Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:1996 (2017-2018)
Innlevert: 02.08.2018
Sendt: 02.08.2018
Besvart: 09.08.2018 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kan statsråden gjere greie for kva spesifikke tiltak som er nytta for å bevare eit operativt MPA-miljø i Noreg med omsyn til personell, kor vidt tiltaka er eit tilbod for alle tilsette og kor lenge tiltaka som eventuelt er sette i verk vil vere tilgjengeleg?

Begrunnelse

Det har slutta mellom 20 og 30 personar innan Noreg si MPA-verksemd etter vedtaket om Andøya flystasjon. Dette miljøet er sårbart og det er ikkje enkelt å erstatte rutinerte pilotar og tilsette innan MPA utan vidare.

Frank Bakke-Jensen (H)

Svar

Frank Bakke-Jensen: Eg viser til brev frå Stortingets president av 2. august 2018 med spørsmål frå stortings-representant Liv Signe Navarsete om tiltak som er nytta for å bevare eit operativt MPA-miljø i Noreg.
Omstillinga i Luftforsvaret er svært omfattande og råkar mange avdelingar. Forsvaret har godt etablerte rutinar, regelverk og føresegner som skal ta vare på personellet ved slike omstillingar. Ivaretaking av personellet er heilt sentralt og det er viktig at relevant kompetanse ikkje forsvinn mellom nedlegging og oppretting. Forsvaret opplyser at Luftforsvaret i stor grad har identifisert denne kompetansen, og at det er gjort ei individuell kartlegging av karrieremessige behov og ønskjer hos personellet. Kartlegginga gjev grunnlag for målretta og individuelt tilpassa tiltak for å bevare eit operativt MPA miljø i overgangen til nytt system. Døme på konkrete tiltak er fast tilsetting, ved å beordre i to og tre trinn og tiltak knytt til bustad og pendling. Tiltaka vil nyttast i tråd med Forsvarets behov, og vil variere ut frå personellkategori og sivil status.
Forsvaret si evne til å ta vare på personellet og kompetansen deira vil vere ein kritisk suksessfaktor gjennom heile omstillinga av Forsvaret i åra som kjem. Eg er opptatt av at Forsvaret framleis løyser operative oppdrag og samtidig evner å ivareta personellet som blir råka av omstillinga.