Skriftlige spørsmål og svar

Liste over skriftlige besvarelser. Skriftlige spørsmål er en kort spørsmålsform, og er ikke gjenstand for debatt i Stortinget.

Avgrens utvalget

Finn spørsmål til skriftlig besvarelse etter

Starrfelt, Oddbjørg Ausdal (1 - 20 av 44)
  • Skriftlig spørsmål fra Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:750 (2004-2005)

    Innlevert: 04.05.2005

    Sendt: 06.05.2005

    Besvart: 10.05.2005 av samferdselsminister Torild Skogsholm

    Havarikommisjonen for sivil luftfart og jernbane (HSLB) har i brev frå Samferdselsdepartementet av 7. oktober 2004 fått i oppdrag å foreta "en mer generell undersøkelse og analyse av hvorledes sikkerheten blir ivaretatt i forbindelse med de pågående endringer og omstillingsprosesser hos myndigheter og selskaper i norsk luftfart". Vil statsråden setja i verk tiltak på bakgrunn av informasjon frå HSLB så langt, og kva tid og på kva måte vil statsråden informera Stortinget om anbefalingar frå HSLB?
  • Skriftlig spørsmål fra Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:302 (2004-2005)

    Innlevert: 08.12.2004

    Sendt: 09.12.2004

    Besvart: 16.12.2004 av samferdselsminister Torild Skogsholm

    Statsråden har dei siste vekene kome med ulike og til dels motstridande utsegn knytte til flytteprosessen av Luftfartstilsynet til Bodø. Det er viktig at ulike tiltak vert vurdert, og at konklusjonane vert gjort kjent for dei tilsette så snart som mogleg. Kan statsråden gjera greie for kva tiltak som er og vil verte sette i verk og korleis dette vert gjort kjent for dei tilsette, samt tiltak for å rekruttera nytt personell slik at tilsynet kan etablerast i Bodø som vedteke?
  • Skriftlig spørsmål fra Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:798 (2003-2004)

    Innlevert: 17.06.2004

    Sendt: 18.06.2004

    Besvart: 29.06.2004 av samferdselsminister Torild Skogsholm

    Luftfarten i Noreg er inne i ein omfattande og krevjande omstillingsprosess. Konkurransen mellom flyselskapa er sterk, talet på norskeigde fly aukar og Avinor AS er inne i ein tøff omorganiserings- og nedbemanningsprosess. Samstundes er kapasiteten i Luftfartstilsynet redusert fordi mange har sagt opp. Dei kan melda om reduksjon i talet på tilsyn og auke i kor mange avvik dei avdekkar pr. tilsyna. Dette gjev grunn til uro. Kva vil statsråden gjera for å forsikra seg om at dette ikkje går ut over tryggleiken i lufta?
  • Skriftlig spørsmål fra Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A) til barne- og familieministeren

    Dokument nr. 15:585 (2003-2004)

    Innlevert: 01.04.2004

    Sendt: 02.04.2004

    Besvart: 14.04.2004 av barne- og familieminister Laila Dåvøy

    Begge foreldra har i utgangspunktet same forsytarplikt overfor barna, også etter ei skilsmisse. Dersom ein av foreldra arbeider mindre, må dette ha ein rimeleg grunn for å verta akseptert. Eg har kjennskap til saker som kan tyda på at skjønnet som vert utøvd når det gjeld kva som er rimeleg grunn, ikkje vert utøvd likt for mødre og fedre. Kan statsråden bekrefta at forsytarplikta gjeld både mor og far, og at skjønn i høve til fastsetjing av inntekt skal utøvast kjønnsnøytralt?
  • Skriftlig spørsmål fra Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:359 (2003-2004)

    Innlevert: 09.02.2004

    Sendt: 09.02.2004

    Besvart: 17.02.2004 av samferdselsminister Torild Skogsholm

    Då samferdselskomiteen var på vitjing på Trondheim Lufthavn Værnes sist veke, kom det fram motstridande informasjon frå leiinga i Avinor AS og tillitsvalde om ei rekkje spørsmål. Dette gjaldt m.a. storleik på investeringa i ny kontrollsentral, kostnader og tekniske tilhøve ved dei to alternative plasseringane av ein kontrollsentral nord i Bodø eller Trondheim. Kan statsråden gje Stortinget rett informasjon om desse spørsmåla?
  • Skriftlig spørsmål fra Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:358 (2003-2004)

