Skriftlige spørsmål og svar

Liste over skriftlige besvarelser. Skriftlige spørsmål er en kort spørsmålsform, og er ikke gjenstand for debatt i Stortinget.

Avgrens utvalget

Finn spørsmål til skriftlig besvarelse etter

Bjørlo, Alfred Jens (1 - 20 av 275)
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til statsministeren

    Dokument nr. 15:480 (2024-2025)

    Innlevert: 25.11.2024

    Sendt: 25.11.2024

    Til behandling

    Kan statsministeren utdjupe kva reknestykke han legg til grunn når han seier at skatteauken for norsk næringsliv siste tre år berre har vore på 0,3 mrd NOK (NHOs Eierkonferanse 25/11), og er statsministeren usamd i faktagrunnlaget lagt fram på konferansen som syner at norsk eigarskattlegging er meir enn dobla siste tre år (107 % auke) - definert som summen av endringar i selskapsskatten, utbyteskatten, samt skatt på formue knyttet til eigarskap i verksemder, og at Noreg ligg i toppen av OECD-land i denne type eigarskattlegging?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til energiministeren

    Dokument nr. 15:428 (2024-2025)

    Innlevert: 19.11.2024

    Sendt: 20.11.2024

    Til behandling

    Den midlertidige straumstøtta som vart innført i desember 2021 er i regjeringa sitt forslag til statsbudsjett foreslått forlenga til også å gjelde i 2025. Har regjeringa gjort analyser som syner kva ein kunne ha oppnådd av effektar i straumsparing og varige økonomiske gevinstar for hushaldningar, næringslivet og industrien ved å sørge for tilsvarande sum i investeringsstøtte for å gjennomføre energitiltak, i staden for berre passivt å forlenge den midlertidige straumstøtta?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til helse- og omsorgsministeren

    Dokument nr. 15:416 (2024-2025)

    Innlevert: 18.11.2024

    Sendt: 18.11.2024

    Besvart: 25.11.2024 av helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre

    Kan helseministeren garantere at Helse Vest ikkje bryt lova når dei går til direkte anskaffing av eit system for KI-basert arbeidsplanlegging frå ein eksisterande stor leverandør, etter først å ha gjennomført eit innovasjonskontraktprosjekt med ei gründerbedrift om utvikling av same type løysing, og meiner helseministeren denne framgangsmåten er i tråd med statsrådens oppdragsdokument til Helse Vest om å «...vere ein føreseieleg samarbeidspartnar for næringslivet, under dette bruke høva til innovative offentlege anskaffingar»?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til næringsministeren

    Dokument nr. 15:409 (2024-2025)

    Innlevert: 17.11.2024

    Sendt: 18.11.2024

    Besvart: 25.11.2024 av næringsminister Cecilie Myrseth

    Kan næringsministeren få fram ei oversikt over om og i kva grad det er eit auka påtrykk inn mot Innovasjon Norge sine utanlandskontor, anten generelt eller spesifikt i enkeltland/ enkeltlokasjonar, av norske gründerar, bedrifter og investorar som vurderer å flytte ut av Noreg som følgje av regjeringa og deira støtteparti sin næringsfiendtlege skattepolitikk og negative retorikk om norske gründerar og privat norsk eigarskap i bedrifter?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til finansministeren

    Dokument nr. 15:394 (2024-2025)

    Innlevert: 15.11.2024

    Sendt: 15.11.2024

    Besvart: 25.11.2024 av finansminister Trygve Slagsvold Vedum

    Er finansministeren enig med LO-leiaren, som også er sentralstyremedlem i Ap, i at "formuesskatten favoriserer grunderbedrifter" og at grunderane som gjer opprør mot regjeringas skattepolitikk berre lar seg bruke av høyresida og kapitalkreftene, og synst Finansministeren det gjev eit korrekt inntrykk av nyskapingstakta i Noreg at statsrådar i regjeringa stadig gjentar påstander om at "det skapes 5000 nye bedrifter i måneden", ref. innslag i NRK Dagsrevyen 14/11-24?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til næringsministeren

    Dokument nr. 15:330 (2024-2025)

    Innlevert: 07.11.2024

    Sendt: 07.11.2024

    Besvart: 15.11.2024 av næringsminister Cecilie Myrseth

    Kor langt er regjeringa komen med å følge opp Stortinget sitt anmodingsvedtak om å etablere ei prosjektgruppe saman med mineralnæringa som skal finne nye måtar å nytte overskotsmasser frå gruver inn i andre verdikjeder på?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til finansministeren

    Dokument nr. 15:287 (2024-2025)

    Innlevert: 03.11.2024

    Sendt: 04.11.2024

    Besvart: 11.11.2024 av finansminister Trygve Slagsvold Vedum

    Eg syner til mine tidlegare spørsmål Dok. nr. 15:868, 15:991 og 15:1051 (2022-2023) og 15:753 (2023-2024). Kan finansministeren gi ei oppdatert oversikt over kor mange personar med høg formue som har flytta høvesvis inn til og ut av Norge i 2023 og så langt i 2024 samanlikna med åra før, og samla netto skattepliktig formue for desse personane?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til statsministeren

