Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:472 (2016-2017)
Innlevert: 06.01.2017
Sendt: 06.01.2017
Besvart: 13.01.2017 av landbruks- og matminister Jon Georg Dale

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Er landbruksministeren nøgd med måten statsråd Vidar Helgesen har fulgt opp dei vedtaka Stortinget gjorde i samband med ulvemeldinga?

Begrunnelse

Det går fram av eit oppslag i Klassekampen 24. desember at statsråd Dale ikkje uten vidare vil bøye seg for statsråd Helgesen:

"Dale vil utfordre avslaget.
Landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) vil ikke uten videre bøye seg for avgjørelsen fra regjeringskollega Vidar Helgesen (H) om å stanse all felling av ulv i og i kanten av ulvesonen.
Landbruksdepartementets faglige råd om å følge fellingsvedtaket fra rovviltnemndene ble overkjørt av Helgesen, med støtte fra lovavdelingen i Justisdepartementet.
«Eg er oppteken av å gjere vidare vurderingar av vårt handlingsrom for uttak. Eg vil samarbeide med Klima- og miljødepartementet for å innafor lovverket bidra til minst mogleg risiko for beitenæringane», skriver Dale på e-post til Klassekampen.
Dales departement mener etter nøye vurdering at naturmangfoldsloven og Bernkonvensjonen ikke er til hinder for å felle ulv i revir innenfor ulvesonen."

Samstundes er det teikn på opprør mot eiga regjering i Høgre og Frp sine stortingsgrupper. Mellom anna har stortingsrepresentanter frå regjeringspartia demonstrert mot eiga regjeringa på plenen framfor Stortinget.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Ei veksande ulvestamme med betydeleg fleire ynglingar enn vedteke bestandsmål, vil etter mitt syn, vere ei særs krevjande utfordring for landbruksproduksjonen i og i nærleiken av ulvesona.
Dei skadane som vi såg frå ulv i Rendalen i sommar er eit døme på det. Rovvilt og husdyr fungerer dårlig i lag, og gir dessverre mange skader på beitedyr. I tillegg til dei faktiske skadane er dette naturlegvis òg ei vanskeleg belastning for mange bønder som opplever at mange års arbeid kan gå tapt på særs kort tid. Det bidreg òg til å snevre inn produksjonsområda i deler av landet fordi bruk av utmarksressursen i praksis vert gjort umogeleg.
Dette er grunngjevinga for at regjeringa har valgt å foreslå både bestandsmål, ulvesone og ikkje minst tydelege beiteprioriterte områder. Mitt klare mål er dermed å sikre ei forvaltning som i så stor grad som mulig faktisk sikrar at dei beiteprioriterte områda blir prioritert til beitande dyr.
Stortinget har handsama ulvemeldinga i 2016 og fastsett både ulvesone og bestandsmål.
Regjeringa har hatt, og har framleis, ein klar ambisjon om å følge opp dette bestandsmålet.
I samband med rovviltnemndenes vedtak om å gje fellingsløyve på inntil 47 ulv har Klima- og miljødepartementet (KLD) fått saka til klagehandsaming. Den aktuelle saka gjeld ei resterande kvote på inntil 32 ulv. Ettersom skadepotensiale er eit aktuelt vilkår for å kunne gje fellingsløyve, har både KLD og Landbruks- og matdepartementet (LMD) gjort eigne vurderingar av dette.
KLD og LMD har kome til ulik konklusjon. LMD si vurdering er at det er tilstrekkeleg stort skadepotensiale på beitedyr både innafor og ikkje minst utanfor ulvesona av ulv som har revir inne i ulvesona og Osdalsreviret, til at det kan bli felt ulv i tråd med rovviltnemndene sine vedtak. KLD si faglege vurdering er at skadepotensialet ikkje er tilstrekkelig stort til at slik felling kan finne stad.
Dette er utgangspunktet for at regjeringa og statsråd Helgesen sende begge dei ulike vurderingane til lovavdelinga i Justis- og beredskapsdepartementet for å få råd om korleis lovverket best kan forstås sett i lys av både bestandsmål for ulv fastsett av Stortinget, heimel etter naturmangfaldlova og etter Bernkonvensjonen.
Eg er oppteken av å utnytte det handlingsrommet som lovgjevar har gitt regjeringa. I dette tilfelle har likevel lovavdelinga kome til ein annan konklusjon enn LMD. På den bakgrunn har KLD avgjort klagesaka.
Som eg også har uttalt til media, er eg oppteken av å gjere vidare vurderingar av vårt handlingsrom for uttak, og eg vil samarbeide med statsråd Helgesen for å bidra til minst mogleg risiko for beitenæringane.
Eg peikar i den samanheng på at regjeringa vil vurdere norsk lovverk opp mot den nylege domsslutninga frå Høgsta Førvaltningsdomstolen i Sverige og om tilsvarande vurderingar kan gje grunnlag for uttak i Noreg. Vidare har regjeringa varsla lågare terskel for uttak før beitesesong. Regjeringa vil òg styrke innsatsen for å dokumentere skadepotensial mellom anna ved radiomerking av ulv.
Eg er oppteken av å halde fram arbeidet for å vurdere vårt handlingsrom for uttak, både i framtidig lisensjakt og ved skadefelling.