Interpellasjoner

Liste over interpellasjoner fremført av representantene og besvart av statsrådene.

Avgrens utvalget

Finn interpellasjon etter

Rønningen, Børre (1 - 6 av 6)
  • Interpellasjon fra Børre Rønningen (SV) til kommunal- og arbeidsministeren

    Interpellasjon nr. 2 (1995-96)

    Datert: 07.02.1995

    Spørsmålet er trukket tilbake

    "I distriktspolitikken har det vore brei politisk semje om eit sett av verkemiddel for å tilstrebe like konkurransevilkår for næringslivet i by og land. Utlikning av avstandsulemper, differensiert arbeidsgjevaravgift, like tenester og like enhetsprisar frå forvalting og forvaltingsbedrifter er døme på dette. Bortfall av transportstøtte, einsidige lønnsomhetskrav i forvaltingsbedrifter og frå SND bryt med tidlegare mål. Omorganiseringa i forvaltingsbedriftene flytter politiske prioriteringar over til lukka administrasjonar og styremøter. Er ikkje statsråden, som har det overordna ansvar for distriktspolitikken, bekymra over denne saneringa av distriktspolitiske verkemiddel, og kva for konkrete tiltak/verkemiddel vil statsråden sette inn som erstatning?"
  • Interpellasjon fra Børre Rønningen (SV) til nærings- og energiministeren

    Interpellasjon nr. 14 (1994-95)

    Datert: 11.11.1994

    Besvart: 09.03.1995 av nærings- og energiminister Jens Stoltenberg

    "I 1906 la Johan Castberg inn følgende interpellasjon for Stortinget: "Hva akter Regjeringen å foreta til forebyggelse av at vårt lands vannkraft mer og mer går over i utenlandske hender?" I 1994 er dette på nytt blitt en aktuell problemstilling. Dette på bakgrunn i markedstilpasningen gjennom energiloven, inngåelser av kraftavtaler med utlandet og mulige konsekvenser av EØS-avtalen når det gjelder eierskap og EUs framtidige planer for et felles liberalisert energimarked. Hvilke tiltak vil statsråden treffe for å sikre framtidig norsk eierskap og styring over vannkraftressurs og produksjonsapparat, nødvendig krafttilgang til landbasert industri og virksomhet og forhindre at Norge i for stor grad blir en råvareeksportør?"
  • Interpellasjon fra Børre Rønningen (SV) til nærings- og energiministeren

    Interpellasjon nr. 4 (1992-93)

    Datert: 17.12.1991

    Besvart: 28.05.1993 av nærings- og energiminister Finn Kristensen

    "I ei oversikt som SV fekk utarbeidd for året 1991, visa det seg at berre inntil halvparten av løyvingane til DU, Industrifondet og Småbedriftsfondet vart brukte. DU brukte pr. 31.10.91 berre 50% av ei totalramme lokalt på 528,3 mill. kroner. Når det gjaldt Industrifondet vart mellom 2,5 og 50% av rammene til garantiar, FOU og gjeldsbrevlån brukte dette året. Situasjonen var den samme for Småbedriftsfondet. I 1992 var situasjonen om lag den samme med ubrukte løyvingar på ca. 1,4 mrd. kroner på tampen av budsjettåret. Dette er alvorleg i ei tid der landet treng knoppskyting, omstilling og auka verdiskaping i arbeids- og næringsliv. Korleis er situasjonen i dag for nyskapningen SND, og kva for tiltak vil Regjeringa eventuelt setje i verk for å nå politiske mål og sikre at løyvingane under SND vert brukte etter intensjonane?"
  • Interpellasjon fra Børre Rønningen (SV) til kommunalministeren

    Interpellasjon nr. 24 (1991-92)

    Datert: 28.01.1992

    Besvart: 07.05.1992 av kommunalminister Kjell Borgen

    "Trass i at Regjeringa ved fleire høve i 1991 signaliserte at det vart arbeidt med ulike gjeldslettetiltak, så visar statistikk for 1991 framleis ein auke av utkastingar frå bustad. Over 4 800 familiar og einslege med betalingsvanskar vart i 1991 kasta ut av sine heimar og dette er 1 300 fleire enn i 1990! Dårleg økonomi grunna ledighet, dyre lån (høg rente, kort avdragstid, gebyrer) og til dels agressive bankar, er noko av årsaka. Statsbankane er ikkje noko unnatak. Kva for strakstiltak vil statsråden sette inn for gjeldstynga husstandar, og når vil Husbankens regelverk bli endra med sikte på større handlefridom og smidighet knytt til tiltak som refinansiering, gjelds- og rentefrys, forlenga avdragstid m.m.?"
  • Interpellasjon fra Børre Rønningen (SV) til kommunalministeren

    Interpellasjon nr. 22 (1990-91)

    Datert: 11.01.1991

    Besvart: 21.03.1991 av kommunalminister Kjell Borgen

    "Over 3 500 familier og einslege med betalingsvanskar vart kasta ut av sin bustad i 1990. Dette inneber ein auke på om lag 25% i høve til 1989. Hovedtyngda av dei som ikkje klarar sine forpliktelsar er yngre familiar. Arbeidsløysa og situasjonen på kredittmarknaden er vesentlege årsaker til at stadig fleire må gå frå hus og heim. Situasjonen er særleg vanskeleg for dei mange der huset må realiserast til prisar langt under faktisk gjeld, slik at dei vert ståande utan bustad og med stor gjeld. Kva for tiltak vil statsråden sette inn på kort og lang sikt for å betre situasjonen for alle dei som har problem med å betjene bustadlåna til dømes i Husbanken?"
  • Interpellasjon fra Børre Rønningen (SV) til arbeids- og administrasjonsministeren

    Interpellasjon nr. 5 (1990-91)

    Datert: 27.03.1990

    Besvart: 09.10.1990 av arbeids- og administrasjonsminister Kristin Clemet

    "Føremålet med arbeidsmarknadspolitikken skal vera å formidle arbeidssøkarar til ordinært arbeid. I dagens situasjon med høg og stabil arbeidsledighet lykkast ein ikkje i å nå dette hovedmålet. Det er frå fleire hald dokumentert at ledighet kan føre til store sosiale, psykiske og økonomiske problem for den einskilde. Særleg alvorleg er det at fleire og fleire av dei ledige havnar i sosialkøen. Kva vil Regjeringa gjera for å redusere den sosiale, psykiske og økonomiske belastninga for den einskilde arbeidsledige?"