    Innlevert: 09.02.2004

    Sendt: 09.02.2004

    Besvart: 17.02.2004 av samferdselsminister Torild Skogsholm

    Omlegging av kontrollsentralar i luftfarten er teknisk svært omfattande operasjonar, og det er avgjerande for tryggleiken at dette skjer på ein forsvarleg måte. Tilsette i Avinor AS har peika på at planar om gjennomføring av reduksjon av talet på sentralar i Noreg frå 4 til 2 har eit for høgt tempo. På kva måte vil statsråden sikra at eventuelle endringar skjer på ein forsvarleg måte?
  • Skriftlig spørsmål fra Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:331 (2003-2004)

    Innlevert: 03.02.2004

    Sendt: 04.02.2004

    Besvart: 10.02.2004 av samferdselsminister Torild Skogsholm

    Luftfartstilsynet har stilt ei rekkje spørsmål til Avinor AS om omstillingsprosessen "Take-off-05". På kva måte vil statsråden sikra at Luftfartstilsynet sine merknader og eventuelle krav vert fylgt opp på ein forsvarleg måte, og vil ho, om naudsynt, påleggja Avinor AS å bruka lenger tid på omstillingsprosessen enn det som er planlagt?
  • Skriftlig spørsmål fra Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:330 (2003-2004)

    Innlevert: 03.02.2004

    Sendt: 04.02.2004

    Besvart: 09.02.2004 av samferdselsminister Torild Skogsholm

    Omstillinga i Avinor AS kalt "Take-off-05" inneheld planar om at fast tilsette delvis skal erstattast av innleigde folk og at m.a. deler av tryggleiksarbeidet skal utførast av selskap utafor Avinor AS. Meiner statsråden at dette er ei avgjerd selskapet sjølv kan ta innafor vedteke regelverk, eller vil ho leggja slike spørsmål fram for generalforsamlinga, ev. Stortinget?
  • Skriftlig spørsmål fra Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A) til helseministeren

    Dokument nr. 15:260 (2003-2004)

    Innlevert: 12.01.2004

    Sendt: 13.01.2004

    Besvart: 26.01.2004 av helseminister Dagfinn Høybråten

    Statsministaren la i nyttårstalen sin vekt på psykisk helsevern og den vedtekne opptrappingsplanen. Parallelt med dette vert det meldt om planar om innskrenking/nedlegging av tilbod, m.a. på Vestlandet. På kva måte vil statsråden sikra at ingen nedbygging finn stad før eit godt tilbod er bygd opp og gjort tilgjengeleg, og kva initiativ vil han ta for å forsikra seg om at det vert ei reell opptrapping av psykiatrien på alle nivå?
  • Skriftlig spørsmål fra Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:229 (2003-2004)

    Innlevert: 15.12.2003

    Sendt: 16.12.2003

    Besvart: 08.01.2004 av samferdselsminister Torild Skogsholm

    Linjegods AS er det største kunden til CargoNet AS frå Stavanger. Dersom dei ikkje får klarlagt innan utgangen av januar om og på kva vilkår dei kan få kjøpa tomt knytte til den nye godsterminalen på Ganddal, vil dei flytta til Forus eller Risavika. Er statsråden kjent med dette, og vil ho ta naudsynte initiativ for å hindra at Linjegods AS flytter bort frå jernbanelina? Vedlegg til spørsmål: Artikkel i Stavanger Aftenblad 4. desember 2003 vedrørande "Linjegods kan droppe Ganddal". Internett: http://aftenbladet.no/nyheter/lokalt/article.jhtml?articleID=181713
  • Skriftlig spørsmål fra Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A) til utdannings- og forskningsministeren

    Dokument nr. 15:633 (2002-2003)

