Skriftlige spørsmål og svar

Liste over skriftlige besvarelser. Skriftlige spørsmål er en kort spørsmålsform, og er ikke gjenstand for debatt i Stortinget.

Avgrens utvalget

Finn spørsmål til skriftlig besvarelse etter

Kjerstad, Birgit Oline (1 - 20 av 89)
  • Skriftlig spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til digitaliserings- og forvaltningsministeren

    Dokument nr. 15:540 (2024-2025)

    Innlevert: 29.11.2024

    Sendt: 02.12.2024

    Til behandling

    Kommunal- og forvaltningskomiteen skal handsame kva løns- og arbeidsvilkår uorganiserte statstilsette skal fylge i tariffperioden 2024-2026. Tidlegare Kommunal- og distriktsdepartementet, har lova Stortinget at departementet skulle fylge med på praktiseringa som vart vedteken som ei mellomløysing i vedtak nr. 819 (2021-2022), og kva som vart utslaget av ein modell der uorganiserte tilsette skulle fylge den tariffavtalen som var størst i kvar einskild verksemd. Kan statsråden gjere greie for kva evaluering som er gjort av ordninga?
  • Skriftlig spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til helse- og omsorgsministeren

    Dokument nr. 15:536 (2024-2025)

    Innlevert: 29.11.2024

    Sendt: 29.11.2024

    Til behandling

    I ein kronikk i Dagens Medisin 27. november får journalsystemet Helseplattformen stryk og kritikken er godt grunngjeve i 6 punkt. Kva faglege vurderingar har helseministeren fått gjort av om journalsystemet Helseplattforma (HP) i det heile teke bør videreførast, og har departementet vurdert og talfesta dei menneskelege belastningane og dei økonomiske konsekvensane av å binde helsetenestene i Møre og Romsdal til dette IT systemet i mange år framover?
  • Skriftlig spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til justis- og beredskapsministeren

    Dokument nr. 15:472 (2024-2025)

    Innlevert: 24.11.2024

    Sendt: 25.11.2024

    Besvart: 02.12.2024 av justis- og beredskapsminister Emilie Mehl

    Kor mange menneske har venta meir enn seks månadar på asylintervju i norske asylmottak, og kva vil justisministeren gjere for å få ned ventetida og sørge for at forvaltningsova sine krav etter § 11 a om at saker skal vere førebudd og avgjort «utan ugrunna opphald» vert fylgt?
  • Skriftlig spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til justis- og beredskapsministeren

    Dokument nr. 15:316 (2024-2025)

    Innlevert: 05.11.2024

    Sendt: 06.11.2024

    Besvart: 12.11.2024 av justis- og beredskapsminister Emilie Mehl

    Meiner statsråden at utlendingar sin rettstryggleik er ivareteken når det vert gjennomført identitetsavklarande intervju på norsk jord utført representantar frå andre land utan at advokat, tolk eller Norsk politi er til stades, og vil justisministeren gjere greie for Stortinget korleis departementet fylgjer opp Tilsynsrådet for Trandum sine tydelege tilbakemeldingar om et det som skjer er ulovleg praksis?
  • Skriftlig spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til kommunal- og distriktsministeren

    Dokument nr. 15:307 (2024-2025)

    Innlevert: 05.11.2024

    Sendt: 05.11.2024

    Besvart: 11.11.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

    Hva er provenyeffekten dersom budsjettposten for henholdsvis kommunens frie midler, KDD 571.60, økes med 6356 millioner og budsjettposten for fylkenes frie midler, KDD 472.60, økes med 2520 millioner, og ber om provenyeffekt per kommune og fylke?
  • Skriftlig spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til kommunal- og distriktsministeren

    Dokument nr. 15:245 (2024-2025)

    Innlevert: 28.10.2024

    Sendt: 29.10.2024

    Besvart: 01.11.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

    Hva er provenyeffekten dersom budsjettposten for henholdsvis kommunens frie midler, KDD 571.60, økes med 4970 millioner og budsjettposten for fylkenes frie midler, KDD 472.60, økes med 1700 millioner?
  • Skriftlig spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til justis- og beredskapsministeren

    Dokument nr. 15:13 (2024-2025)

