Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til fiskeriministeren

Dokument nr. 15:1886 (2017-2018)
Innlevert: 20.06.2018
Sendt: 20.06.2018
Besvart: 28.06.2018 av fiskeriminister Per Sandberg

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Kor mange tilfelle av ulovleg turistfiske er avdekka til no i år og meiner statsråden at ein har god kontroll med dette fisket?

Per Sandberg (FrP)

Svar

Per Sandberg: Rekreasjonsfisket i Noreg er underlagt liberale reglar. Dette er del av den norske allemannsretten og norsk kystkultur, og det handlar dessutan om å legge tilhøva til rette for turisme. Utfordringa med turistfisket er at nokon misbruker den fridomen som systemet vårt legg opp til og smuglar fisk ut av landet.
Vi har nyleg innført nye reglar for turistfiskenæringa. Med dei nye reglane er det mellom anna innført registering av verksemder i turistfiskenæringa og registrering av fangsten til gjestane. Gjestar ved registrerte turistfiskebedrifter har ei utførselskvote på 20 kg, medan alle andre har ei kvote på 10 kilo.
Likevel vart det i 2017 gjort 108 beslag på grensa, på til saman meir enn 11 tonn. So langt i 2018 er det beslaglagt over 4 tonn. Beslaga er stort sett fiskefilet, noko som betyr at store delar av fisken ligg igjen. Majoriteten av beslaga er torsk.
Eg hadde førre veke møte med finansministeren og justis-, beredskaps og innvandringsministeren for å diskutere utfordringa med smugling av fisk ut frå Noreg. Vi tek dette alvorleg, og vil jobbe vidare med å få på plass meir effektive tiltak mot fiskesmugling.