Skriftlig spørsmål fra Jenny Klinge (Sp) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:1580 (2016-2017)
Innlevert: 20.09.2017
Sendt: 21.09.2017
Besvart: 28.09.2017 av landbruks- og matminister Jon Georg Dale

Jenny Klinge (Sp)

Spørsmål

Jenny Klinge (Sp): I årets jordbruksoppgjer fekk staten gjennom framlegget sitt om å fjerne lammeslakttilskotet på kr 500 for lam med O-kvalitet. Dette fører til store økonomiske tap, særleg for dei som driv med utgangarsau av gammalnorsk rase, men også for dei som driv med andre lette rasar.
Ser statsråden no at dette ikkje er eit godt grep viss målet er inntektsgivande dyrehald i varierte naturtypar som held kulturlandskapet, og vil han vurdere å gjeninnføre tilskotet til lammeslakt av klasse O?

Begrunnelse

Tilskotsordningar kan innrettast ulikt for å nå ulike politiske mål. Når det gjeld endringa av innretninga på lammeslakttilskotet i årets jordbruksoppgjer, fører dette til store økonomiske tap for dei som driv med lette sauerasar, som gammalnorsk spælsau. Særleg går det ut over dei som driv med utgangarsau av den gammalnorske rasen. Dette igjen fører til press på sjølve rasen, noko landbruksministeren ser ut for å ta lett på, når han uttaler til NRK Møre og Romsdal i august at det berre er å avle fram større dyr.
Senterpartiet har som eitt av våre viktigaste politiske mål å sørgje for matproduksjon i heile landet, basert på dei naturgitte føresetnadene som er i kvar landsdel og på kvar stad. Dette inneber at vi også meiner det er rett å leggje til rette for at det er økonomi i å drive med lette sauerasar. Vi meiner derimot det er feil å stimulere til målretta fôring med kraftfôr på slutten av sesongen for å sikre at lamma kjem opp i klasse O+, når dyra faktisk har gått på beite. Som eit døme: I fjor var det 54 % av vel 2 000 lam på Hitra og på Smøla som kom i klasse O+ eller betre. 46 % av alle villsauslakt i dette området vil frå i år ikkje lenger tilfredsstille krava for å få slakttilskot. Bøndene i området fryktar er at fleire no vil hive seg på trenden med å mikse inn større værar frå andre rasar for å få store nok lam som passar systemet betre. Det seier seg sjølv at dette i så fall vil forringe den gammalnorske rasen, som er ein av få sauerasar som skjøttar utmark og kystlynghei året rundt. Sjølv med gode haustbeiter med god næring vil mange lam måtte få tilleggsfôring med kraftfôr på hausten for å kunne koma opp i klasse O+. Dette er i strid med det Senterpartiet meiner er rett politikk. Vi skulle ønskjer statsråden delte målet vårt om at tilskotsordninga heller la til rette for beitebruk enn for kraftfôrtilskot, samt for å ta vare på den gammelnorske rasen.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Tilskota til sauehald har vore styrkt under denne regjeringa, for å auke produksjonen og dekkje etterspurnaden etter norsk sau og lam. Det har lukkast. Vi har no marknadsbalanse etter mange år med importbehov under tidlegare regjeringar. I tillegg er tilskot til utmarksbeite auka vesentleg, for å leggje betre til rette for auka bruk av våre store utmarksressursar. Tilskota til villsau har vore auka mest, særleg ved at villsau no får husdyrtilskot og avløysartilskot på linje med vanleg sau. Det ga, frå utbetalinga i 2015, stor auke i tilskot for villsauprodusentane.
Som representanten Klinge skriv i spørsmålet, er ulike tilskotsordningar utforma for å nå ulike politiske mål. Tilskotet til lammeslakt skal bidra til auka produksjon av kjøtt med god kvalitet. WTO-regelverket set ei grense for kor mange slakt som kan få dette tilskotet. I årets jordbruks-avtale blei difor grensa for å få tilskot til lammeslakt heva frå klasse O til klasse O+. Hensikta med endringa var altså å tilpasse tilskotet til WTO-reglane, og gjere det på ein måte som stimulerer god kvalitet.
Det er riktig at, med noverande klassefordeling, missar om lag ein tredel av slakt av villsau tilskotet til lammeslakt. Meir enn halvparten av villsauslakta får framleis lammeslakttilskotet, og om lag 15 prosent har aldri fått det. Denne endringa må sjåast i samanheng med den store auken i tilskot som har kome villsauprodusentane til del under denne regjeringa. Det legg godt til rette for lønsemd for villsauprodusentane og for bruken av utmarka, og er vesentleg betre enn kva som var gjeldande under den raud-grøne regjeringa.
Norske sauebønder ligg i verdstoppen i avl på mange saueraser. Ved systematisk avlsarbeid, gode beiter og eventuell delvis innkryssing av andre raser vil også fleire av dei som i dag opplev at dei ikkje får kvalitetstilskot fordi dei har slakt som har for låg klassifisering kunne oppnå dette tilskotet.
Eg minner for øvrig om at det eksisterande klassifieringssystemet har 15 ulike klasser for kjøttfylde, samt 15 ulike klasser for feitt.
Kjøttfylda er målt etter eit system som heiter EUROP og der kvar av dei fem bokstavane har ein pluss og ein minus i tillegg. Høgaste kvalitet ein kan oppnå på slakt er dermed E+ medan lågaste kvalitet er P-. I tillegg kjem fastsetting av feittklasse i 1-5 som også har pluss og ein minus i tillegg. Klasse O som representanten etterspør er dermed den 5 dårlegaste klassa i EUROP.
Kvalitetstilskotet inntreff dermed på 2/3 deler av klassifiseringane. Det er berre den 1/3 med lågast klassifisering som ikkje oppnår dette ekstra tilskotet for høg kvalitet. Dersom eit kvalitetstilskot skal ha noko føre seg meiner eg at ein slik selektering på kvalitet er på eit minimum av kva ein kan forvente.