Skriftlig spørsmål fra Tore Storehaug (KrF) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:56 (2017-2018)
Innlevert: 16.10.2017
Sendt: 17.10.2017
Besvart: 24.10.2017 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Tore Storehaug (KrF)

Spørsmål

Tore Storehaug (KrF): Vil samferdselsministeren sikre ei rask ordning som sikrar at Florø lufthamn kjem inn att under ordninga med statleg innkjøp av flyruter (FOT), no som funn frå Møreforsking har vist at konkurranseutsetting har gitt eit dårlegare tilbod?

Begrunnelse

Møreforsking og Høgskolen i Molde har gjennomført ein forskingsrapport som kastar lys på overgangen til kommersiell drift på flyrutene Oslo-Florø og Bergen-Florø. Deira rapport viser ein reduksjon i etterspørselen på kring 12% som kan forklarast av kommersialiseringa åleine. Prisoppgangen er i snitt 25-40% i tillegg til ulemper i form av auka tal mellomlandingar og overnattingar på grunn av tidelegare sisteavgangar. Rapporten konkluderer med at det er vanskeleg å sjå for seg to aktørar, noko som kunne styrka priskonkurransen. 6. september uttalte statssekretærene Tom-Christer Nilsen og Tom Cato Karlsen frå samferdsledepartementet til Firdaposten at dei ville gjennomføre ei liknande undersøking og vurdere ei «fast track»-handsaming for rutene i Florø. Departementet har likevel ikkje vore tydelege på kva som vil skje dersom funna frå rapporten blir stadfesta. Lokalt næringsliv og lokalbefolkninga generelt ønskjer å komme inn att under ordninga med statleg kjøp av regionale flyruter (FOT).

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Kjøp av flyruter er eit unntak frå hovudregelen om fri marknadstilgang til flyruter i Noreg og mellom Noreg og resten av EU/EØS-området for flyselskap som er godkjent i eit EU/EØS-land. Der marknaden åleine ikkje gir eit tilfredsstillande minstetilbod, kan Samferdselsdepartementet påleggje forpliktingar til offentleg tenesteyting (FOT) på flyruter, jf. Europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1008/2008 av 24. september 2008 om felles regler for drift av lufttrafikk i Fellesskapet, som er tatt inn i norsk rett gjennom forskrift av 12. august 2011 nr. 833 om lufttransporttjenester i EØS. I forkant av kvar konkurranse vurderer departementet ei rekke forhold ved flyrutene som er omfatta av ordninga med statleg kjøp. Dette inkluderer blant anna om det kan vere grunnlag for kommersiell drift. Som ein del av arbeidet med konkurransen om flyrutene i Sør-Noreg frå 1. april 2016, innhenta Samferdselsdepartementet ei utgreiing av flyrutetilbodet frå Transportøkonomisk institutt (TØI) og Møreforsking Molde AS (TØI rapport 1331/2014 Forslag til anbudsopplegg for regionale flyruter i Sør-Norge). I rapporten konkluderer utgreier med at flyrutene frå Florø kan drivast vidare på kommersielle vilkår. Widerøe kontakta også departementet og uttrykte ønskje om at flyrutene vart overført til kommersiell drift. Departementet gjennomførte ei høyring om utforminga av vilkåra i utlysinga, og mottok innspel frå involverte fylkeskommunar og andre relevante instansar. Etter ein grundig gjennomgang av dei innkomne innspela, meinte Samferdselsdepartementet at det var grunnlag for kommersiell drift av flyrutene tilknytt Florø lufthamn. Eg besøkte Florø lufthamn i april i år, og møtte både lokale næringsaktørar og lufthamnleiinga. Eg har vurdert innhaldet i forskingsrapporten som Storehaug viser til (Møreforskning Molde AS, rapport 1705 Virkninger av kommersialisering ved Florø lufthavn). Rapporten konkluderer ikkje med at rutene til Florø må inn i FOT-ordninga igjen, men at det er vanskeleg å sjå for seg to aktørar som flyg på lufthamna. Dette er ikkje uventa. Vi har fleire kommersielle ruter i Noreg der det ikkje er tilstrekkeleg passasjergrunnlag til at fleire flyselskap skal kunne operere på rutene. At det er grunnlag for kommersiell rutedrift inneberer ikkje nødvendigvis at det det må vere fleire enn ein operatør. Eg har merka meg at tilbodet ved Florø lufthamn er på om lag same nivå som TØI og Møreforsking spådde i TØI rapport 1331/2014. Frekvensen er om lag fire daglege rundturar, medan maksimal billettpris har auka på begge rutene; billettprisen til/frå Bergen har auka noko meir enn forventa, medan billettprisen til/frå Oslo har auka noko mindre enn forventa. Talet på passasjerar har falle ved lufthamna, men ein vesentleg del av dette skuldast fall i offshore helikoptertrafikken. Eg har vidare registrert at FlyViking AS har uttalt seg i media om at Florø er ei potensiell lufthamn for selskapet sitt rutenett, men at ei innføring av FOT-ruter frå Florø lufthamn vil stenge døra for selskapet. Arbeidet med å lyse ut ny konkurranse om rutene i Sør-Noreg frå 1. april 2020 er i gang, og som ein del av dette arbeidet er Møreforsking tildelt oppdraget med å utføre ei ny utgreiing av det statlege flyrutekjøpet i Sør-Noreg. I dette arbeidet vil Møreforsking blant anna vurdere tilbodet på Florø-rutene. Eg har merka meg ønskingane lokalt om innføring av FOT-ruter, men meiner det er rett å vente på resultatet av dette utgreiingsarbeidet før departementet vurderer om ein skal gjere noko i forkant av dei normale kjøpsprosessane. Rapporten vil verte sendt på høring til involverte fylkeskommunar og andre relevante instansar der dei kan kome med innspel om flyrutene.