    Dokument nr. 15:238 (2024-2025)

    Innlevert: 28.10.2024

    Sendt: 28.10.2024

    Besvart på vegne av: Statsministeren

    Besvart: 04.11.2024 av næringsminister Cecilie Myrseth

    Statsministeren tilbakeviste på NRK Dagsrevyen 22/10 den massive kritikken mot regjeringas næringspolitikk ved å vise til at «Det skapes 5-6000 nye bedrifter i måneden. De går med godt overskudd». Er påstanden om 5-6 000 nye bedrifter pr måned som går med overskudd knytt til registrering av nye juridiske einingar fråtrekt einingar som opphører (netto vekst i tal nye juridiske einingar), er det eit tal på faktisk etablerte nye bedrifter med dokumentert økonomisk aktivitet og overskudd, eller eit tal på noko heilt anna?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til kommunal- og distriktsministeren

    Dokument nr. 15:235 (2024-2025)

    Innlevert: 27.10.2024

    Sendt: 28.10.2024

    Besvart: 05.11.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

    Har Kommunal- og distriktsdepartementet no fått ei samla rapportering over alle departementa si oppfølging av fellesføringa om desentralisert arbeid i staten i sine underliggande verksemder slik at vi har oversikt over omfang og rutinar for bruk av og erfaringane med desentralisert arbeid i staten, og kan statsråden i så tilfelle oversende denne samla rapporteringa i sin heilskap til Stortinget? ‘
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til arbeids- og inkluderingsministeren

    Dokument nr. 15:173 (2024-2025)

    Innlevert: 22.10.2024

    Sendt: 22.10.2024

    Besvart: 28.10.2024 av arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna

    Morrow har fått beskjed fra politiet om at de ikke kan bruke utlendingsforskriften § 1.1 for å hente de siste 60 til 80 personene til å få produksjonen i gang. Kan statsråden forsikre oss om at hun enten vil klargjøre at dagens regler eller endre forskriften slik at regjeringens ambisjon fra batteristrategien blir realisert?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til statsministeren

    Dokument nr. 15:161 (2024-2025)

    Innlevert: 20.10.2024

    Sendt: 21.10.2024

    Besvart på vegne av: Statsministeren

    Besvart: 05.11.2024 av digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne O. Tung

    Kan statsministeren gi ei samla oversikt (fordelt på departement) over ulike handlingsplanar, vegkart, strategiar og liknande dokument med andre kreative benemningar som er lagt fram av departementa under regjeringa Støre, og ikkje er lagt fram for Stortinget for forankring i form av stortingsmelding eller som del av ein proposisjon?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til klima- og miljøministeren

    Dokument nr. 15:134 (2024-2025)

    Innlevert: 17.10.2024

    Sendt: 17.10.2024

    Besvart: 22.10.2024 av klima- og miljøminister Tore Onshuus Sandvik

    EU vedtok i 2023 avskogingsforordninga (EUDR), med omfattande krav til aktsomhet og sporbarhet på mellom anna tømmer og treprodukt. Føremålet er å redusere EU sine globale bidrag til avskoging og skogforringing, redusere klimautslepp og tap av biologisk mangfald. Vil regjeringa sørge for rask norsk tilslutning til EUDR, slik at regelverket blir operativt i Noreg samtidig som krava trer i kraft i EU frå 2025 og norske bedrifter får tilgang til EU sitt informasjonssystem?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til næringsministeren

    Dokument nr. 15:59 (2024-2025)

    Innlevert: 07.10.2024

    Sendt: 08.10.2024

    Rette vedkommende: Kommunal- og distriktsministeren

    Besvart: 17.10.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

    Den 26/9 blei 11 nye næringsklynger tatt inn i klyngeprogrammet Norwegian Innovation Clusters. Næringsministeren sa då at «De nye klyngene representerer noe av det beste fra norsk innovasjon og samarbeid på tvers av sektorer og regioner (..) og skaper noe hver enkelt ikke kunne skapt alene». Den 7/10 vart klyngeprogrammet foreslått kutta med 28 mill. NOK (ca. 20 %). Kva har skjedd mellom 26/9 og 7/10 som gjer at klyngeprogrammet som «skaper noe hver enkelt ikke kunne skapt alene» ikkje er så viktig for regjeringa likevel?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til finansministeren

    Dokument nr. 15:54 (2024-2025)