    Innlevert: 04.06.2003

    Sendt: 04.06.2003

    Besvart: 10.06.2003 av utdannings- og forskningsminister Kristin Clemet

    Vil statsråden ta initiativ til å skaffa seg oversikt over kor mange vaksne med rett til vidaregåande opplæring, som har teke slik utdanning etter at slik rett vart gitt alle vaksne, født før 1978, utan fullført vidaregåande utdanning, og vil statsråden på den bakgrunn ta initiativ til ein tiltaksplan for å gje dei som ynskjer det tilbod innan ei avgrensa tid?
  • Skriftlig spørsmål fra Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A) til justisministeren

    Dokument nr. 15:564 (2002-2003)

    Innlevert: 16.05.2003

    Sendt: 16.05.2003

    Besvart: 21.05.2003 av justisminister Odd Einar Dørum

    Ifølgje ein rapport om ressursfordelinga mellom politidistrikta, er Rogaland politidistrikt sterkt underbemanna. Kva vil statsråden gjera for å retta opp dette? Vedlegg til spørsmål: Brev frå ordførar Leif Johan Sevland i Stavanger kommune til Stortingets justiskomité vedrørande nye stillingar til Rogaland politidistrikt. Journalnummer: 011967/03. Brevet er datert 7. mars 2003.
  • Skriftlig spørsmål fra Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A) til helseministeren

    Dokument nr. 15:557 (2002-2003)

    Innlevert: 15.05.2003

    Sendt: 15.05.2003

    Besvart: 26.05.2003 av helseminister Dagfinn Høybråten

    Det er stadig gangpasientar på avdelingar ved Sentralsjukehuset i Rogaland, m.a. på hjarteavdelinga 4H. Dette er i strid med nasjonale målsettingar. Kva initiativ vil statsråden for å få endra på dette? Vedlegg til spørsmål: Debattinnlegg frå Svein-Inge Thime i Rogalands Avis den 2. mai 2003.
  • Skriftlig spørsmål fra Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A) til nærings- og handelsministeren

    Dokument nr. 15:551 (2002-2003)

    Innlevert: 13.05.2003

    Sendt: 14.05.2003

    Besvart: 20.05.2003 av nærings- og handelsminister Ansgar Gabrielsen

    Viser til konsortialoverenskomsten mellom SAS Danmark, SAS Sverige og SAS Norge § 2 og § 3, der det framgår at virksomheten skal fordeles mellom Sverige, Danmark og Norge i forholdet 3:2:2. Styret har nå vedtatt å flytte ut ca. 420 årsverk fra Norge. Mener næringsministeren at styrets vedtak er i tråd med denne avtalen og dersom dette ikke er tilfelle, hva vil statsråden foreta seg for å få endret vedtaket? Vedlegg til spørsmål: Konsortialoverenskomst, vedlegg 4.
  • Skriftlig spørsmål fra Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:448 (2002-2003)

    Innlevert: 01.04.2003

    Sendt: 01.04.2003

    Besvart: 08.04.2003 av samferdselsminister Torild Skogsholm

    Korleis vil statsråden sikra at små og mellomstore bedrifter i anleggsbransjen får oppdrag nå som drift- og vedlikehald av veg er 100 pst. konkurranseutsett, og kan statsråden tenkja å stilla krav om bankgaranti i staden for eller i tillegg til krav om eigenkapital for å sikra desse oppdraga? Vedlegg til spørsmål: Brev fra Maskinentreprenørenes forbund ved administrerende direktør Trond Johannesen og informasjonssjef Siri Ulvin til Stortingets samferdselskomité om kapasitets- og konkurransesituasjonen i anleggsbransjen - utfordringer for små og mellomstore bedrifter og forslag til tiltak. Brevet er datert 21. mars 2003.
  • Skriftlig spørsmål fra Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A) til utdannings- og forskningsministeren

    Dokument nr. 15:365 (2002-2003)

