Skriftlig spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til statsministeren

Dokument nr. 15:8 (2017-2018)
Innlevert: 09.10.2017
Sendt: 09.10.2017
Besvart: 13.10.2017 av statsminister Erna Solberg

Ingrid Heggø (A)

Spørsmål

Ingrid Heggø (A): Fiskeriministeren vart skulda for å ha gjeve frå seg si private e-postadresse til Frode Reppe i NSL, noko han først nekta for. I ettertid har Sandberg fått hugsen attende og seier at han ikkje kan garantere for at han ikkje har levert ut privatadressa si, noko som medførde at henvendelsar ikkje var journalførde før pressa tok tak i dette.
Kva er statsministeren sitt syn på denne saka, og kan statsministeren garantere at ministrane fyl offentligheitslova og journalfører alle henvendelsar?

Begrunnelse

Fagsjef for kommunikasjon og næringspolitikk i NSL, Frode Reppe, skal ha sendt to eposter til fiskeriminister Per Sandberg og hans statssekretær Roy Angelvik sine private e-postadresser. Årsaken til å bruke private e-postadresser i staden for dei offisielle departementadressene har truleg vore for å unngå at e-postane blei journalførde i departementet sine postarkiv. Frode Reppe har gjenom advokaten sin hevda at det var Per Sandberg som sjølv gav han den private e-postadressa si på eit møte i departementet. Rett nok etter møtet var heva. Først så nekta Sandberg for at dette hadde skjedd, men på spørsmål frå stortingsrepresentantane Lysbakken, Valen, Bergstø og Fylkesnes er det nå endra til at Sandberg ikkje kan garantere at han ikkje har gjeve frå seg den private epostadressa. E-postane er nå journalførde. Saka kom i søkelyset av di det var ein skrivefeil i Sandberg si e-postadresse, og epostane kom difor til ein annan mottaker med same namn, som seinare offentleggjorde dei.

Erna Solberg (H)

Svar

Erna Solberg: Når det gjeld den omtalte enkeltsaka, viser eg til fiskeriministerens svar på spørsmål frå representantane Fylkesnes, Bergstø, Lysbakken og Valen. Fiskeriministeren har blant anna gitt uttrykk for at det å ha ryddig kommunikasjon blir prioritert tungt. Det er ei prioritering eg støttar.
Det er viktig for meg at offentleglova og arkivlova blir følgde og at korrespondanse blir handtert på ein korrekt måte. Journalføringsplikta knyter seg til saksinnhaldet i korrespondansen, og ikkje kva medium eller kva adresse som blir brukt.
Det å følgje reglane om offentlegheit og journalføring skal prioriterast høgt i departementa og hjå politisk leiing. Både statsrådar og andre i den politiske leiinga i departementa blir informert om krava til arkivering og journalføring, men det er den enkelte statsråd og statssekretær som er ansvarleg for at reglane blir følgde. I lys av det store omfanget av korrespondanse, er det likevel slik at det kan skje feil av og til.
Riksrevisjonens undersøking av arkivering og openheit i statleg forvaltning (Dokument 3:10 (2016–2017)) peikar på svakheiter i praktiseringa av regelverket i ulike verksemder. Når det gjeld oppfølginga av tilrådingane på arkivområdet, som kulturministeren har ansvaret for gjennom arkivlova, vil det bli tatt initiativ til at det blir laga relevante rettleiingar om journalføringsplikta og arkivplikta. Kulturministeren vil samarbeide med kommunal- og moderniseringsministeren om ei nærare vurdering av ulike tverrgåande kompetansetiltak i saks- og arkivsystemet retta mot statlege verksemder. Riksrevisjonens undersøking viser også at det er behov for betre opplæring og meir utfyllande informasjon om førehandsunntak, betre etterleving av offentleglova generelt og kompetansetiltak knytte til unntaksreglane i lova og praktiseringa av meirinnsyn. Justisministeren og kommunal- og moderniseringsministeren vil samarbeide om å gripe tak i utfordringane.