Interpellasjoner

Liste over interpellasjoner fremført av representantene og besvart av statsrådene.

Avgrens utvalget

Finn interpellasjon etter

Holte, Jørgen (1 - 2 av 2)
  • Interpellasjon fra Jørgen Holte (Sp) til landbruksministeren

    Interpellasjon nr. 17 (1995-96)

    Datert: 29.02.1996

    Besvart: 04.06.1996 av landbruksminister Gunhild Elise Øyangen

    "Landbruksdepartementet si politiske leiing har ved fleire høve i det siste gitt uttrykk for at samvirkeorganisasjonane i landbruket har ei distriktspolitisk oppgåve gjennom lokalisering av foredlingsanlegg. Statsråden uttala seinast i spørjetimen 21. februar 1996 at nedlegging av meierianlegg ikkje er ei ønska utvikling, men heller ikkje ei sak statsråden føler ansvar for. Meiner statsråden at kostnadane i omsetningsledda og strukturen i næringsmiddelindustrien har vore Regjeringa uvedkomande til dømes ved utforming av landbrukspolitikken gjennom St.prp. nr. 8 for 1992-93, staten si rolle i jordbruksforhandlingane og gjennom virkemiddel som er stilt til rådvelde gjennom St.prp. nr. 60 for 1993-94?"
  • Interpellasjon fra Jørgen Holte (Sp) til kommunal- og arbeidsministeren

    Interpellasjon nr. 7 (1994-95)

    Datert: 25.03.1994

    Besvart: 24.10.1994 av kommunal- og arbeidsminister Gunnar Berge

    "Ved handsaming av St.meld. nr. 15 for 1991-92 om tiltak mot brann, sa komitefleirtalet at departementet ved oppretting av nødmeldingssentralar bør søkje mest mulig frivillige løysingar, slik at ein ikkje fattar vedtak på tvers av lokale omsyn. Mange kommunar har i samarbeid etablert vaktsentralar, som fagleg fungerer godt. Døme viser at slike løysingar også vil gje økonomiske føremoner samanlikna med å opprette store vaktsentralar baserte på politidistrikt. På tross av dette opplever vi at departementet ikkje vil godkjenne lokale løysingar, slik Stortinget har bede om. Kva vil statsråden gjere for at stortingsfleirtalet sin intensjon blir følgt opp, og vil statsråden på nytt vurdere dei vaktsentralane som har søkt om godkjenning i samsvar med stortingsfleirtalet sitt syn, men som har fått avslag?"