Skriftlige spørsmål og svar

Liste over skriftlige besvarelser. Skriftlige spørsmål er en kort spørsmålsform, og er ikke gjenstand for debatt i Stortinget.

Avgrens utvalget

Finn spørsmål til skriftlig besvarelse etter

Løvik, Petter (1 - 20 av 87)
  • Skriftlig spørsmål fra Petter Løvik (H) til fiskeri- og kystministeren

    Dokument nr. 15:1059 (2006-2007)

    Innlevert: 16.05.2007

    Sendt: 18.05.2007

    Besvart: 25.05.2007 av fiskeri- og kystminister Helga Pedersen

    På kort varsel vedtok Regjeringa i fjor å setje ei grense på kor mange kilo fisk turistar kan ta ut av landet. Grensa på 15 kg vekte sterke reaksjonar i reiselivsverksemdene langs kysten og hos turistfiskarar. Oppslag i Dagens Næringsliv 16. mai viser til ein kraftig nedgang i omsetninga for ei rekkje verksemder sidan grensa vart innført. Vil statsråden foreta ein konsekvensutgreiing både for det ordinære fiskeriet og for reiselivsnæringa med tanke på å auke eller fjerne grensa?
  • Skriftlig spørsmål fra Petter Løvik (H) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:855 (2006-2007)

    Innlevert: 29.03.2007

    Sendt: 30.03.2007

    Besvart: 20.04.2007 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

    Fleire medier melder at tre stamvegprosjekt i Møre og Romsdal og delvis Sogn og Fjordane kan bli utsette på grunn av overskridingar i Trøndelag. Det gjeld E39 Kvivsvegen og Renndalen-Staurset og E136 Eksportvegen mellom Monge og Marstein. Kva vil statsråden gjere for å sikre at dei samrøystes prioriteringane og forslaga til løyvingar som Stortinget gjorde for desse i Nasjonal transportplan blir følgde opp?
  • Skriftlig spørsmål fra Petter Løvik (H) til kultur- og kirkeministeren

    Dokument nr. 15:791 (2006-2007)

    Innlevert: 21.03.2007

    Sendt: 22.03.2007

    Besvart: 12.04.2007 av kultur- og kirkeminister Trond Giske

    Då Stortinget vedtok utbygging av digitalt bakkenett for fjernsyn var føresetnaden at dekninga skulle bli betre og meir omfattande enn i dag. Nye dekningskart viser at fleire område som i dag har god dekning ikkje vil få dekning i det nye digitale systemet. Kva vil statsråden gjere for å sikre at Stortinget sine krav og intensjonar blir følgde opp?
  • Skriftlig spørsmål fra Petter Løvik (H) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:768 (2006-2007)

    Innlevert: 16.03.2007

    Sendt: 16.03.2007

    Besvart: 23.03.2007 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

    I forbindelse med utbetring av Ålesundtunnellane er det frykt for 1,5 års nattestenging mellom kl. 22.00 og 06.00. Dette vil vere dramatisk både for befolkning og næringsliv i kommunen og dessutan skape store problem for avviklinga av flytrafikken på Vigra som utgjer om lag halvparten av flytrafikken i Møre og Romsdal. Vil statsråden bidra til å finne midlertidige løysingar som t.d. ferje som kan sikre god framdrift i arbeidet og samtidig sikre kommunikasjonen til og frå kommunen og flyplassen?
  • Skriftlig spørsmål fra Petter Løvik (H) til fiskeri- og kystministeren

    Dokument nr. 15:653 (2006-2007)

    Innlevert: 22.02.2007

    Sendt: 23.02.2007

    Besvart: 02.03.2007 av fiskeri- og kystminister Helga Pedersen

    Russarane seier på nytt nei til å sleppe til norske forskingsfartøy i russisk sone i Barentshavet. Samtidig har russarane av økonomiske årsaker ikkje eigne forskingsfartøy i området. Vi vil derfor for andre år på rad mangle viktige opplysningar om dei viktige fiskebestandane i Barentshavet. Kva vil statsråden gjere for at desse viktige forskingsprosjekta skal kunne gjennomførast?
  • Skriftlig spørsmål fra Petter Løvik (H) til arbeids- og inkluderingsministeren

    Dokument nr. 15:607 (2006-2007)

    Innlevert: 15.02.2007

    Sendt: 16.02.2007

    Besvart: 23.02.2007 av arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen

    Molde kommune søkte i brev 2. oktober 2006 om eit treårig forsøk der kommunen skulle etablere og drive det lokale NAV-kontoret i kommunal regi. Dette er ei organisering om lag som den danske modellen. Kommunen vil mellom anna prøve ut om ei alternativ organisering der staten dreg opp dei store linjene og kommunen utformar og driv tenestene kan gi betre brukarretting. Kommunen har ikkje fått svar på søknaden. Vil statsråden ta initiativ slik at Molde kommune får klarsignal til å gjennomføre dette spennande forsøket?
  • Skriftlig spørsmål fra Petter Løvik (H) til miljøvernministeren

