 %. Det er ikkje naudsynt å vise at veksten i bompengar samanlikna med andel statlege midlar har flata noko ut. Dette er kjent informasjon alt frå Nasjonal Transportplan 2014-2023 lagt fram av Stoltenberg 2 regjeringa.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Ordninga med tilskot for reduserte bompengetakstar utanfor byområda gjeld for bompengeprosjekt på riksveg utanfor dei områda/byane som får tilskot over kap. 1330, post 61 Belønningsordninga for betre kollektivtransport mv. i byområda eller post 64 Belønningsmidlar til bymiljøavtalar og byvekstavtaler. Vidare gjeld ordninga for prosjekt der bompengeopplegget vart lagt fram for Stortinget før utgangen av 2016. I tillegg er prosjektet E39 Rogfast omfatta av ordninga, jf. Prop. 105 S (2016-2017). Før tilskotet kan betalast ut må det i samsvar med regelverket for tilskotsordninga liggje føre eintydige vedtak frå aktuelle kommunar og fylkeskommunar om at prosjektet skal leggje om til ny takst- og rabattstruktur i tråd med Prop. 1 S Tillegg 2 (2015–2016), vedtak frå eigarane i selskapet om at selskapet går inn i eitt av dei regionale bompengeselskapa og søknad frå bompengeselskapet om å setje ned takstane med minst 10 pst. Søknaden om takstendring må vere godkjent av lånegarantisten/-ane. Til saman har 40 prosjekt fått tilsegn om tilskot. For 30 av desse prosjekta er innkrevjinga starta opp. For eitt prosjekt ligg det enno ikkje føre tilstrekkeleg dokumentasjon til at tilskotet kan utbetalast. Dei føresette takstreduksjonane er gjennomførte for dei andre prosjekta med unntak av rv 13/fv 7 Hardangerbrua og Vossapakko. For desse to prosjekta tok det noko tid før naudsynt dokumentasjon låg føre. Vegdirektoratet opplyser at søknadene om føresette takstreduksjonar i desse prosjekta no er til behandling i direktoratet, og det er venta at takstreduksjonen vil skje i løpet av hausten 2018. For øvrig merkar eg meg at representanten ikkje vil verte minne om at den statelege delen av finansieringa til samferdsel no er høgare under denne regjeringa enn når Senterpartiet satt i regjering. Eg minner følgjeleg ikkje om det i dette svaret.

Vedlegg til svar:

Lenke til vedlegg i pdf-format