Skriftlige spørsmål og svar

Liste over skriftlige besvarelser. Skriftlige spørsmål er en kort spørsmålsform, og er ikke gjenstand for debatt i Stortinget.

Avgrens utvalget

Finn spørsmål til skriftlig besvarelse etter

Sogn og Fjordane (1 - 20 av 77)
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til næringsministeren

    Dokument nr. 15:2052 (2024-2025)

    Innlevert: 28.04.2025

    Sendt: 28.04.2025

    Til behandling

    Mange oppstartsbedrifter har produkt som kunne ha vore miljømerka, men kostnader til testing, lisensiering etc. påløper før bedriftene har inntekter. Vil statsråden ta initiativ til samarbeid mellom Innovasjon Norge og Miljømerking Norge slik at kostnader til miljømerking kan dekkast i tidligfase, og dermed gjere det lettare for oppstartsbedrifter å møte miljøkrav og delta i offentlige anbod med krav om miljømerking, og også imøtekome kritikk frå Riksrevisjonen om at det er for dårlig samordning av ulike offentlege virkemiddel?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til energiministeren

    Dokument nr. 15:2049 (2024-2025)

    Innlevert: 27.04.2025

    Sendt: 28.04.2025

    Til behandling

    Den 10. april sende eg eit skriftleg spørsmål der eg etterlyste energiministeren sin reaksjon på at Regelrådet i ei ny uttale gir forslaget om Norgespris «rødt lys» og slår fast at forslaget ikkje er tilstrekkelig utgreia, er særleg uheldig for små og mellomstore bedrifter og kan bremse teknologiutvikling og straumsparing. Eg fekk eit prosessuelt svar på spørsmålet 25. april, men ikkje eit reelt svar på det eg spurde om og det Regelrådet problematiserer. Kan statsråden prøve å svare på nytt?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til digitaliserings- og forvaltningsministeren

    Dokument nr. 15:2043 (2024-2025)

    Innlevert: 27.04.2025

    Sendt: 28.04.2025

    Til behandling

    Nye tal presentert på Kampanje.com tilseier at dei fire største tech-selskapa frå USA og Kina (Google, SnapChat, Meta og TikTok) no har overtatt halvparten av det samla norske annonse- og reklamemarkedet, og tar meir og meir inntekter vekk frå redaktørstyrte media. EU vedtok allereie i 2022 regelverk som skal tøyle tech-gigantane (Digital Markets Act, DMA). Kan statsråden gjere greie for kvifor denne viktige reguleringa av globale tech-plattformer tre år etter innføringa i EU enno ikkje er på plass i Noreg, og når vil det skje?
  • Skriftlig spørsmål fra Olve Grotle (H) til fiskeri- og havministeren

    Dokument nr. 15:2034 (2024-2025)

    Innlevert: 24.04.2025

    Sendt: 28.04.2025

    Til behandling

    Er fiskeri- og havministeren samd i at deltakarlova er for firkanta og rigid ved generasjonsskifte, og vil ministeren i så fall endre praksis ved fritaksbehandling og/eller ta initiativ til nødvendig endring av regelverket?
  • Skriftlig spørsmål fra Olve Grotle (H) til finansministeren

    Dokument nr. 15:2002 (2024-2025)

    Innlevert: 22.04.2025

    Sendt: 23.04.2025

    Besvart: 28.04.2025 av finansminister Jens Stoltenberg

    Kan eg be om ein tabell som viser dei 50 verksemdene i Sogn og Fjordane som betalte mest skatt i 2023 og kor mykje dei betalte?
  • Skriftlig spørsmål fra Olve Grotle (H) til justis- og beredskapsministeren

    Dokument nr. 15:2001 (2024-2025)

    Innlevert: 22.04.2025

    Sendt: 23.04.2025

    Besvart: 28.04.2025 av justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen

    Kan eg be om ei oversikt over tal på trafikkontrollar politiet (UP) har gjennomført i Sogn og Fjordane GDE dei siste fem åra, og kva type kontrollar dette har vore?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til energiministeren

    Dokument nr. 15:1985 (2024-2025)

    Innlevert: 20.04.2025

    Sendt: 22.04.2025

    Til behandling

    Er det riktig at regjeringa ikkje har sørga for å gjere analyser av verknader for omfanget av investeringar i energieffektivisering i norske husholdningar før forslaget om «Norgespris» på strøm vart sendt på høyring, og kva syn har energiministeren på at store aktørar innanfor energieffektivisering og energisparing no ser på Noreg som eit mindre trygt og stabilt land for framtidige investeringar etter at Norgespris blei sendt på høyring utan at konsekvensar av forslaget var utgreia?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til næringsministeren

    Dokument nr. 15:1984 (2024-2025)

