Skriftlige spørsmål og svar

Liste over skriftlige besvarelser. Skriftlige spørsmål er en kort spørsmålsform, og er ikke gjenstand for debatt i Stortinget.

Avgrens utvalget

Finn spørsmål til skriftlig besvarelse etter

Tveiten, Rita (1 - 13 av 13)
  • Skriftlig spørsmål fra Rita Tveiten (A) til miljøvernministeren

    Dokument nr. 15:645 (2004-2005)

    Innlevert: 29.03.2005

    Sendt: 30.03.2005

    Besvart: 06.04.2005 av miljøvernminister Knut Arild Hareide

    Noreg har eit nasjonalt ansvar for å sikra levedyktige villaksstammar. Det har vore stor semja om at etablering av nasjonale laksevassdrag og fjordar kan vera eit viktig bidrag i dette arbeidet. Frå fleire tunge fagmiljø er det hevda at etableringa må sjåast på som ei før-var-tiltak, og at ordninga med nasjonale laksefjordar må følgjast opp med systematiske undersøkingar for å finna ut om tiltaket har den ønska effekten. Kva planar har statsråden for å undersøkja effekten av dei nasjonale laksefjordane/vassdraga?
  • Skriftlig spørsmål fra Rita Tveiten (A) til forsvarsministeren

    Dokument nr. 15:512 (2004-2005)

    Innlevert: 17.02.2005

    Sendt: 17.02.2005

    Besvart: 01.03.2005 av forsvarsminister Kristin Krohn Devold

    Det er kjent at generalinspektøren for Sjøforsvaret vil gje erstatning til tilsette i Forsvaret som tenestegjorde ombord på marinefartøyet KNM "Kvikk". Undersøkingar viser samanheng mellom foreldres teneste ombord og dei 26 barna som i ettertid er fødde med misdanningar. Det var også vernepliktige om bord på KNM "Kvikk", som i ettertid har fått barn med misdanning. Har ikkje staten eit ansvar også for vernepliktige, og kvifor vil ikkje Forsvaret undersøkja dei vernepliktige, på lik linje med befalet?
  • Skriftlig spørsmål fra Rita Tveiten (A) til forsvarsministeren

    Dokument nr. 15:409 (2004-2005)

    Innlevert: 20.01.2005

    Sendt: 20.01.2005

    Besvart: 26.01.2005 av forsvarsminister Kristin Krohn Devold

    Kva er grunnen til at Forsvaret held tilbake delar av den kontrakten som blei inngått med NATECH i 2001, og på kva for grunnlag kan Forsvaret einsidig gjera om på den inngåtte kontrakten?
  • Skriftlig spørsmål fra Rita Tveiten (A) til forsvarsministeren

    Dokument nr. 15:725 (2003-2004)

    Innlevert: 28.05.2004

    Sendt: 28.05.2004

    Besvart: 03.06.2004 av forsvarsminister Kristin Krohn Devold

    Vil forsvarsministeren setja i verk ombygging av hovudmotorane på kystvaktskipa våre som fører til reduksjon av både drivstoff forbruket, NOx- og CO2-utsleppa?
  • Skriftlig spørsmål fra Rita Tveiten (A) til sosialministeren

    Dokument nr. 15:621 (2003-2004)

    Innlevert: 22.04.2004

    Sendt: 23.04.2004

    Besvart: 30.04.2004 av sosialminister Ingjerd Schie Schou

    Kan sosialministeren hjelpa til med å berga tiltaksplassane ved Stiftelsen Sandviken Slipp i Bergen, da desse står i fare for å bli avvikla som følgje av dei var utegløymt på lista over tiltak som vart overført då ansvaret for barnevern og rusomsorg vart overført frå fylkeskommunen til staten ved helseføretaka frå 1. januar 2004?
  • Skriftlig spørsmål fra Rita Tveiten (A) til forsvarsministeren

    Dokument nr. 15:538 (2003-2004)

    Innlevert: 23.03.2004

    Sendt: 23.03.2004

    Besvart: 29.03.2004 av forsvarsminister Kristin Krohn Devold

    Vil statsråden oppretthalda tidsfaktoren som var knytt til HV-09s flytteplanar til Bergenhus Festning for å unngå nye leigekostnader, og kva for ressursar stiller statsråden til disposisjon for Forsvarsbygg slik at lokala på Bergenhus Festning er i forsvarleg stand før eventuell innflytting av den nye distriktsstaben?
  • Skriftlig spørsmål fra Rita Tveiten (A) til kommunal- og regionalministeren

    Dokument nr. 15:116 (2000-2001)

