Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:1761 (2017-2018)
Innlevert: 07.06.2018
Sendt: 07.06.2018
Besvart: 15.06.2018 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kan statsråden gjere greie for om allierte nasjonar skal drive skarpe MPA-operasjonar på vegne av Noreg, i mangel på norske kapasitetar?

Begrunnelse

I debatten kring nedlegging av Andøya Flystasjon stilte undreteikna fleire spørsmål til statsråden kring opplysningar om at USA skal stasjonere fem P-8-fly på Andøya for å drive operasjonar i Barentshavet. Det var uråd å få svar frå statsråden om USA slik tek over oppgåver som det norske forsvaret har ansvar for, og om statsråen var kjent med dette. Statsråden svara at US Marines kun skal drive øving, kor vidt han var kjent med saka fekk Stortinget ikkje vite noko om. 30 personar har slutta i jobben på Andøya Flystasjon etter vedtaket om å nedlegging. 10-20 vurderer å slutte. Det er difor eit betimeleg spørsmål om Noreg har kapasitet til å drive alle skarpe MPA-operasjonane som er forventa av våre allierte.

Frank Bakke-Jensen (H)

Svar

Frank Bakke-Jensen: Eg viser til brev frå Stortingets president av 7. juni 2018 med spørsmål frå stortings-representant Liv Signe Navarsete om operasjonar med amerikanske P-8 maritime patruljefly frå Andøya flystasjon, og om Noreg har kapasitet til å drive dei skarpe operasjonane som er forventa av våre allierte.
Alliert samarbeid om overvaking av Nord-Atlanteren har lange tradisjonar. Særskilt er samarbeidet mellom Noreg, USA og Storbritannia nært. Alle tre vil operere dei same overvakingsflya i framtida og Nord-Atlanteren utgjer enorme areal med eit aukande behov for overvaking. Difor kunngjorde forsvarsministrane i dei tre landa i fellesskap, under forsvarsministermøtet i NATO i fjor sommar, eit forsterka samarbeid om maritim overvaking.
Forsvaret organiserer dette operative samarbeidet fortløpande, eit samarbeid som har vart over lang tid og som blir gjort innanfor gjeldande politiske rammer. Dei amerikanske P-8-flya er berre mellombels i Noreg og opererer då naturleg ut frå den nasjonale MPA-basen vår. Det skal Andøya vere heilt fram til om lag 2023 då Evenes skal overta denne rolla. Dei amerikanske flya samarbeider med norske P-3 og flyg i samsvar med retningslinjer for alliert verksemd i Noreg. Dei kjem ikkje til erstatning for manglande nasjonal MPA-kapasitet, og dei overtek ikkje nasjonale oppgåver.
Den norske overvakinga er blant dei viktigaste oppgåvene Forsvaret gjer i fredstid, og Noreg legg stor vekt på forventningane frå våre allierte. Omstillinga vi no gjer av verksemda til overvakingsflya er kompleks. Vi skal fase ut dei gamle flya og fase inn P-8. Vi skal flytte verksemda frå Andøya og bygge nye omgivnader for 333-skvadron på Evenes. Vi har fokus på at personellet og kompetansen deira blir disponert på beste måte. Forsvaret jobbar med ulike personalpolitiske verkemedel for å behalde personell på Andøya, samstundes som dei rekrutterar og utdannar personell til P-8.
Forsvaret jobbar også med å syte for tilstrekkeleg med reservedelar for å halde P-3-flya operative, samstundes med at produksjon av dei nye P-8-flya og klargjøring av nye fasilitetar på Evenes følger dei planlagde tidslinjene.
Den eksakte kapasiteten Forsvaret har kan eg ikkje kommentere på grunn av gradering. På generelt grunnlang kan eg kan seie at Forsvaret har ei god situasjonsforståing av dei relevante havområda. Og Noreg vil fortsette det gode og nære samarbeidet med våre allierte.