Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Delegasjonen for arktisk parlamentarisk samarbeid

Stortinget oppretta i 2009 ein fast delegasjon for arktisk parlamentarisk samarbeid. Bakgrunnen for etableringa er ei stigande interesse for Arktis både hos dei arktiske landa og i ei rekkje land utanfor denne krinsen. Viktige sektorar er energi, klimaendringar og miljø, maritim transport, helse og utdanning.

Arktisk parlamentarikerkonferanse logo.

Medlemmene i delegasjonen 

Delegasjonen har seks medlemmer og seks varamedlemmer.

Sjå oversikt over medlemmene i delegasjonen

Kontaktinformasjon

Sekretariatsfunksjonen for Delegasjonen for arktisk parlamentarisk samarbeid blir teken hand om av internasjonal avdeling.

postmottak.internasjonal@stortinget.no

Om arktisk parlamentarisk samarbeid og den norske delegasjonen 

Det arktiske parlamentarikarsamarbeidet består av representantar frå parlamenta i dei fem nordiske landa og frå parlamenta i Canada, Russland og USA og Europaparlamentet. Seks organisasjonar som representerer urbefolkninga i dei arktiske områda, er permanente deltakarar. I tillegg deltek fleire land og parlamentarikarorganisasjonar som observatørar. Parlamentarikarane har tett kontakt med regjeringssamarbeidet i Arktisk råd. 
 
Samarbeidet starta i 1993 og Stortinget oppretta ein fast delegasjon 22. oktober 2009. Levevilkåra for befolkninga som bur i Arktis, berekraftig utnytting av naturressursane, sjøfart i Arktis og samarbeid om forsking og utdanning er blant temaa i det arktiske samarbeidet. 
 
Leiaren av Stortingets delegasjon for arktisk parlamentarisk samarbeid representerer Stortinget i Den arktiske parlamentarikarkomiteen. Komiteen møtest tre–fire gonger årleg og har 1–2 medlemmer frå kvart av medlemsparlamenta. 
 
Kvart anna år blir den arktiske parlamentarikarkonferansen arrangert der heile den arktiske delegasjonen frå Stortinget deltek. 

Aktuelt