    Dokument nr. 15:540 (2006-2007)

    Innlevert: 02.02.2007

    Sendt: 05.02.2007

    Besvart: 12.02.2007 av miljøvernminister Helen Bjørnøy

    Atomgjenvinningsanlegget i Sellafield vart stengt i 2005, mellom anna etter sterkt press frå den forrige norske regjeringa. Nå blir det hevda at britiske styresmakter vil åpne anlegget på nytt. Dette vil vere til stor skade for miljø og næringsliv også langt norskekysten. Spesielt fiskeri- og havbruksnæringa vil kunne bli hardt ramma. Kva vil statsråden og Regjeringa gjere for å bidra til at Sellafield-anlegget framleis skal vere stengt?
  • Skriftlig spørsmål fra Petter Løvik (H) til nærings- og handelsministeren

    Dokument nr. 15:520 (2006-2007)

    Innlevert: 31.01.2007

    Sendt: 01.02.2007

    Besvart: 07.02.2007 av nærings- og handelsminister Dag Terje Andersen

    GIEK sin byggelånsgaranti for norske verft har sidan ordninga vart oppretta i 2005 vore ein suksess. Det kjem nå signal om at ramma på 2.5 mrd. kr er i ferd med å bli oppbrukt. Sjølv om delar av norsk verftsnæring, spesielt dei offshoreretta delane, går svært bra, er det viktig å stimulere breidda i næringa og tenke langsiktig. Kva er status for GIEK si byggelånsramme, og har Regjeringa planer om å utvide ramma om denne skulle bli for knapp?
  • Skriftlig spørsmål fra Petter Løvik (H) til nærings- og handelsministeren

    Dokument nr. 15:483 (2006-2007)

    Innlevert: 23.01.2007

    Sendt: 24.01.2007

    Besvart: 31.01.2007 av nærings- og handelsminister Dag Terje Andersen

    Sikkerheit på sjøen er viktig og må gå føre andre omsyn, men i enkelte tilfelle kan sikkerheitskrava bli oppfatta som urimelege. Kvalsafari i Vesterålen er eit unikt sommar- og godversreiselivsprodukt. Dei er underlagte strenge sikkerheitkrav som om det var heilårsaktivitet. Vil statsråden vurdere om nivået på sikkerheitskrava til kvalsafari kan reduserast mot at det vert lagt restriksjonar på tid på året, veravgrensingar, dagslys etc. desse båtane kan operere i?
  • Skriftlig spørsmål fra Petter Løvik (H) til fiskeri- og kystministeren

    Dokument nr. 15:464 (2006-2007)

    Innlevert: 19.01.2007

    Sendt: 22.01.2007

    Besvart: 29.01.2007 av fiskeri- og kystminister Helga Pedersen

    Norske fiskarar og norsk fiskeindustri er svært negative til at det nå er inngått ein avtale som opnar for at Island kan fiske meir sild i norsk sone. Denne avtalen er inngått stikk i strid med råd frå ei samla fiskerinæring i Noreg og vil føre til store tap for fiskeri og fiskeindustri. Korleis kan statsråden forsvare at det er inngått ein slik avtale stikk i strid med næringa sitt syn?
  • Skriftlig spørsmål fra Petter Løvik (H) til fiskeri- og kystministeren

    Dokument nr. 15:463 (2006-2007)

    Innlevert: 19.01.2007

    Sendt: 22.01.2007

    Rette vedkommende: Utenriksministeren

    Besvart: 29.01.2007 av utenriksminister Jonas Gahr Støre

    Intrafish melder 19. januar at Noreg si laksesak i Verdens Handelsorganisasjon (WTO) ikkje står så sterkt som vi har håpa. Saka gjeld EU sitt antidumping-regime mot Noreg. Det vert mellom anna sagt at eit høyringsnotat frå USA i hovudsak støttar EU, og vi veit at USA har stor makt i WTO. Kva er status for Noreg si laksesak i WTO?
  • Skriftlig spørsmål fra Petter Løvik (H) til fiskeri- og kystministeren

    Dokument nr. 15:426 (2006-2007)

    Innlevert: 12.01.2007

    Sendt: 15.01.2007

    Besvart: 19.01.2007 av fiskeri- og kystminister Helga Pedersen

    Firmaet Welltug Shipping AS i Vanylven på Sunnmøre har tidlegare vore i kontakt med Fiskeri- og kystdepartementet om eit prosjekt for å kombinere slepebåt med brønnbåt for å få meir slepekapasitet for pengane. Vil statsråden ta initiativ til vidare samarbeid med Welltug Shipping AS om denne saka?
  • Skriftlig spørsmål fra Petter Løvik (H) til olje- og energiministeren

