Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:1428 (2016-2017)
Innlevert: 01.08.2017
Sendt: 02.08.2017
Besvart: 09.08.2017 av forsvarsminister Ine Eriksen Søreide

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Finst det eit kostnadsestimat for kva eit nytt fuelanlegg i fjell ved Evenes flystasjon vil koste, og dersom kostnadsestimatet finst; kva er kostnadsestimatet, og kva var kostnaden ved bygging av tilsvarande anlegg på Ørlandet?

Ine Eriksen Søreide (H)

Svar

Ine Eriksen Søreide: Ved Evenes flystasjon er det planlagt å nytte det eksisterande drivstoffanlegget. Det er difor ikkje planar om å byggje nytt anlegg der. Det er likevel eit behov for å gjere visse tiltak ved dagens anlegg, mellom anna for å oppfylle krav i lover og forskrifter. Det er difor planlagt å setje i gang eit investeringsprosjekt for å gjennomføre desse tiltaka. Kostnadene for tiltaka vil framkomme når eit forprosjekt er ferdig.
På Ørland er det ikkje bygd nytt fjellanlegg for lagring av drivstoff i samband med utbygginga av flystasjonen som hovudbase for F-35 fly. Det er også der planlagt å nytte det eksisterande drivstoffanlegget. Dette vart erverva i 1958 og er i løpet av åra renovert.