Skriftlig spørsmål fra Jenny Klinge (Sp) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:1562 (2016-2017)
Innlevert: 08.09.2017
Sendt: 11.09.2017
Besvart: 18.09.2017 av justis- og beredskapsminister Per-Willy Amundsen

Jenny Klinge (Sp)

Spørsmål

Jenny Klinge (Sp): 21. juni vedtok Stortinget revidert nasjonalbudsjett. 23. juni gjekk det ut eit oppdragsbrev om overføring av politiet sine rekneskapstenester til Direktoratet for økonomistyring.
Kan justisministeren gjere greie for kvifor han ikkje - under handsaminga av revidert nasjonalbudsjett - informerte Stortinget om dei moglege planane om å flytte rekneskapsoppgåvene til løns- og rekneskapssenteret i Kristiansund til Trondheim?

Begrunnelse

Det er ikkje lenge sidan regjeringa lova at politiet sitt løns- og rekneskapssenter skulle leggjast til Kristiansund og få 70 stillingar. Dette vart så redusert til 50, fordi regjeringa bestemte at Direktoratet for økonomistyring (DFØ) skulle ta over nokre av oppgåvene på lønsområdet. Til gjengjeld skulle Kristiansund få 20 stillingar til skattekontoret.
I går kom det fram i avisa Tidens Krav at rekneskapsoppgåvene som skulle til Kristiansund kan bli gitt til Trondheim. I offentleg elektronisk postjournal ligg det eit oppdragsbrev datert 23.06.17 om «overføring av politiets regnskapstjenester til Direktoratet for økonomistyring» (DFØ). I revidert nasjonalbudsjett som vart vedtatt to dagar før låg det framleis inne millionar til løns- og rekneskapssenteret i Kristiansund, og verken justiskomiteen eller Stortinget fekk opplysningar om at rekneskapsoppgåvene kanskje ikkje skulle leggjast til Kristiansund.

Per-Willy Amundsen (FrP)

Svar

Per-Willy Amundsen: Jeg kan ikke se at innholdet i oppdragsbrevet som representanten viser til har bevilgningsmessige konsekvenser for 2017. Etablering av 70 nye statlige arbeidsplasser i Kristiansund, herunder 50 i politiet, står fortsatt fast.
Det har i lys av ovennevnte ikke vært naturlig å omtale oppdraget i forbindelse med regjeringens forslag til revidert nasjonalbudsjett 2017.