    Innlevert: 02.10.2024

    Sendt: 02.10.2024

    Besvart: 09.10.2024 av justis- og beredskapsminister Emilie Mehl

    Eg viser til mitt spørsmål dok. nr. 15:2625(2023-2024) og svar frå Justis og beredskapsministeren 3. september 2024 om retur av asylsøkjarar til Libanon, og spør om regjeringa framleis meiner det er i tråd med flyktningekonvensjonen og barnekonvensjonen å returnere barn og asylsøkjarar til Libanon no når krigen har eskalert, og vil statsråden ta initiativ overfor UDI om å vurdere endringar for retur til Midt Austen på bakgrunn av utviklinga av krigen i regionen?
  • Skriftlig spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til justis- og beredskapsministeren

    Dokument nr. 15:2959 (2023-2024)

    Innlevert: 30.09.2024

    Sendt: 01.10.2024

    Besvart: 07.10.2024 av justis- og beredskapsminister Emilie Mehl

    Eg viser til justis- og beredskapsministeren sitt svar til meg 26. januar 2024 på spørsmål stilt 19. januar 2024 (Dok 15:985) der ministeren svara at det var bedt om ei tilleggsutgreiing frå KDI/POD med frist 1. juli 2024 i samband med tilrådinga om å overføre ansvaret for Trandum til Kriminalomsorga. Vil tilleggsutgreiinga bli gjort offentleg slik at ålmenta kan fremje synspunkt til problemstillingane, og vil justis og beredskapsministeren sørge for at det blir fatta vedtak om drift av Trandum med det første?
  • Skriftlig spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til justis- og beredskapsministeren

    Dokument nr. 15:2886 (2023-2024)

    Innlevert: 23.09.2024

    Sendt: 23.09.2024

    Besvart: 26.09.2024 av justis- og beredskapsminister Emilie Mehl

    Kva ansvar har utlendingemyndigheitene for å levere tilbake originaldokument som asylsøkjarar har levert i samband med asylsøknad, og korleis meiner ministeren det skal vere mogleg for asylsøkjarar som har bodd papirlause og ureturnerbare i landet i mange år å reise ut av landet før papira er levert tilbake av Norske styrmakter, og kan asylsøkjaren dømmast for ulovleg opphald i denne ventetida når det er UDI som ikkje har levert tilbake papira?
  • Skriftlig spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til helse- og omsorgsministeren

    Dokument nr. 15:2810 (2023-2024)

    Innlevert: 15.09.2024

    Sendt: 16.09.2024

    Besvart: 24.09.2024 av helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre

    Kva vil statsråden gjere for å sikre at pasientar i Møre og Romsdal ikkje får eit dårlegare helsetilbod, dårlegare pasienttryggleik og auka ventetid som fylgje av dei store budsjettoverskridingane og praktiske problema som har kome som direkte og indirekte fylgjer av at Helse Møre og Romsdal måtte innføre det nye journalsystemet Helseplattforma trass grundige advarslar?
  • Skriftlig spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til justis- og beredskapsministeren

    Dokument nr. 15:2806 (2023-2024)

    Innlevert: 14.09.2024

    Sendt: 16.09.2024

    Besvart: 23.09.2024 av justis- og beredskapsminister Emilie Mehl

    Vil statsråden ta initiativ til å gå gjennom rutiner for handsaming av søknader og fristar i saker som gjeld familiegjenforeining i UDI for å få korta ned sakshandsamingstida for personer som søkjer frå land der dei står i ekstra stor fare for å verte forfylgde på grunn av si legning, eller fordi dei høyrer til ei forfylgd gruppe?
  • Skriftlig spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til digitaliserings- og forvaltningsministeren

    Dokument nr. 15:2671 (2023-2024)

    Innlevert: 01.09.2024

    Sendt: 02.09.2024

    Besvart: 06.09.2024 av digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne O. Tung

    Det nederlandske datatilsynet (DPA) har nyleg gitt taxiselskapet Uber ei bot på 290 millionar euro for å ha overført personinformasjon om europeiske sjåførar ulovleg til USA. Kva blir gjort for å kontrollere at teknologiselskap ikkje bryt reglar for overføring av personopplysninger her i landet?
  • Skriftlig spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til justis- og beredskapsministeren

    Dokument nr. 15:2625 (2023-2024)

    Innlevert: 26.08.2024

    Sendt: 27.08.2024

    Besvart: 03.09.2024 av justis- og beredskapsminister Emilie Mehl

    Meiner statsråden at det er trygt å returnere asylsøkjarar og barn til Libanon med den spente situasjonen i området og krigshandlingane der, og vil statsråden gjere noko for å utsette utreisedatoar og utsending av asylsøkjarar frå Noreg til Libanon no?
  • Skriftlig spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til arbeids- og inkluderingsministeren

