Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:1904 (2017-2018)
Innlevert: 21.06.2018
Sendt: 21.06.2018
Besvart: 27.06.2018 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kan statsråden gjere greie for om dagens amerikanske nærvære på Andøya kunne vorte gjennomført på Evenes i framtida, gitt at dei allierte nyttar armerte fly, med omsyn til plass. Samt kor ein vil plassere militære transportfly på Evenes i ein slik situasjon?

Begrunnelse

Aldrimer.no stadfestar 18.06.18 at det er 4 amerikanske P-8 på Andøya, i tillegg til eit transport- og cargofly. Noreg har 6 P-3 tilstade på Andøya, noko som gir ein totalt på 11 fly på Andenes. På side 11 i konseptvalutgreiinga for Evenes står det at Evenes skal overta rollen som vertsbase for allierte maritime patruljefly etter nedlegginga av Andøya flystasjon, både kva angår øvingar og oppdrag.
Konseptvalutgreiinga side 43 stadfestar at området for alliert mottak skal nytte dei eksisterande plassane for C-5, men her vil det ikkje vere plass den MPA-styrken som no er på Andenes, i tillegg til at plassane ligg tett inntil sivil terminal.

Frank Bakke-Jensen (H)

Svar

Frank Bakke-Jensen: Eg viser til brev frå Stortingets president av 18. juni 2018 med spørsmål frå stortings-representant Liv Signe Navarsete om plass til besøkande fly på Evenes.
Under Cold Response 2014 handterte Evenes store mengder luftfartøy av dei største kategoriane. Ifølge Avinor var det under øvinga ei rekke besøk av luftfartøy i dei største kategoriane (D, E og F). P-8A er i kategorien D. Ti av desse luftfartøya var stasjonert på Evenes under øvinga. Dette viser at det allereie finnast plass for å handsame maritime patruljefly og transportfly i det talet som i dag besøkjer Andøya. I framtida er etableringa av eige område for maritime patruljefly forventa å gi ytterligare kapasitet til å handsame 1-2 besøkande fly i tillegg til nasjonale fly.
Kva angår plass til parkering av fly med våpen om bord i området for mottak av allierte og nasjonale styrkar, vil det være regulert av mengde våpen dei har om bord. Mengda våpen vil avgjera utstrekninga på sikker sone rundt flya. I dei tilfella kor mengda våpen overstig grenser for å kunne parkera i førehandsplanlagt område, kan våpen lastas og lossas i særskilde områder, slik at reglar for sikker sone oppretthaldas.
Evenes flystasjon vil i framtida kunne handsame det tal fly som besøker Andøya i dag, i tillegg til våre eigne maritime patruljefly. Det vil være plass til maritime patruljefly i området for mottak av allierte og nasjonale styrker, som tillater anna aktivitet og sikker avstand til sivil terminal.