    Innlevert: 07.10.2024

    Sendt: 08.10.2024

    Besvart: 15.10.2024 av finansminister Trygve Slagsvold Vedum

    Brønnøysundregistra går i desse dagar ut til over 500.000 norske bedrifter og ber dei gå inn i eit skjema og registrere opplysingar om reelle rettighetshavarar. Kva er årsaka til at Brønnøysundregistera ikkje berre kan hente desse opplysingane frå Skatteetaten, der desse opplysingane allereie er rapportert inn av bedriftene i samband med den årlege Aksjonærregisteroppgåva?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til barne- og familieministeren

    Dokument nr. 15:18 (2024-2025)

    Innlevert: 02.10.2024

    Sendt: 03.10.2024

    Besvart: 10.10.2024 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

    Kan barne- og familieministeren stadfeste at det nyleg oppnemnde «Fødselsutvalet» vil vurdere den avvikande høge eigenbetalinga ufrivillig barnlause kvinner må betale for fertilitetsbehandling i helsetenesta både i eit likestillingsperspektiv, for å sikre sosial rettferd og for å auke fødselsraten slik det er tverrpolitisk semje om at vi ønsker?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til klima- og miljøministeren

    Dokument nr. 15:3 (2024-2025)

    Innlevert: 01.10.2024

    Sendt: 01.10.2024

    Besvart: 03.10.2024 av klima- og miljøminister Tore Onshuus Sandvik

    I den nye stortingsmeldinga om naturmangfald set ikkje regjeringa talfesta mål for vern av havet, trass i at Noreg er forplikta av ein global avtale om vern av 30 pst. av havområda. Kan regjeringa, trass i manglande ambisjonar om å ta vare på havet, i det minste snart sørge for å fatte ei avgjerd om å opprette Stad Marine Verneområde i Vestland, ei viktig vernesak til havs som har som har vore gryteklar på regjeringa sitt bord sidan juni 2023 og har brei støtte frå både fagleg hald, berørte kommuner og fiskerinæringa i området?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til arbeids- og inkluderingsministeren

    Dokument nr. 15:2896 (2023-2024)

    Innlevert: 23.09.2024

    Sendt: 24.09.2024

    Besvart: 25.09.2024 av arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna

    Det siste året har mange sjølvstendig næringsdrivande i praksis fått næringsforbod som følgje av nye innleigereglar og forbod mot bemanningsbyrå. I juni vedtok Stortinget i samband med handsaminga av eit representantforslag om saka frå Venstre og Høgre å be regjeringa vurdere eit avgrensa unntak frå arbeidsmiljølova slik at sjølvstendige IT-rådgivarar og konsulentar med spesialkompetanse fortsatt skal kunne levere arbeid og oppdrag. Kva er status for dette arbeidet og når tar statsråden sikte på at eit slikt unntak er på plass?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til helse- og omsorgsministeren

    Dokument nr. 15:2887 (2023-2024)

    Innlevert: 23.09.2024

    Sendt: 23.09.2024

    Besvart: 30.09.2024 av helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre

    Regjeringa skriv i helseberedskapsmeldinga at det er rundt 25 % sannsynlegheit for ein ny pandemi dei neste ti åra. I meldinga står det også: “Lett tilgjengelige metoder for syntetisk biologi øker risikoen for uønsket spredning av farlige smittestoffer.” (Meld. St. 5 2023-2024, 54-55). Kva gjer regjeringa for å redusere sjansen for og følgjene av ein menneskeskapt pandemi, og kva vurderingar blir gjort av verdien av å investere i forebyggande tiltak samanlikna med kva ein ny pandemi vil koste og stigande risiko for at det skjer?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til helse- og omsorgsministeren

    Dokument nr. 15:2848 (2023-2024)

    Innlevert: 19.09.2024

    Sendt: 19.09.2024

    Besvart: 27.09.2024 av helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre

    Vil helseministeren sørge for at den nedlagte operasjonsstuen ved Klinikk Alta gjenoppbygges og gjenåpnes og at Klinikk Alta videreutvikles i tråd med Stortingets føringer og bevilgninger og pasientenes behov, og hva vil helseministeren gjøre for å sikre at Finnmarkssykehuset opprettholder nødvendig sivil helseberedskap med en desentralisert struktur som også ivaretar Forsvarets behov i nord, særlig sett i lys av den dramatiske nedbyggingen ved Klinikk Alta?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til helse- og omsorgsministeren

    Dokument nr. 15:2817 (2023-2024)

    Innlevert: 16.09.2024

    Sendt: 16.09.2024

    Besvart: 23.09.2024 av helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre

    Ein nederlandsk lege med treårig spesialisering i alders- og sjukeheimsmedisin og toårig utdanning i palliativ medisin, fekk nylig avslag frå Helsedirektoratet på godkjenning av utdanninga si fordi Noreg ikkje godtar spesialiteten «sykehjemslege» eller kompetanseområdet «palliativ omsorg». Meiner helseministeren dette er ein framtidsretta og klok praksis frå norske helsestyresmakter, når vi veit at vi i åra framover vil trenge fleire legar med kompetanse på alders- og sjukeheimsmedisin og på omsorg i livets sluttfase?