    Dokument nr. 15:2593 (2023-2024)

    Innlevert: 21.08.2024

    Sendt: 21.08.2024

    Besvart: 27.08.2024 av arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna

    Proba samfunnsanalyse har rekna ut at samfunnet sparer i underkant av 4 million kroner for kvar person som er omfatta av ordninga med varig lønnstilskudd frå NAV, samanlikna med full uføretrygd. Likevel er NAV-kontora sine økonomiske incentiv/fullmakter innretta slik at det blir «lønsamt» å uføretrygde. Er dette noko statsråden snart vil rydde opp i?
  • Skriftlig spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til kommunal- og distriktsministeren

    Dokument nr. 15:2523 (2023-2024)

    Innlevert: 08.08.2024

    Sendt: 09.08.2024

    Besvart: 16.08.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

    Kva vil statsråden gjere for å sikre at leigetakarar har tilgang til nødvendig rettshjelp?
  • Skriftlig spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til digitaliserings- og forvaltningsministeren

    Dokument nr. 15:2415 (2023-2024)

    Innlevert: 25.06.2024

    Sendt: 26.06.2024

    Besvart: 04.07.2024 av digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne O. Tung

    Det er usikkerhet rundt hva som er dagens krav til utformingen av de digitale betalingsløsningene, og mange med nedsatt syn opplever nå at de er utilgjengelige. Hva vil statsråden gjøre for å sikre at digitale betalingsløsninger er universelt utformet og tilgjengelige for alle?
  • Skriftlig spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til kommunal- og distriktsministeren

    Dokument nr. 15:2394 (2023-2024)

    Innlevert: 23.06.2024

    Sendt: 24.06.2024

    Besvart: 02.07.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

    Kven har eigedoms- og bruksrett til marine naturområder djupare enn minus to meter ved planlegging og gjennomføring av store inngrep i kystsona, og korleis vil Regjeringa sørge for å styre tilrettelegginga av infrastruktur til havvindsatinga utan store tap av verdfull kyst- og marin natur som ålegrasenger og tareskog, samt gyte og oppvektstområder for truga marine arter som til dømes kysttorsk?
  • Skriftlig spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til helse- og omsorgsministeren

    Dokument nr. 15:2393 (2023-2024)

    Innlevert: 23.06.2024

    Sendt: 24.06.2024

    Besvart: 02.07.2024 av helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre

    16. april 2024 gjorde Stortinget andre gongs vedtak, Lovvedtak 56 (2023-2024), om overføring av helsetenestene ved utlendingsinternatet ved Trandum til det offentlge helsevesenet, men omlegginga er enno ikkje sett i verk. Kva står att å gjere før dette kan skje, og kan statsråden stadfeste om omleginga vil være på plass før 1. oktober 2024?
  • Skriftlig spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til justis- og beredskapsministeren

    Dokument nr. 15:2018 (2023-2024)

    Innlevert: 08.05.2024

    Sendt: 10.05.2024

    Besvart: 21.05.2024 av justis- og beredskapsminister Emilie Mehl

    Norske myndigheter siden 2011 har vært forpliktet av EUs returdirektiv til å føre tilsyn med tvangsretur. Selv om mandatet ble gitt Tilsynsrådet for Trandum i januar 2023, har det 1,5 år senere, og 13 år etter at forpliktelsen ble etablert, fortsatt ikke vært mulig å igangsette monitorering av selve returene. Når vil Justis- og beredskapsdepartementet tilrettelegge for at tilsynet med tvangsretur kommer på plass?
  • Skriftlig spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til justis- og beredskapsministeren

    Dokument nr. 15:1978 (2023-2024)

    Innlevert: 05.05.2024

    Sendt: 06.05.2024

    Besvart: 21.05.2024 av justis- og beredskapsminister Emilie Mehl

    Høyringsfrist om nye reglar i pass- og ID-kortforskrifta om utanlandske statsborgarar sin rett til nasjonalt ID-kort, saksnummer 22/1246 hadde høyringsfrist 3 juni 2022. Når kan Stortinget vente at Regjeringa kjem tilbake til Stortinget med ein lovproposisjon om endringar i pass- og ID-kortforskrifta i samsvar med forslaget som var på høyring i 2022?