    Innlevert: 03.03.2003

    Sendt: 04.03.2003

    Besvart: 13.03.2003 av utdannings- og forskningsminister Kristin Clemet

    Vennegruppa for Suldal folkehøgskule har søkt om godkjenning for tilskot i medhald av lov om folkehøgskular. Kva søknadsprosedyre er det ved handsaming av slike søknader, kor tid kan dei rekna med svar, og kor tid kjem eventuelt saka til handsaming i Stortinget? Vedlegg til spørsmål: Brev fra Vennegruppa for Suldal folkehøgskole til Utdannings- og forskningsdepartementet "Søknad om godkjenning av Suldal folkehøgskule".
  • Skriftlig spørsmål fra Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:338 (2002-2003)

    Innlevert: 21.02.2003

    Sendt: 24.02.2003

    Besvart: 04.03.2003 av samferdselsminister Torild Skogsholm

    I tidsskriftet "Vegen og vi" kjem det fram at det er svært få kvinner tilsette i leiande stillingar i Vegvesenet etter omstillinga. Korleis stiller statsråden seg til dette, og kva initiativ har ho teke for å medverka til auka kvinneandelen på alle nivå i denne sektoren? Vedlegg til spørsmål: Oppslag i "Vegen og vi" nr. 2 for 2003.
  • Skriftlig spørsmål fra Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:337 (2002-2003)

    Innlevert: 21.02.2003

    Sendt: 24.02.2003

    Besvart: 03.03.2003 av samferdselsminister Torild Skogsholm

    Ein av føresetnadene for bompengefinansiering av Svinesundsbrua var at dette gjorde det mogleg for Noreg å fullføre E6 gjennom Østfold nokolunde samstundes som utbygginga på svensk side, nemleg i 2008-2009. Ifølgje Göteborgs-Posten av 6. februar vert ikkje E6 i Bohuslän klar før i 2013. Har statsråden teke noko initiativ til dialog med den svenske næringsministeren om dette, og kva er hennar vurdering av saka? Vedlegg til spørsmål: Artikkel i Göteborgs-Posten den 6. februar 2003 "E 6 i Bohuslän blir inte klar förrän 2013".
  • Skriftlig spørsmål fra Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:289 (2002-2003)

    Innlevert: 06.02.2003

    Sendt: 06.02.2003

    Besvart: 13.02.2003 av samferdselsminister Torild Skogsholm

    Det vert stadig påstått at det er ein til dels stor skeivdeling av ressursar til dei ulike fylka når det gjeld investering og drift av veg. Kva er statsråden si vurdering av dette? Vedlegg til spørsmål: Pressemelding fra NHO Rogaland v/ Bjørn M. Stangeland, Regionsdirektør. "Rogaland på "bommen"".
  • Skriftlig spørsmål fra Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:202 (2002-2003)