    Innlevert: 20.04.2025

    Sendt: 22.04.2025

    Besvart: 29.04.2025 av næringsminister Cecilie Myrseth

    Er næringsministeren enig i at det er ein uhaldbar situasjon at mange små og mellomstore bedrifter i anleggsbransjen vurderer å legge ned på grunn av stadig veksande offentleg byråkrati og stadig fleire nye forskrifter, meiner næringsministeren det er godt nok når Regelrådet opplyser at forenkling blir vektlagt i under 30% av nye reglar og forskrifter, og når vil næringsministeren følgje opp lista med forslag til forenklingar som Maskinentrepenørenes Forbund (MEF) sende over til Næringsdepartementet i januar i år?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til energiministeren

    Dokument nr. 15:1919 (2024-2025)

    Innlevert: 10.04.2025

    Sendt: 10.04.2025

    Besvart: 25.04.2025 av energiminister Terje Aasland

    Regelrådet er eit uavhengig forvaltingsorgan som skal sørge for at bedriftene våre ikkje blir påført unødvendige kostnader frå nytt/ endra regelverk. Regelrådet gir i ei ny uttale forslaget om Norgespris «rødt lys» og slår fast at forslaget ikkje er tilstrekkelig utgreia, er særleg uheldig for små og mellomstore bedrifter og kan bremse teknologiutvikling og straumsparing. Vil Energidepartementet lytte til innspela frå Regelrådet, følgje Utredningsinstruksen og gjennomføre ny høyring før ei sak blir fremja for Stortinget?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til finansministeren

    Dokument nr. 15:1906 (2024-2025)

    Innlevert: 09.04.2025

    Sendt: 09.04.2025

    Besvart: 28.04.2025 av finansminister Jens Stoltenberg

    Korleis forsvarer finansministeren at utenlandske eigarar blir skjerma for formuesskatt av omsyn til investeringar og kapitaltilgang, mens norske småbedriftseigarar blir ilagt formuesskatt på arbeidande kapital dei ikkje har realisert, og samtidig blir nekta rettslig prøving fordi staten hevdar dei ikkje har rettslig interesse – til tross for at skatten må betalast med midlar som ikkje finst tilgjengelig for mange eigarar av småbedrifter?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til helse- og omsorgsministeren

    Dokument nr. 15:1845 (2024-2025)

    Innlevert: 04.04.2025

    Sendt: 04.04.2025

    Besvart: 09.04.2025 av helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre

    Modum Bad fremmer psykisk helse og livskvalitet gjennom behandling, forsking og forebygging. Dei har kapasitet og vilje til å hjelpe fleire, men får ikkje lov. Vil statsråden sørge for at ideelle aktørar som Modum Bad igjen får gjere eigne rettighetsvurderingar og få større fridom til å bruke sin kapasitet der behovet er størst?
  • Skriftlig spørsmål fra Erling Sande (Sp) til næringsministeren

    Dokument nr. 15:1797 (2024-2025)

    Innlevert: 29.03.2025

    Sendt: 31.03.2025

    Besvart: 07.04.2025 av næringsminister Cecilie Myrseth

    NHO, Rekneskap Noreg og Revisorforeininga meiner skjemavelde kostar små og mellomstore bedrifter 20 mrd. kroner per år. Dei etterspør m.a. at staten (1) identifiserer og fjernar rapporteringsplikter som ikkje lenger er relevante eller vert brukte til noko, (2) fjernar dobbeltrapportering og (3) utviklar betre og meir samanhengande tenester på tvers av etatane. Er næringsministeren i gang med å iverksetje desse tiltaka, og når kan bedriftene vente å få ei innsparing som fylgje av eit eventuelt slikt arbeid?
  • Skriftlig spørsmål fra Erling Sande (Sp) til klima- og miljøministeren

    Dokument nr. 15:1795 (2024-2025)

    Innlevert: 28.03.2025

    Sendt: 31.03.2025

    Besvart: 07.04.2025 av klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen

    Pukkindustrien melder om ei betydeleg auke i saksbehandlingstida for å kunne drive med mottak av massar som skal deponerast på ein trygg og sikker måte. Kan statsråden stadfeste om dette medfører riktigheit og om det i så tilfelle vil bli tatt initiativ frå departementet si side til igangsetting av grep som kan forenkle søknadsprosessane og vidare korte ned saksbehandlingstida?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til fiskeri- og havministeren

    Dokument nr. 15:1760 (2024-2025)

    Innlevert: 27.03.2025

    Sendt: 27.03.2025

    Besvart: 04.04.2025 av fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss

    Russland har dei siste tre åra tent over 5 mrd NOK på at russiske fartøy får lov å lande fisk i norske hamner. Noreg importerte i 2024 meir fisk frå Russland enn nokon gong, dobbelt så mykje som i 2023. Mykje av denne russiske fisken blir etter prosessering eksportert tollfritt til EU som norsk fisk. Meiner statsråden at denne praksisen er problematisk, og vil ho i tilfelle foreta seg noko anna for å stoppe denne tilførselen av milliardbeløp inn i Russlands krigsøkonomi enn å «følge situasjonen nøye», jf. sak i NRK 5. mars 2025?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til statsministeren