    Innlevert: 07.12.2000

    Sendt: 08.12.2000

    Besvart: 13.12.2000 av kommunal- og regionalminister Sylvia Brustad

    Befolkingsutviklinga i indre Hardanger har over lang tid synt ei negativ utvikling med fråflytting, særleg gjeld dette ungdom. Tap av arbeidsplassar og manglande infrastruktur pregar bilete. Kraftige omstillingstiltak for å få nytta ressursane i regionen må til. Vil kommunalministeren vurdera å gje Hardanger-og Vossregionen status som omstillingsregion?
  • Skriftlig spørsmål fra Rita Tveiten (A) til fiskeriministeren

    Dokument nr. 15:201 (1999-2000)

    Innlevert: 14.02.2000

    Sendt: 14.02.2000

    Besvart: 21.02.2000 av fiskeriminister Lars Peder Brekk

    Kva vil fiskeriministeren gjera for å styrkja testingskapasiteten for blåskjell og kvalitetssikra analysemetodane slik at desse vert harmoniserte i høve til EU-praksis?
  • Skriftlig spørsmål fra Rita Tveiten (A) til finansministeren

    Dokument nr. 15:182 (1999-2000)

    Innlevert: 03.02.2000

    Sendt: 04.02.2000

    Besvart: 10.02.2000 av finansminister Gudmund Restad

    Fiskarfrådraget og sjømannsfrådraget er i utgangspunktet likt ved at begge er 30% av arbeidsinntekt ombord, avgrensa til kr.70.000. Minstekravet er 130 arbeidsdagar ombord i løpet av eit kalendarår. Sjøfolk som er i fast stilling får eit høvesvis frådrag sjølv om dei ikkje har 130 dagar ombord ved t.d. skulegong. Fiskarane kan også koma i ein slik situasjon m.a ved at fiskekvotane no er reduserte. Kva kan gjerast for å gje fiskarane same retten til frådrag som det andre sjøfolk har?
  • Skriftlig spørsmål fra Rita Tveiten (A) til finansministeren

    Dokument nr. 15:181 (1999-2000)

    Innlevert: 03.02.2000

    Sendt: 04.02.2000

    Besvart: 10.02.2000 av finansminister Gudmund Restad

    Fiskarar med lottinntekt har ikkje rett til minstefrådrag ettersom lottinntekt vert handsama som næringsinntekt. Havfiskarane er på lik linje som arbeidstakarar på skip, omfatta av bestemmelsane i Sjømannslova når det gjeld både tilsetting og oppseiing. Dei er også bundne av kollektive tariffavtalar mellom hovedorganisasjonane. Inneber dette etter finansministeren sitt syn ei rimeleg skattemessig handsaming av fiskarane i høve til det som gjeld for arbeidstakarar på skip?
  • Skriftlig spørsmål fra Rita Tveiten (A) til fiskeriministeren

    Dokument nr. 15:373 (1998-99)

    Innlevert: 28.06.1999

    Sendt: 29.06.1999

    Besvart: 08.07.1999 av fiskeriminister Peter Angelsen

    Er fiskeridepartementet samd i at ressursuttaket av sei må regulerast etter industrien sin trong for råstoff, slik at norsk fiskeindustri kan byggjast opp til å verta ein stor leverandør av vidareforedla ferskfiskprodukt, kan det lagast ei ordning med periodisering av fangsten og å tildela kvart fartøy ein eigen kvote, og kan det setjast i verk tiltak som gjer at det er føremoner knytt til at norske fangstar vert landa i Norge framfor at dei vert leverte direkte til t.d. Danmark?
  • Skriftlig spørsmål fra Rita Tveiten (A) til kommunal- og regionalministeren

    Dokument nr. 15:372 (1998-99)

    Innlevert: 28.06.1999

    Sendt: 29.06.1999

    Besvart: 02.07.1999 av kommunal- og regionalminister Odd Roger Enoksen

    Vil KRD prioritera dei fylka og dei prosjekta som no vert reduserte eller utsette, etter halveringa av Kap 551.58 Regionale samordningstiltak, i budsjett for neste år?
  • Skriftlig spørsmål fra Rita Tveiten (A) til barne- og familieministeren

    Dokument nr. 15:23 (1998-99)

    Innlevert: 16.10.1998

    Sendt: 16.10.1998

    Besvart: 23.10.1998 av barne- og familieminister Valgerd Svarstad Haugland

    I FN sin barnekonvensjon (art 12) er det vektlagt at barn skal få seia si meining og at det skal takast tilbørleg omsyn til den. I saka om «Knut» som me kjenner frå media, er det ikkje oppnemd eigen talsperson for barnet. Vedtak er fatta stikk mot barnet sitt ønske. Knut sin nærmaste omsorgsperson er ikkje rekna som part i saka, trass i mange år omsorgsansvar. Korleis kan barne- og familieministeren sikra at barnet sin rett og rettstryggleik går føre dei vaksne sine rettar?