    Innlevert: 18.12.2002

    Sendt: 19.12.2002

    Besvart: 20.12.2002 av samferdselsminister Torild Skogsholm

    Krever økningen på 4 kr (omtalt i St.prp. nr. 1 (2002-2003) kap. 1313 og 4313 Luftfartstilsynet) lovendring, og hvorfor er i tilfelle dette ikke informert om i stortingsproposisjonen? Vedlegg til spørsmål: 17. desember 2002 Stortingets samferdselskomité Karl Johans gate 22 0026 Oslo Fullfinansiering av Luftfartstilsynet Flyselskapenes Landsforening (FL) vil på anmodning av Oddbjørg Ausdal Starrfelt rette komiteens oppmerksomheten mot behandlingen av årets statsbudsjett. I listen over saker som planlegges lagt fram for Stortinget står det under Samferdselsdepartementet at en odelstingsproposisjon om endringer i luftfartsloven skal legges fram i oktober. Dette er ikke gjort. Samtidig legges det opp til i St.prp. nr. 1 (2002-2003) for Samferdselsdepartementets budsjettområde at Luftfartstilsynets gebyrinntekter skal økes fra MNOK 41 til MNOK 84,6. Denne økningen skyldes i hovedsak et såkalt sikkerhets gebyr på 4 kr pr. avreiste passasjer. I høst har det vært to høringer om denne saken. Først en høring i september med svært kort høringsfrist der vi skulle ta stilling til hvorvidt vi aksepterte en lovendring i luftfartsloven § 13-8 som gir tilsynet en svært vid fullmakt til å ilegge gebyrer, og dermed hjemle det foreslåtte generelle sikkerhetsgebyret. I høringsbrevet er dette kort beskrevet som at det skal etableres et gebyr for Luftfartstilsynets generelle regelverks arbeid og "det generelle arbeidet Luftfartstilsynet utfører". Høringsinstansene gikk generelt imot dette, og både Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) og FL stiller flere prinsipielle spørsmål ved det framlagte høringsutkastet. Begge høringsuttalelser er vedlagt med NHOs tillatelse. Det fremgår av høringsbrevet at det nye sikkerhetsgebyret forutsettes at denne lovendringen blir foretatt. Videre har vi nylig avgitt høringsuttalelse til det foreslåtte gebyrregulativet for 2003, og der er igjen sikkerhetsgebyret med, men er lite omtalt utover at det forutsetter lovendring i § 13-8. FL vil også gjøre oppmerksom på hva som ble vedtatt i behandlingen av utskillelsen av Luftfartstilsynet. I St.prp. nr. 66 (1998-99) om utskillelsen av Luftfartstilsynet skriver departementet følgende under avsnitt 1.2.7 om "Økonomi og styring": "Departementet tar utgangspunkt i at Luftfartstilsynet som hovedregel skal finansiere tilsynsoppgavene ved kostnadsbasert brukerbetaling:" (-) "Det er på det rene at det de første driftsår blir et betydelig netto tilskuddsbehov for Luftfartstilsynet som følge av at gebyrene ikke dekker kostnadene ved tjenestene, og som følge av etableringskostnader." Kostnadsrelaterte gebyrer for det konkrete tilsynet som utføres, understrekes ytterligere i kap. 3 i proposisjonen der det under 3.2 (s. 14) bl.a. står: "Departementet vil vurdere nærmere om også Luftfartstilsynets myndighetsoppgaver kan brukerfinansieres, slik at tilsynet blir en fullt ut selvfinansierende virksomhet." Denne vurderingen har ikke departementet foretatt, slik at verken vi som brukere eller Stortinget som besluttende instans, har fått anledning til å ta en vurdering av dette prinsippet. Etter opplysninger FL har fått fra Luftfartstilsynets ledelse, utgjør over en tredjedel av virksomheten myndighetsoppgaver, direktoratsoppgaver, og videre at denne andelen er sterkt voksende. FL finner det urimelig at luftfarten skal finansiere lov- og regelverksarbeidet innen luftfarten. Dette er en klart statlig oppgave som ingen andre bransjer betaler for på sine respektive områder. Fullfinansieringen av Luftfartstilsynet etter prinsippet om brukerfinansiering, snikes følgelig inn bakveien slik vi ser det. Et så viktig prinsipp burde vært forelagt Stortinget etter en skikkelig utredning, mens det nå blir pakket inn i en in blanco fullmakt i en generell lovtekst som ennå ikke er fremmet for Stortinget. Ordlyden i nye § 13-8 er foreslått slik: "Departementet kan gi forskrifter om at det skal betales gebyrer for tilsyn med sikkerheten innen luftfarten." All den tid ny § 13-8 fortsatt ikke er forelagt Stortinget, stiller vi spørsmål ved det budsjettvedtaket som er fattet for Luftfartstilsynet. FL vedlegger også høringsuttalelsen til gebyrregulativet 2003. Videre ber vi om at komiteen får avklart hvilket gebyrnivå Luftfartstilsynet skal ha for 2003, dvs. med eller uten sikkerhetsgebyr. FL ber om tilbakemelding om hvordan saken håndteres videre, og vi stiller gjerne opp i et møte om saken hvis det er ønskelig. Med hilsen Flyselskapenes landsforening Synnøva Aga Bedriftsrådgiver 3 vedlegg Kopi: Næringslivets Hovedorganisasjon