    Dokument nr. 15:1758 (2024-2025)

    Innlevert: 27.03.2025

    Sendt: 27.03.2025

    Rette vedkommende: Digitaliserings- og forvaltningsministeren

    Besvart: 03.04.2025 av digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne O. Tung

    Regjeringa har proklamert ein «tillitsreform» for å redusere detaljstyringa og auke handlingsrommet for tilsette i offentleg sektor. Samtidig har Helseministeren beordra alle landets sjukehus til å skrive og levere inn ventetidsrapportar til departementet kvar einaste veke, jmf sak i Dagens Medisin 26/3. Korleis meiner Statsministeren at ei slik overivrig detaljstyring og auka byråkratisering av sjukehusa frå Helseministeren, passar inn i ambisjonen om at tillitsreformen skal vere eitt av regjeringa sine viktigaste prosjekt?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til næringsministeren

    Dokument nr. 15:1720 (2024-2025)

    Innlevert: 23.03.2025

    Sendt: 24.03.2025

    Besvart: 31.03.2025 av næringsminister Cecilie Myrseth

    Regjeringa har over lang tid gitt inntrykk av å ønskje ei satsing på reiselivet i Noreg. Etter snart fire år i regjering er det likevel få konkrete resultat av den uttrykte ambisjonen, og heller ingen konkrete planlagde tiltak eller mål for satsinga, utover auka skattar. Regjeringa.no si temaside for reiseliv er ikkje oppdatert sidan november, då regjeringa sende forslaget om innføring av turistskatt på høyring. Korleis vil regjeringa konkret følgje opp si uttalte satsing på reiseliv, utover innføringa av ein turistskatt?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:1683 (2024-2025)

    Innlevert: 20.03.2025

    Sendt: 20.03.2025

    Besvart: 26.03.2025 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

    Noreg er elbil-land nr 1. I 2025 skal alle nye bilar vere ebilar, og det er krav om elbil i drosjeløyve og offentlege bilkjøp. Likevel er ladeinfrastrukturen mange stader fråverande, til dømes i ytre del av Stad kommune i Vestland, eitt av landets mest populære reisemål om sommaren. Her er den einaste ladestasjonen fjerna, og kommune og offentleg eigde ladeselskap skuldar på kvarandre og driv «peikeleiken». Kva vil Statsråden gjere for at det skal bli reelt mulig å lade elbil og bevege seg utsleppsfritt over heile landet?
  • Skriftlig spørsmål fra Erling Sande (Sp) til kommunal- og distriktsministeren

    Dokument nr. 15:1643 (2024-2025)

    Innlevert: 17.03.2025

    Sendt: 18.03.2025

    Besvart: 24.03.2025 av kommunal- og distriktsminister Kjersti Stenseng

    Kor mange mandat vil Sogn og Fjordane miste om Frp får gjennomslag for at fordelinga av mandat berre blir rekna ut frå innbyggjartal?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til klima- og miljøministeren

    Dokument nr. 15:1623 (2024-2025)

    Innlevert: 16.03.2025

    Sendt: 17.03.2025

    Besvart: 21.03.2025 av klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen

    Vil statsråden sørge for ei snarleg avgjerd i klagesaka på Miljødirektoratet si vraking av Kvåsfossen i Agder som eitt av fire autoriserte Besøkssenter for Villaks i Noreg, og vil statsråden sørge for at utpeikinga av kva som skal vere det autoriserte besøkssenteret på Sørlandet skjer på eit objektivt og rettferdig grunnlag ut frå kriteria som er sette og den dokumentasjonen som er sendt inn frå Kvåsfossen i klagesaka?
  • Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til arbeids- og inkluderingsministeren

    Dokument nr. 15:1616 (2024-2025)

    Innlevert: 16.03.2025

    Sendt: 17.03.2025

    Besvart: 21.03.2025 av arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna

    Tilgang på kompetanse og kvalifisert arbeidskraft er ein av dei mest kritiske faktorane for norsk konkurransekraft. Korleis følger statsråden opp vedtaket gjort av Stortinget tidligare i år om snarast mulig å få ned saksbehandlingstida for høgkompetent arbeidskraft frå tredjeland betydeleg, og vil statsråden vurdere å etablere eit hurtigspor for arbeidsinnvandrarar med fagutdanning tilsvarande dansk praksis gjennom SIRI (Styrelsen for International Rekruttering og Integration) med formål om å styrke norsk konkurransekraft?