Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:1995 (2017-2018)
Innlevert: 02.08.2018
Sendt: 02.08.2018
Besvart: 10.08.2018 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kor mange tilsette vil det krevje for at Noreg skal kunne vere fullt operativ på MPA i høve til NATO sine standarar?

Begrunnelse

Det har slutta mellom 20 og 30 personar innan Noreg si MPA-verksemd etter vedtaket om Andøya flystasjon. Dette miljøet er sårbart og det er ikkje enkelt å erstatte rutinerte pilotar og tilsette innan MPA utan vidare.

Frank Bakke-Jensen (H)

Svar

Frank Bakke-Jensen: Eg viser til brev frå Stortingets president av 2. august 2018 med spørsmål frå stortings-representant Liv Signe Navarsete om kor mange tilsette det vil krevje for at Noreg skal vera fullt operativ på MPA i høve til NATO sine standarar.
Forsvaret opplyser at NATO ikkje har standarar relatert til å vera fullt operativ på MPA. Kor mange tilsette som skal til for at MPA-verksemda skal vera fullt operativ er styrt av nasjonale krav. Desse krava er avhengig av oppgåveportefølje og Forsvarets operasjonar.
Forsvarets operasjonar nasjonalt og internasjonalt kategoriserast ut frå konfliktspekteret, samt daglege operasjonar, operasjonar ved nasjonale kriser og operasjonar ved væpna konflikt. For at MPA-verksemda skal vera fullt ut operativ må materiell og personell vera klarert og godkjent, trent og øvd ut frå oppdrag, for den konkrete flytypen. Forsvaret følger opp verksemdas operasjonsmønster, organisering og oppgåveløysing, jamfør gjeldande planrammer for Forsvarets verksemd.
Forsvaret er bedt om å planlegge og gjennomføre omstillinga av personellstrukturen på ein slik måte at Forsvaret beheld den nødvendige kompetansen for å oppretthalde dei operative leveransane gjennom omstillingsperioden fram til innføringa av ny MPA P-8. Det å oppretthalde Forsvarets operative leveransar i en omstillingsperiode er krevjande, og det vil i ein slik kontekst vera ein risiko for midlertidig tap av kompetanse. Forsvarets evne til å ta vare på personellet og kompetansen deira vil vera ein kritisk suksessfaktor gjennom heile omstillinga av Forsvaret i åra som kjem. Forsvaret har identifisert kompetansebehovet og implementerer tiltak for å bevare eit operativt MPA miljø i overgangen til nytt system.