Skriftlig spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:1352 (2016-2017)
Innlevert: 22.06.2017
Sendt: 23.06.2017
Besvart: 29.06.2017 av arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Meiner statsråden det er hensiktsmessig å frata einslege mottakarar av omsorgsløn trygdeytingar som AAP og sjukepengar, med den grunngjeving at omsorgsløn er ei form for lønna arbeid?

Begrunnelse

Foreldre som i dag mottar omsorgsløn vert fratekne denne løna, med grunngjeving i at omsorgsløn er ei form for lønna arbeid. Foreldre som sjølv tar ansvaret for eiga barn med funksjonshemming sparar samheldet for store helserekningar, men trass i dette vert dei fråteke trygdeytingar. Foreldre som delar ansvaret for eit born kan flytte omsorgsløna over frå den eine føresette til den andre, medan det ikkje er ei mogelegheit for einslege føresette. Einslege føresette er vanlegvis i ei klart svakare økonomisk situasjon, enn foreldre som bur saman, og tapet av trygdeytingar ei ekstra stor belastning for desse individa.

Anniken Hauglie (H)

Svar

Anniken Hauglie: Dersom ein har særleg tyngande omsorgsarbeid og utfører oppgåver som kommuna elles måtte gjort, kan ein få omsorgsløn. Omsorgsløn gjer det mogleg for private omsorgspersonar å sjølv ha omsorga for sine nærmaste. Ingen har ein lovfesta rett til omsorgsløn, men kommuna har ei plikt til å ha tilbod om ordninga. I samband med endringane i helse- og omsorgstenestelova som trer i kraft 1. oktober 2017 (Prop. 49 L (2016–2017), Innst. 239 L (2016–2017) og Lovvedtak 74 (2016-2017) blir omgrepet "omsorgsløn" erstatta av "omsorgsstønad". Som det går fram av lovforslaget, er dette meir dekkjande for tenesta, men er elles ei vidareføring av gjeldande rett.
Personar som treng aktiv behandling, arbeidsretta tiltak eller får oppfølging av Arbeids- og velferdsetaten for å kome i, eller attende i arbeid, kan få arbeidsavklaringspengar. For rett til arbeidsavklaringspengar må arbeidsevna vere minst 50 prosent nedsett. Dersom mottakar har tapt ein del av arbeidsevna, får han eller ho trekk i arbeidsavklaringspengane slik at ytinga svarar til den delen av arbeidsevna som er tapt.
Arbeidsavklaringspengar vert avkorta etter talet på arbeida timar. Mottakar må sende inn meldekort kvar 14. dag. Arbeida timar som er ført på meldekortet avgjer om personen får rett til arbeidsavklaringspengar. Det avgjer også storleiken på ytinga. Omsorgsløn er lønna arbeid og skal difor førast på meldekortet.
Mottakarar av omsorgsløn er i ein anna situasjon enn ordinære lønstakarar. Eg forstår difor at mange kan reagere på at ein får trekk i arbeidsavklaringspengane ved omsorgsarbeid. Sidan omsorgsløna gir opptjening til pensjon og er skattepliktig, gir den i hovudsak også rett til inntektssikring ved sjukdom og arbeidsløyse. Dersom ein som mottakar av omsorgsløn ikkje skulle tjent opp rett til trygdeytingar og pensjon, ville ikkje mottakarar av omsorgsløn ha rett til arbeidsavklaringspengar.
Personar som mottek omsorgsløn, kan ha rett til sjukepengar dersom omsorgsarbeidet må avsluttast på grunn av sjukdomen. Sjukepengane blir rekna ut på grunnlag av omsorgsløna. Ein del mottakarar har omsorgsløn ved sida av anna lønna arbeid. Dersom dei vert sjukmeldte fra sitt "ordinære" arbeid, men kan fortsatte det løna omsorgsarbeidet, vil sjukepengane normalt ikkje bli påverka av omsorgsløna. Sjukepengane blir utrekna frå den pensjonsgivande inntekta ein har i det arbeidsforholdet sjukmeldinga gjeld. Det er eit vilkår for sjukepengar at evna til å utføre inntektsgjevande arbeid er sett ned med minst 20 prosent. I denne vurderinga ser ein på alt arbeid, også omsorgsarbeid. Dersom ein ikkje har mista minst 20 prosent av den samla inntektsevna (inkludert omsorgsarbeid og ev. andre arbeidsforhold), vil ein dermed ikkje ha rett til sjukepengar.
Det stortingsrepresentant Rotevatn spør om er særskilte reglar for einslege som får arbeids-avklaringspengar eller sjukepengar, og samtidig får omsorgsløn. Arbeidsavklaringspengar og sjukepengar er individuelle ytingar, og regelverket skiljer ikkje på sivilstatus for mottakar. Det er også slik at omsorgsløn vert ytt til ein særskilt mottakar og ein kan difor ikkje dela timane mellom ektefeller slik ein kan ved fosterforeldre/ besøksheim med vidare.
Det er i hovudsak lite ynskjeleg å gi særreglar for enkeltgrupper. Både fordi det er krevjande å grunngje enkeltgrupper sine særskilte ønsker framfor andre, og fordi det gir eit mindre oversiktleg regelverk.
Ein av grunnane til at inntekt som gir opptening av ytingar (herunder sjukepengar og arbeidsavklaringspengar) også kjem til avkorting, er mellom anna for å sikre at folketrygda ikkje kompenserer for inntekt som mottakar fortsatt har.