    Dokument nr. 15:161 (2006-2007)

    Innlevert: 06.11.2006

    Sendt: 07.11.2006

    Besvart: 14.11.2006 av olje- og energiminister Odd Roger Enoksen

    Det blir nå innført eige prisområde for elektrisk kraft for Møre og Romsdal og Trøndelag. Dette vil gi høgare prisar i dette området, noko som er heilt uakseptabelt for både familiar og næringsliv. Stortinget har for få månader sidan sagt at dette ikkje er aktuelt. Kva vil statsråden gjere for å sikre at Stortinget sitt syn vert gjennomført i denne saka?
  • Skriftlig spørsmål fra Petter Løvik (H) til justisministeren

    Dokument nr. 15:114 (2006-2007)

    Innlevert: 27.10.2006

    Sendt: 30.10.2006

    Besvart: 01.11.2006 av justisminister Knut Storberget

    Frå verftsindustrien blir det nå påpeika at det tar altfor lang tid å få papira i orden for utanlandske arbeidarar som trengst og som vil arbeide i Noreg. Flaskehalsen er i politiet, blir det hevda. Regjeringa har sagt at dei vil bidra til å få til auka bruk av utanlandsk arbeidskraft. Kva konkret vil statsråden gjere for å få ned saksbehandlingstida så raskt som mogleg?
  • Skriftlig spørsmål fra Petter Løvik (H) til fiskeri- og kystministeren

    Dokument nr. 15:110 (2006-2007)

    Innlevert: 26.10.2006

    Sendt: 27.10.2006

    Besvart: 02.11.2006 av fiskeri- og kystminister Helga Pedersen

    Mannskapssituasjonen i norsk fiskerinæring er alvorleg mellom anna på grunn av Regjeringas utviding av nettolønsordninga. Fleire farty slit med å skaffe arbeidskraft. Eg viser i den samanheng til rundskriv UDI 02-59 OPA om arbeidstillatelse for ufaglært arbeidskraft, jf. utlendingsforskriften § 4a andre ledd bokstav f. Vil statsråden vurdere at også havfiskarar kan takast inn i den forskrifta?
  • Skriftlig spørsmål fra Petter Løvik (H) til miljøvernministeren

    Dokument nr. 15:59 (2006-2007)

    Innlevert: 13.10.2006

    Sendt: 16.10.2006

    Besvart: 23.10.2006 av miljøvernminister Helen Bjørnøy

    Det blir nå gitt klarsignal for utbygging av gasskraftverk på Mongstad der fullføring av CO2-handteringa kjem fleire år seinare. Kan ein rekne med at andre planlagde gasskraftprosjekt som dei på Tjeldbergodden og i Fræna vil kunne få same eller liknande vilkår for utbygging?
  • Skriftlig spørsmål fra Petter Løvik (H) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:1242 (2005-2006)

    Innlevert: 29.09.2006

    Sendt: 29.09.2006

    Rette vedkommende: Nærings- og handelsministeren

    Besvart: 06.10.2006 av nærings- og handelsminister Dag Terje Andersen

    Fleire grunnstøytingar med bil- og passasjerferjer siste åra har skapt uro blant mange langs kysten. Vil statsråden vurdere regelverket og praktiseringa av dette for å få redusert talet på desse alvorlege hendingane?
  • Skriftlig spørsmål fra Petter Løvik (H) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:1241 (2005-2006)

    Innlevert: 29.09.2006

    Sendt: 29.09.2006

    Besvart: 10.10.2006 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

    Vil statsråden bidra til at båtruta mellom Ålesund og Valderøy kan ta med passasjerar mellom desse to stadane i perioden med opprusting av Ålesundtunnelane?
  • Skriftlig spørsmål fra Petter Løvik (H) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:1206 (2005-2006)

    Innlevert: 21.09.2006

    Sendt: 22.09.2006

    Besvart: 02.10.2006 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

    Kva meiner statsråden må gjerast på kort og lang sikt for å få større kapasitet på Ørsta-Volda lufthamn, Hovden?
  • Skriftlig spørsmål fra Petter Løvik (H) til fiskeri- og kystministeren

    Dokument nr. 15:1063 (2005-2006)

    Innlevert: 16.06.2006

    Sendt: 19.06.2006

    Besvart: 28.06.2006 av fiskeri- og kystminister Helga Pedersen

    Meiner statsråden at oppdrett av laks og ørret kan ha ulik miljøpåvirkning på villaksen, og vil det med bakgrunn i slik ulikskap vere aktuelt å ha ulike restriksjonar for oppdrett av dei to fiskeslaga?