Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:1760 (2017-2018)
Innlevert: 07.06.2018
Sendt: 07.06.2018
Besvart: 13.06.2018 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Bladet Vesterålen skriv i sin leiarartikkel 07.06.18 at regjeringa har motteke eit tilbod om ein økonomisk pakke på 2,8 milliardar frå USA for å ruste opp mellom anna Andøy flystasjon.
Kan statsråden gjere greie for om regjeringa har motteke eit slikt tilbod, eventuelt når det er motteke og korleis Noreg har svara eller vil svare ut tilbodet?

Frank Bakke-Jensen (H)

Svar

Frank Bakke-Jensen: Eg viser til brev frå Stortingets president av 7. juni 2018 med spørsmål frå stortings-representant Liv Signe Navarsete om amerikansk tilbod om økonomisk pakke for opprusting av Andøya flystasjon som følger: Bladet Vesterålen skriv i sin leiarartikkel 07.06.18 at regjeringa har motteke eit tilbod om ein økonomisk pakke på 2,8 milliardar frå USA for å ruste opp mellom anna Andøy flystasjon. Kan statsråden gjere greie for om regjeringa har motteke et slikt tilbod, eventuelt når det er motteke og korleis Noreg har svara eller vil svare ut tilbodet.
Eg er ikkje kjend med at regjeringa har motteke eit tilbod om opprusting av mellom anna Andøya på 2,8 milliardar dollar. Derimot har Noreg for 2018 motteke eit avgrensa tilbod om bygging av infrastruktur på Rygge. Det såkalla European Deterrence Initiative (EDI) -programmet vart starta av Obama-administrasjonen etter den russiske anneksjonen av Krim i 2014 og den påfølgjande krisa i Ukraina. EDI inneheld tiltak for å roe europeiske allierte ved auka samarbeid, nærvær og støtte til infrastruktur. Tiltaka har blitt vidareført og styrka under noverande administrasjon, og har som mål å underbygge alliert forsvarsevne og allierte forsvarsplanar som er under utvikling i Europa.
For Noreg er det førebels foreslått å bygge oppstillingsplass for fire kampfly, med tilhøyrande
overbygning og taksebane på Rygge. For 2018 har amerikanske myndigheiter sett av 10,3 millionar dollar til dette tiltaket.