Skriftlige spørsmål og svar

Liste over skriftlige besvarelser. Skriftlige spørsmål er en kort spørsmålsform, og er ikke gjenstand for debatt i Stortinget.

Avgrens utvalget

Finn spørsmål til skriftlig besvarelse etter

Berge, Gerd Eli (1 - 9 av 9)
  • Skriftlig spørsmål fra Gerd Eli Berge (Sp) til kunnskapsministeren

    Dokument nr. 15:954 (2015-2016)

    Innlevert: 21.04.2016

    Sendt: 22.04.2016

    Besvart: 02.05.2016 av kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen

    Kan statsråden leggja fram ei oversikt som viser alle skular som har fått i årleg statsstøtte det siste tiåret og kor mykje statsstøtte kvar einskild skule har fått gruppert i private ideelle skular og private kommersielle skular?
  • Skriftlig spørsmål fra Gerd Eli Berge (Sp) til olje- og energiministeren

    Dokument nr. 15:935 (2015-2016)

    Innlevert: 18.04.2016

    Sendt: 18.04.2016

    Besvart: 25.04.2016 av olje- og energiminister Tord Lien

    Kan statsråden leggja fram oversikt over det børsnoterte Statoil sine årlege utanlandsinvesteringar med tilhøyrande avskrivingar, årlege skattbare overskot frå utanlandsinvesteringane, årleg skatt betalt til landet der utanlandsverksemda er, og årleg skatt til Noreg frå Statoil sine utanlandsinvesteringar?
  • Skriftlig spørsmål fra Gerd Eli Berge (Sp) til justis- og beredskapsministeren

    Dokument nr. 15:919 (2015-2016)

    Innlevert: 14.04.2016

    Sendt: 15.04.2016

    Rette vedkommende: Kommunal- og moderniseringsministeren

    Besvart: 22.04.2016 av kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner

    Kan statsråden visa kva lovendring som er naudsynt for at bortleige av leilegheiter etter Lov om sameige skal følgja same tidsavgrensing og krav om styregodkjenning som gjeld for bruksoverlating etter Lov om burettslag?
  • Skriftlig spørsmål fra Gerd Eli Berge (Sp) til arbeids- og sosialministeren

    Dokument nr. 15:512 (2014-2015)

    Innlevert: 29.01.2015

    Sendt: 30.01.2015

    Besvart: 05.02.2015 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

    Fast tilsetjing utan løn er ein realitet for fleire tilsette i bemanningsbyrå. Det synest som om arbeidsgjevar med denne ordninga veltar kostnader over på det offentlege. Kan statsråden leggja fram naudsynte lovendringar i arbeidsmiljølova og ev. andre lover som er påkravde for å hindra at bemanningsbyrå kan tilsetja personar i faste og mellombelse stillingar utan garantert løn?
  • Skriftlig spørsmål fra Gerd Eli Berge (Sp) til finansministeren

    Dokument nr. 15:511 (2014-2015)

    Innlevert: 29.01.2015

    Sendt: 30.01.2015

    Besvart: 09.02.2015 av finansminister Siv Jensen

    Kan statsråden gje ei oversikt over andelen personar som er innvandrarar i samsvar med noverande SSB-def. og personar med fire utanlandsfødde besteforeldre i Noreg, for kvart fylke, i byane Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger, Tromsø og Drammen og i bydelane i Oslo for perioden 1994-2014, og kan statsråden synleggjera tilsvarande tal med framskrivingar til 2040 både i samsvar med SSB sine tre hovudalternativ og med eit alternativ der innvandringa framover er lik gjennomsnittleg innvandring dei siste fem åra?
  • Skriftlig spørsmål fra Gerd Eli Berge (Sp) til arbeids- og sosialministeren

    Dokument nr. 15:207 (2014-2015)

    Innlevert: 12.11.2014

    Sendt: 13.11.2014

    Besvart: 19.11.2014 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

    Kan statsråden leggja fram oversikt over sysselsetting (i pst. av gruppe) for personar i alderen 15-74 år registrert med minst 30 timar arbeidstid per veke for i) reg. busette i Norge, ii) folkesetnaden eks. innvandrarar (SSB-def.) og norskfødde, iii) innvandrarar iv) innvandrarar frå R1, v) innvandrarar frå R2 og vi) innvandrarar frå R3?
  • Skriftlig spørsmål fra Gerd Eli Berge (Sp) til fiskeriministeren

    Dokument nr. 15:193 (2014-2015)

    Innlevert: 10.11.2014

    Sendt: 11.11.2014

    Besvart: 14.11.2014 av fiskeriminister Elisabeth Vik Aspaker

    Avisa Kvinnheringen hadde 4. november ein artikkel om eit forlete blåskjelanlegg som har lege brakk i fem år i Åkrafjorden i Hordaland. Ansvarsforholdet for opprydding har avisa ikkje klart å nøsta opp i etter at tidlegare driftsselskap gjekk konkurs i 2009. Det brakke anlegget representerer både tryggleiksrisiko, avgrensing av allemannsretten i sjøen og har miljøkonsekvensar. Kva vil statsråden gjera for å klårgjera ansvarsforholda for opprydding av slike anlegg når konsesjonshavar går konkurs?
  • Skriftlig spørsmål fra Gerd Eli Berge (Sp) til arbeids- og sosialministeren

    Dokument nr. 15:186 (2014-2015)

    Innlevert: 07.11.2014

    Sendt: 10.11.2014

    Besvart: 14.11.2014 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

    Kan statsråden leggja fram oversikt over sysselsetting (i pst. av gruppe) for personar 25-62 år registrert med minst 30 timar arbeidstid per veke for i) reg. busette i Norge, ii) folkesetnaden eks. innvandrarar og norskfødde, iii) innvandrarar (SSB-def.), iv) innvandrarar frå Norden, v) innvandrarar frå Vest-Europa utanom Norden og Tyrkia, vi) innvandrarar frå EU-land i Aust-Europa, innvandrarar frå Nord-Amerika og Oseania, vii) innvandrarar frå Asia, viii) innvandrarar frå Afrika og viiii) innvandrarar frå Sør- og M.-Amerika?
  • Skriftlig spørsmål fra Gerd Eli Berge (Sp) til arbeids- og sosialministeren

    Dokument nr. 15:175 (2014-2015)

    Innlevert: 05.11.2014

    Sendt: 06.11.2014

    Rette vedkommende: Finansministeren

    Besvart: 12.11.2014 av finansminister Siv Jensen

    Kan statsråden gjera greie for kva for kontrollrutiner og tiltak som vert gjennomført frå Folkeregisteret si side for å handheva gjeldande regelverk om faktisk og reell buadresse, og kva vil statsråden gjera for å sikra at lov om folkeregistrering vert handheva på ein betre måte enn i dag?